Skulehistorie i Jølster

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Jølster skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Jølster kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Ei ny lov i 1739 innførte skuleplikt i Noreg frå sjuårsalderen fram til konfirmasjonen. Lova påla også prestegjelda å vedta fundasar for skulen i sitt distrikt. I Jølster vart ein slik fundas vedteken i 1743.[1]

Oversyn over skulekrinsar

Før 1890 1891 1896 1898 1901 1947 50-talet 1960 1964 1968 1969 1970 1972
Eikaas Eikaas Vassenden
Fluge
Gjesdal
Svidal Aalhus
Aalhus
Sandal Sandal
Myklebust
Dalen Sunde Skei Skei
Sunde
Vikens Vikens Vikens Skei Skei
Skrede
Søgnesand
Veiteberg
Klakeg Klakeg
Hegheim
(Førde i Breim kommune før 1964) Førde
Navnløs (Haugen) Aamodt
Aardal Åardal
Helgheim
Hammer

Skulekrinsar

Det var i 1895 skulehus i 13 av dei 15 krinsane. Desse skulehusa var omtrent like store - 6x6x3 meter - med eit klasserom og eit kammers til læraren. Skulehusa i Helgheim og Aalhus var noko mindre, og i Gjesdal, Svidal og Søgnesand leigde dei lokale på gardane.

Skuleveg

Ifølgje Plan for folkeskularne i Jølster 1913 kunne skular med 20 eller fleire elevar, kor skulevegen var "lang og mødsam" delast så at barna i storskulen var i ei klasse, medan småskulen kunne delast i mindre klassar med kvar sine skulestadar.

Skuledagen

1890-talet og tidleg 1900-tal

I 1896 fekk skulestyret i Jølster ei førespurnad om to gutar kunne skrivast ut av skulen. Dette var mot skulelova, og dei fekk avslag. Skulestyret nytta også anledninga til å minne tilsynsmennene i krinsane om at også born som var konfirmert skulle gå i folkeskulen til dei var ferdig eksaminerte der. Gjorde dei ikkje det, kunne foreldra ileggjast bot.[2] Tilsvarande vedtok skulestyret i 1898 at

Børn under 15 år der fremstiller sig til afgangsprøve uden at have nået skolens mål, skal for fremtiden tilhldes at fortsætte sin skolegang til det skoleårs slutning, hvori de fylder 15 år, uden hensyn til konfirmasjonen.[3]

Altså: frå no av var det ikkje mogleg å snike seg unna skulegangen ved å konfirmere seg tidleg. Det kan virke som tilsynsutvala stramma inn både etter vedtaket i 1896 og 1898. I åra 1896-98 var det behandla fleire sakar enn i åra før kor det var ønske om at born kunne avslutte skulegangen. Nokre fekk også ja. Etter 1898 er det også fleire år med søknadar om fritak frå skule for eldre born. Ein gut viser seg mellom anna å ha starta i framhaldsskulen uten å ha gjort seg ferdig med folkeskulen. I andre døme er det gjort forsøk på å søkje om fritak frå folkeskulen, men då ein finn at dei borna det gjeld har utilfredstillande resultat ved prøve hos stilsynsutvalet, sendast dei tilbake til folkeskulen.

1913

Skuleåret vart i 1913 rekna frå 1. april til 31. mars. Nye elevar vart tekene opp i skulen i starten av året. Sist i skuleåret var det opp til læraren å avgjere kven av elevane som skulle oppflyttast i høgare klasser. Det vert held ei årsprøve på slutten av skuleåret for dei fleste elevane, og ei avgangsprøve for dei elevane som var ferdige med skulen. Skuledagen skulle etter Plan for folkeskularne i Jølster 1913 starte med bøn og salmesong. Fråvær måtte noterast av lærar. I planen står det også at "borni skal hava viss plass i skulen, og gutar og gjentor maa ikkje sitja um einannan. Dei maa sitja sømeleg, og soleis at dei ikkje fær mein av det". Barna skulle ha 5-10 min. pause mellom kvar time, og ein timeslang pause etter tre timar skule. "Likamleg refsing" var berre tillet i dei krinsane kor dette var vedteke.

