Skjåks historie frå istida til år 1000

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinalder og bronsealder (8000-500 f. Kr.)

Ca. år 7000 f.Kr. er bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene. Det er ingen sikre spor etter folk i eldre steinalder (8000-4000 f. Kr.) innan kommunegrensene, men funn av flint og kvartsitt på buplassar ved Aursjoen og Hellstuguvatnet, og ei flintflekke (reiskaps-/våpenemne) på Lomsegga kan vera så gamle. Det er sannsynleg at små flokkar av jegerar/sankarar har streifa rundt i området også i eldre steinalder. Ein hovudressurs har i så fall vore reinsflokkane. Dei påviste buplassane ligg strategisk til ved kjende reinstrekk.

Den skilsetjande endringa frå eldre- til yngre steinalder (4000-1800 f.Kr.) er innføringa av jordbruk. I 1993 vart det funne ei steinøks på Pollodden i Billingsdalen, som kan tidfestast til ca. 2500 f. Kr. Den blir knytt til den såkalla stridsøkskulturen, som var ein jordbrukskultur frå yngre steinalder. Frå tidsrommet 2500-2000 f. Kr. er det ved pollenanalyser påvist jordbruk i nabobygda Lesja. I Åmotsgrenda i Skjåk (ved Uppnose og Dønfoss) er det tidlegare funne ein skiferdolk og ein flintdolk, som blir tidfesta til overgangen steinalder-bronsealder (ca. 1800 f.Kr.). Same tidfestinga gjeld ein pilspiss frå Bakke i Reppen.


Eldre jernalder (500 f. Kr. - 600 e. Kr.)

Ved overgangen til jernalderen hadde det altså truleg vore drive jordbruk i Skjåk i eit par tusen år allereie. Dei eldste gardsnamna i bygda, som for fyrste gong gjev oss konturane av eit busetjingsmønster, kan gå attende til tida kring Kristi fødsel. Det gjeld -heim-namna (Risheim og Kvålheim i Skjåk sokn, Lindsheim, Bruheim, Jemnheim og Harsheim i Nordberg), og det gjeld -vin-namna (Lykre, Hyrve og det forsvunne «Skodin», alle i Nordberg). Namna som endar på -lo (Geilo, Soglo, Marlo) og ein del andre gardsnamn som Bøje, Hole, Kvåle og fleire kan likeins skrive seg frå eldre jernalder.

Både i yngre steinalder/bronsealder og i jernalderen har jordbruket vore drive i kombinasjon med jakt og fangst. Dei mange fangstanlegga for elg og rein i Skjåk har nok hatt som føresetnad ein permanent jordbruksbusetnad i bygda. Ei fangstgrop for elg ved Åmot vart arkeologisk granska i 1991. Dateringar av trekolprøver frå gropa indikerer at den har vore i bruk med eller utan avbrot i nær halvtanna tusen år. Den eldste av tre prøver vart tidfesta til ein stad mellom år 220 og 570 e. Kr., altså eldre jernalder. Men slike anlegg kan for den saks skuld godt ha vore i bruk i yngre steinalder. Dei to andre prøvene vart daterte til høvesvis 1275-1410 (høg- og seinmellomalder) og 1500-1635 (tidleg nytid).

Yngre jernalder (600-1000)

I yngre jernalder (merovingartid 600-800, vikingtid 800-1050) får vi tillegg til gardsnamna også gravfunn i Skjåk som hjelp til å kartleggje busetjing og samfunnsform. Det er gravfunn frå merovingartida (ca. 20 enkeltgjenstandar) frå Roen (Teigomsgrenda), Harsheim (Bruheimsgrenda), Hole (Norda Aura), Brandsar og Tråstad i Reppen og på HoløGeilostronda. Frå vikingtida er det noko over 20 gravfunn med over 60 enkeltgjenstandar, spreidd over heile bygda nord til Nyhus (Bysjet) i Åmotskrinsen. Ei rekkje gardsnamn kan tidfestast til yngre jernalder, mellom anna dei som endar på -stad og -ar. I Skjåk bygdebok bd. 1 blir det rekna med ca. 60 gardsbruk i bygda ved år 1000.

I fleire fjelldalar i og rundt Skjåk er det påvist større samlingar av hustufter som venteleg skriv seg frå førhistorisk tid eller tidleg mellomalder. Det gjeld ved Vuluvatnet (Nysetra) og ved Liavatnet i Skjåk, ved Fellingsvatnet og Løstulen i Lesja og dessutan i Finndalen i Lom og Vågå. Områda i nabokommunane har relevans også for den snevrare bygdehistoria for Skjåk, da dei nemnde områda har vore utnytta til setring frå Skjåk-sida. For Finndalens vedkomande gjeld det den dag i dag. Ei form for setring er det også nærliggjande å tenkje seg knytta til dei løyndomsfulle tuftene. Dessutan kan husa ha vore nytta i samband med bruken av dei store reinfangstanlegga i områda. Men ein kan heller ikkje utelukke heilårs busetning. Alle desse «fjellgrendene» ligg rett nok nær eller godt over dagens vekstgrense for korn (700 m.o.h.). Men ved Nysetra i Lordalen (Lesja) er det påvist kornpollen i ei jordprøve datert til vikingtid (ca. 800), og den staden ligg på meir enn 900 m.o.h. Eit mildare klima på den tida styrkar tanken om fast busetjing i fjellgrender, i tilfelle venteleg basert på ein kombinasjon av jordbruk for sjølvforsyning og jakt til byttehandel.


Kjelder

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok. Historia fram til 1537. Skjåk kommune 1994