Skulehistorie i Askvoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Askvoll skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Askvoll kommune si skulehistorie.

I Askvold prestegjeld vart den første skulefundasen utarbeidd i 1743. Denne gjev eit oversikt over reglar for skuleverket, som i starten fungerte som omgangsskule. Prestegjeldet var på den tida delt i fire sokn, og kvart av desse skulle ha ein eigen skulemeister. Denne læraren som reiste rundt skulle få kost og losji rundt om på gardane der han underviste. Bygdefolket hadde også plikt til å skysse lærarane mellom krinsane.

I 1990 kom ei stor kommuneregulering langs Dalsfjorden, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Oversikt over skulekrinsar

Namn på krins Årstal 1 Årstal 2 Kommentar
Askvoll krins 1891 1896
Eide krins (Askvoll) 1891 1896
Stavenes krins 1891 1896
Mjåset krins 1891 1896
Holevika krins 1891 1896
Eimind krins 1891 1896
Høyvika krins (Askvoll) 1891 1896
Hærland krins 1891 1896
Gjerdvika krins 1891 1896
Leirvåg krins 1891 1896
Vilnes krins 1891 1896
Olset krins 1891 1896
Værlandet krins 1891 1896
Bulandet krins 1891 1896
Holmedal krins Tidlegare Fjaler
Rivedal krins
Vårdal krins
Ringstad krins

Krinsar som var ein del av Askvoll, men som no ligg i Fjaler:

Fure krins

Furset krins

Korssundet krins

Folkestad krins

Våge krins (Askvoll/Fjaler kommune)

Skuleveg

Jens Stubseid, født i 1882 fortel om skulevegen "Me hadde som regel lang skuleveg. Men vegar fanst omtrent ikkje i heile prestegjeldet. Skulen gjekk på omgang, 14 dagar og 3 veker på kvar stad. Det var tre skulekrinsar, og same kvar skulen var, hadde ein minst 6 km. veg, med tresko på beina."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmeldingar frå Askvoll:
    • Indberetning om Folkeskolen i Askvold (Søndfjord) for femaaret 1891-1895. Florø, N.B. Amtstidenes trykkeri
    • Beretning om Askvolds folkeskoler for femaaret 1896-1000. Florø, A. Johannesens Bog- og Akcidentstrykkeri, 1901.
  • Sogn og Fjordane I manns minne Daglegliv ved hundreårsskiftet, 1973 Sverre Myklebust (Red) Det Norske Samlaget, Oslo Tilgjengelig på Nasjonalbiblioteket

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Askvoll er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.