Sperløyane (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sperløyane
Sperløyane Knudsen.jpg
Sperløyane fotografert av Knud Knudsen 1895-1902
Alt. namn: Sperløy, Sperleøyane
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 189
Bnr: 3

Koordinater: 61°33′19.75″ N 7°17′51.1″ Ø


Sperløyane (Luster, gnr. 189/3) er eit gardsbruk i Jostedalen i Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Sperla. Det ligg ved hovudvegen gjennom Jostedalen ca 1 km sør for hovudtunet i Sperla i nordenden av Fossøyane.

Sperløyane sokna til Sperle skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968. Her var det skysstasjon frå slutten av 1800-talet, og her vart ungdomshuset Framheim bygt i 1920-åra.

Husmannsplass

Ein husmannsplass kalla Moen (under bnr. 1, frå 1846 under bnr. 4) vart rydda her i 1820-åra. Denne plassen vart nedlagd kring 1853. Det er uvisst kvar stova stod, men truleg stod ho mellom ungdomshuset og det noverande uthuset.

Lensmannsgard

Lensmannen i Luster og Jostedalen, Ole Hansson Urdahl, hadde i 1835 kjøpt ei tomt i hovudtunet i Sperla (av bnr. 1) og sett opp ei stove som han nytta når han var i Jostedalen på embetsreiser. I 1846 fekk han ved eit makebyte hand om den delen av bruket som låg i Sperløyane ned mot grensa til Fossen i Fossøyane. Sperløyane vart utskild frå bnr. 1 Sperle ved delingsforretning 18.5.1846.

Stova som Urdahl sette opp i Sperløyane, var truleg stova han hadde hatt i Sperla, men han hadde ikkje garden lenge. I 1850 slutta han som lensmann og vart gardbrukar i Luster.

I 1885 vart Sperløyane igjen lensmannsgard. Hermund Tvedt frå Hyllestad var tilsett som lensmann i Jostedalen i 1882, og i 1885 fekk han skøyte på Sperløyane og flytte hit med familien sin. Tvedt var lensmann i Jostedalen til 1912.

Skysstasjon og telefonstasjon

Sperløyane var skysstasjon, og den gamle røykstova vart i 1880-åra bygd på med ei høgd. I tillegg vart det kring 1890 sett opp ei stove på nedsida av vegen til bruk for reisande. Denne vart riven i 1987, men den gamle røykstova er modernisert og står framleis som kårhus på garden.

Då Telegrafvesenet bygde telefonanlegg til Jostedalen 1913-14, vart "Sperle rikstelefonstasjon" i Sperløyane den fyrste telefonstasjonen i kommunen. Han opna 14. november 1914 etter at kommunen hadde gjort avtale med den nye gardeigaren Ole J. Fosøen om stasjonshaldet. Det var telefonsentral i Sperløyane fram til automatiseringa i 1978.

Seinare frådelingar

Det vart i 1940-åra frådelt nokre tomter på den delen av eigedomen som ligg heilt sør. Desse heimane er ein del av Fossøy-grenda.

Ungdomshuset Framheim vart bygt like nord for gardstunet i 1920-åra (ferdig 1926) og ligg framleis på eigedomen til garden.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 183-190 og 201. (Digital utgåve, NBdigital)