Opplæringa

I Plan for folkeskularne i Jølster 1913 er målet for opplæringa sagt å vere "aa hjelpe barnet fram til fullt medvitande kristenliv og til aa verta gode og dugande samfundslemer." Det verkar riktignok ikkje som heile befolkning dela oppfattinga av dette undervisingsmålet, då det i Femårsmeldinga for folkeskulen i Jølster 1891-1895 bemerkast at ein hev eit problem med å halde borna i skulen etter konfirmasjonen. Dette fordi folk flest ansåg konfirmasjonen som målet for undervisninga, og dermed ikkje såg behov for meir skulegong sjølv om elevane ikkje naudsyntvis hadde lært alt dei skulle.

Det vart undervist i kristendom, norsk, soga, landkunna, rekning, skrivning og song. Det var også opplæring i teikning, handarbeid (sløyd for gutar og saum for jentar).

Timedeilingi (1913)
Læregreinen Ukløyvd skule 2 kløyvd skule 3 kløyvd skule 4 kløyvd skule
1stre deild 2dre deild 1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

2 deild

3die klasse

1ste deild

1ste klasse

2dre deild

2dre klasse

2dre deild

3die klasse

2dre deild

4de klasse

Kristendom 6 6 6 6 6 6 6 6 6 6 6
Norsk 9 11 9 12 9 11 12 8 8 7 7
Soga 1 2 1 2 1 2 2 1 2 3 3
Landkunna 1 2 1 2 1 2 2 1 2 3 3
Rekning 5 6 5 7 5 6 7 6 6 6 6
Skriving 5 3 5 1 5 3 1 5 4 2 2
Teikning 2 2 2 2 2 2
Handarbeide 3 3
Kropsøving 1 1
Song 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2
Timetal for vika 30 36 30 36 30 36 36 30 30 36 36

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jeremias Knudsen Befring[4] 1865
Jeremias Myklebust (før 1901) Var "forhenværande" skulelærar i 1901.
Elias Fosheim 1846 Ålhus og Svidal 1867 1897 Balestrand og Stord (1870) Kyrkjesonger
Ole O. Viken 1848 1870 Balestrand
Anton Fond 1866 Sunde, Søgnesand, Helgheim 1888 Stord Lærar i Sunde og Søgnesand 1888-1893.
S. Hegheim (før 1892) Var "forhenværande" skulelærar i 1892.[5]
Ludv. Fugle 1860 1880 Balestrand
Martinus Dvergsdal 1863 Eikås, Fluge, Heggheim, Klagegg 1883 1916 Stord 1883 Lærar i Eikås og Fluge fram til 1896, så lærar i Heggheim og Klakegg.[6]
Anders Markussen Kvamme 1867 1890 1891 Stord
Ludvik Indrebø 1864 1891 Stord Kyrkjesongar
Johannes Fossheim 1867 1893 Hamar Vikar 1889-91. Lærar i Jølster i fleire periodar.
Andreas Eide 1874 1895 Stord
Andreas Høisæth 1873 Eikås 1895 1899 Hamar
Anders Pederssen Remme 1874 Ålhus 1895 1897 Efterstøl Måtte slutte p.g.a. lungetæring. Hadde vikar det siste året.
Johan Fredrik Skram 1861 1898 1891 Stord
A. Fossen 1858 1898 Balestrand Ansatt i folkeskulen frå 1878. Kyrkjesongar.
A. Øgaard 1872 1887 1902 Volden Ulike kjelder ikkje einige om oppstartsår: enten 1897 eller 1887.
L. Berild 1856 1899 Tromsø Kyrkjesongar
S. Øgaard 1874 Veiteberg og Aamot 1899 1900 Volden Flyttet til Stavanger amt 1900
Johan Olson Rognebakke 1872 Eikås 1899 Volda
J. Aalhus 1880 1900 Elverum
Anders R. Myklebust 1877 Vikar i Breim og Jølster mellom 1901-1906
Sigurd Heggheim 1991 Viken 1907 Volda Sønn av lærar Sjur Bendiksen.
Ivar Glomnes 1884 Ålhus, Framhaldsskulen 1908 1909 Volda
Johannes Leiro 1885 Folkeskulen, Framhaldsskulen 1909 1910 Stord
Nils Fitje 1889 1912 1912 Stord Seinare lærar i Vevring, Sjuk og Søreide
Johannes Andersson Klakegg 1887 Sunde, Søgnesand, Klakegg 1912 1957 Volda Lærar i Sunde og Søgnesand 1912-16, sidan Klakegg.
Samuel Sandnes 1890 Ålhus 1912 1914 Volda
Per Olai Åland 1891 1913 1917 Volda
Hermund Thune 1891 Ålhus 1914
Peder Aaland 1891 Volda Lærar i Jølster i 3,5 år.
Birgitta Strand Fløtra 1888 1915 1915 Volda Vikar.
Nils Skutle 1894 1915 1916 Kristiansand Kordirigent og musikklærar.
Andreas Hamar 1892 Sandal

