Solberg (Bykle gnr 15/55)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solberg
Gjerden 57f.jpg
Solberg 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1986
Utskilt: 1977
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 55
Type: Bustadeigedom
Adresse: Jarevegen 5
Postnummer: 4754

Solberg gjekk ut frå Øvre Haugen, gnr 15, bnr 10, i 1977, då Ingebjørg T. Lien fekk tomta hjå systera. Ho og mannen hennes flutte inn i nybygd hus her i 1986.

  • Ingebjørg Torleivsdotter Lien, f 1929 d 2014
g m Auver O. Lien, f 1926 d 2008, ikkje born.

Ingebjørg var frå Neire Haugen, gnr 14, bnr 22, og dotter åt Torleiv Knutsson Byklum på det bruket og kona, Birgit Knutsdotter. (Gnr 15, bnr 10 var eit tilleggsstykke som vart lagt innåt gnr 14, bnr 22 i 1919).

Auver var son åt Olav Arnesson Byklum på Lii, gnr 14, bnr 3, og kona, Ingebjørg Helleiksdotter, fødd Bratteland. Han fortel at han gjekk over til å nytte etternamnet Lien, avdi han tykte det var så mange som heitte Byklum. Han har vore anleggsarbeidar.

Etter Ingebjørg Lien gjekk bort, vart eigedomen ført over på niesa hennar, Tone H. Hansen; sjå Neire Haugen.


0941 Bykle komm.png Solberg (Bykle gnr 15/55) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Otratun • Neste bolk: Suistugu