Skogly (Bykle gnr 5/32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogly
Rydda: 1972
Utskilt: 1988
Stad: Berdalsbru
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 5
Bnr: 32
Type: Bustadseigedom

Skogly er ein bustadseigedom ved Berdalsbru i Bykle kommune. I 1972 sette Olav Tallaksson i Nigard opp to hus på Berdalsbru, eitt for kvar av dei to yngste borna sine. Anne fekk bnr 33, som ho sidan kom til å selje til hyttefolk, men Trygve valde å slå seg ned her.

  • Trygve Olavsson Hoslemo, f 1963
g 1996 m Ragnhild Åvesland, f 1970. Born:
  • Malene, f 1995
  • Bjørn Tore, f 1997
  • Emil, f 2000
  • Ingebjørg, f 2003

Ragnhild kjem frå Eiken, og er dotter åt Gerd og Alfred Emil Åvesland. Ho kom til Bykle som omsorgsarbeidar på bygdeheimen i 1993. Ho og Trygve gifte seg i 1996. Det året bygde dei også på stoga her, og gjorde henne omlag dobbelt så stor som ho hadde vore.

Trygve arbeidde ein periode som bussjåfør for Setesdal Bilruter, men dei siste åra har han køyrt ambulanse for Håkon O. Breive. Frå nyttår 2004 har han og Åsmund G. Tveiten teke over ambulanseforretninga.


0941 Bykle komm.png Skogly (Bykle gnr 5/32) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bergsland • Neste bolk: Vatnedalen

Koordinater: 59.4436° N 7.41107° Ø