Solheim (Bykle gnr 2/120)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solheim
Utskilt: 1968
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 120
Type: Bustadseigedom

Solheim er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne tomta ved Hartevassbu vart utskilt frå bnr 8 for Hallvard Hovden i 1968. To år seinare kunne han og huslyden hans flytje inn i nybygd hus her.

Gunda og Hallvard med borna Jorunn, Marit og Knut i jula 1969.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Knut Hallvardsson under arbeid med ei laftehytte på Rysstad sumaren 1995.
Foto: Leonhard Jansen

Hallvard Halvorsson Hovden, f 1942, d 1995

g 1962 m Gunda Haaland, f 1943. Born:
  • Jorunn, f 1962, arb. på supplybåt i Nordsjøen, ug, barn:
  • Helge Kristoffer, f 1983, jfr. Kolmila 2, bnr 501
  • Marit, f 1964, sjå Plassen, bnr 492
  • Knut, f 1965, tømrar, sjåfør, g m Åshild Rysstad, busett Rysstad, born:
  • Helene, f 1988
  • Malin f 1991

Hallvard var frå Hovdeplassen, bnr 8, og son åt Halvor Knutsson Hovden og kona Jorunn Pålsdotter, fødd Tveiten. Gunda er frå Konsmo, og dotter åt Maria Haaland og Helge Dokken. Ho har arbeidd som postekspeditør. Hallvard var bussjåfør, og dreiv seinare drosjeforretning. Han hadde også eit hyttefelt ved Hartevassbu, som nå er i eiga åt Gunda.


0941 Bykle komm.png Solheim (Bykle gnr 2/120) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Setebo • Neste bolk: Fjellhaug