Skodje og Vatne prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skodje og Vatne prestegjeld vart utskilt frå Borgund prestegjeld den 12. januar 1858 med verknad frå 1. mai same året.

I 1915 vart garden Hesseberg, gnr. 1 bnr. 1–3 i Skodje, overført frå Skodje sokn og herad til Borgund sokn og herad. Neste grenseendring kom i 1963, då øya Dryna og Vatne kommune sitt område på Miøy med verknad frå 1. januar 1965 vart overført frå Vatne sokn til Sør-Aukra sokn i Aukra prestegjeld.

I 1966 vart Skodje og Vatne prestegjeld nedlagt. Vatne sokn blei slått saman med fastlandsdelen av Haram prestegjeld til det nye Vatne prestegjeld, medan Skodje sokn vart overført til Ørskog prestegjeld.

Kjelder