Gjesdal

1916 Volda Lærar i Vevring 1914-16, Sandal 1916 og Gjesdal frå 1920.
Jakob Aa 1887 1916 1916 Volda Seinare lærar i Breim.
Bergit Teresa Storgjerde 1995 1916 1919 Volda
Eirik Hjellbrekke 1889 Eikås Volda Lærar i Sulitjelma 1913-18.
Ida Myklebust 1896 Heggheim-Søgnesand 1917 1920 Volda
Karl Henrik Muri 1888 1917 1919 Volda
Jonas B. Flatjord 1895 Åmot 1919 Elverum Seinare lærar i Sande, Gaular.
Kristine Klakegg 1897 Sunde 1919 1922 Volda
Maria Severine (Viken) Huslid 1899 Heggheim, Søgnesand 1920 1923 Volda Seinare lærerinne i Vik. Gift med lærar Olav Huslid.
Olav Emil Huslid 1899 Viken Volda Gift med lærarinne Maria Severine Viken Huslid.
Inga K. (Øygard) Bakke 1899 Åmodt, Veiteberg 1921 Volda
Kristian Eikås 1899 Sandal 1921 Volda
Ingolf Helgheim 1898 Årdal 1921 Volda Kyrkjesongar
Johannes Samuelson Helgheim 1900 Sunde 1923 Volda
Sigurd Huus 1900 1923 1930
Sverre Myklebust 1902 Veiteberg, Skei 1924 1970 Notodden Skulestyrar ved Skei 1968-70.
Malmfrid Hole Lunde 1901 Søgnesand/Kjøsnesfjorden, Heggheim Volda
Kristiane Fluge 1902 Ålhus 1926, 1928- Volda Var vikar fyrste halvår 1926, ansatt frå 1928.
Ida Myklebust Øen 1896 Statens lærarinneskule, Stabekk Lærarinne i Jølster i 3 år. Seinare i Innvik og Hyllestad.
Anders Myklebust 1907 1929 1935 Notodden Vikar i Jølster 1929-35.
Einar Veiteberg 1909 Volda Seinare lærar i Hamre.
Oline Eikeland 1903 1936 1938 Den kv. industriskole i Bergen Handgjerningslærarinne.
Lovise Bjørkeli 1904 etter 1937 Levanger Lærarinne i Jølster i 3 år.
Ludvik Myklebust 1903 Myklebust 1937 1939 Volda
Oddmund Klakegg 1914 Myklebust, Framhaldsskulen 1939 Volda Lærer i Myklebust 1939-45, deretter framhaldsskulen.
Dagrun Fossheim 1923 Søgnesand, Sanddal (1943) Vikar og handarb-lærarinne i Jølster 1943-44.

Vikar Søgnesand 1944-45.

Ansatt som lærarinne Sanddal.

Karl Veiteberg 1918 1944 1945 Kristiansand Seinare lærar i Lærdal.
Kåre Aasen 1920 Sandal etter 1946 Levanger

Skular og elevtal

I Plan for folkeskularne i Jølster 1913 oppgis det at skulane skulle delast etter elevtalet. Dei minste skulane skulle ha i) 12 skuleveker dersom elevtalet var under 20, med moglegheit for å øke dette til 15 veker. Der det var mindre enn 12 elevar, kunne også talet på skuleveker senkast til 9 veker. Der det var over 20 elevar vart skulen delt i klassar med 12 eller 15 skuleveker. Passerte elevtalet i ei klasse 30, kunne skulen delast i fleire klassar etter naudsyn.

Skulestyret

Siste tiåret av 1800-talet besto skulestyret i Jølster av ni kommunevalde medlemmar samt sognepresten, ordføraren og ein representant frå lærarane.

Referansar

  1. Aas, Sverre. Frå allmugeskule til grunnskule i Sogn og Fjordane. Utg. Skuledirektøren i Sogn og Fjordane ; i kommisjon hos Didakta. xx. 1989. Digital versjonNettbiblioteket. Side 22-23.
  2. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 36.
  3. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 55.
  4. Almueskole-Tidende. xx#. 1865. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 24.
  6. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. SIde 34.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Arkiv

Avisar

Digitale kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Jølster er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.