Stigamidjom (Bykle gnr 17/20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stigamidjom
Trydal 66.jpg
Stigamidjom 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1866
Utskilt: 1933
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 20
Type: Småbruk

Den gamle plassen Stigamidjom ligg ein snau kilometer nordanfor Moen i Trydal i ei kro innunder Tangebakkane. Staden ligg lageleg til, med utsyn over Sakshylen på vestsida, og lognt mellom Bergji i nord og Stigafjødd i sør.

Dei som rudde og fyrst budde her var ekteparet Eivind Ånundsson og Åse Tarjeisdotter og borna deira. Han var gardmannsson frå Utistog Stavenes, son åt Ånund Pålsson, som dei kalla Rike-Ånund, og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Byklum.

Nett kva år Eivind og Åse sette i gang med å etablere seg i Stigamidjom kan vera litt uvisst. Det me utan vidare kan slå fast er at dei fekk bygselsbrev på plassen hjå Arne Torleivsson i Nordstog Trydal i 1853. Men brevet vart ikkje tinglyst fyrr i 1860, og då kan det vel også godt ha gått nokre år frå plassfolka stakk spaden i jorda fyrste venda og til det vart gjort skriftleg avtale. Plassvilkåra tykkjest ha vore rimelege. Dei skulle skjera 1 1/2 mål åker i året, det var heile leiga.

Eivind og Åse budde lenge i Stavenes, der Eivind var eigar av bnr 5 (halve Utistog). Tydelegvis gjekk det ut med han, slik at han i 1847 laut selje til Olav Såvesson på Teigen. Han og familien hans mellomlanda då ei tid som busetar i Bjones, fyrr dei vart husmannsfolk i Stigamidjom.

  • Eivind Ånundsson Stavenes, f 1796, d 1870
g 1828 m Åse Tarjeisdotter Bjones, f 1806, d 1881. Born:
  • Borghild, f 1827, g 1855 m Auver Helleiksson Glidbjørg, sjå Hisdal, jfr Bratteland
  • Ånund, f 1830, g 1857 m Birgit Oddsdtr. Byklum, sjå Lii under Byklum, gnr 14, bnr 3
  • Ingebjørg, f 1832, g 1870 m em Tarjei Olavsson Dysje, sjå Skolås, gnr 9, bnr 2
  • Tarjei, f 1839, g 1864 m Anlaug Olsdtr. Tveiten, jfr. Valle III, 273, sjå Sanden, gnr 16, bnr 14
  • Knut, f 1837, d 1837
  • Birgit, f 1838, d 1838
  • Birgit, f 1839, g 1881 m em Gunnar Torleivsson Nordstoga, Bygland
  • Hæge, f 1843, g 1865 m Olav Helleiksson Glidbjørg, sjå Strandehagen, bnr 9
  • Birgit, f 1844, d 1844.
  • Knut, f 1847, d 1847, tvill.
  • Mikkel, f 1847, d 1848, tvill
  • Borghild, f 1849, d 1849

Åse Tarjeisdotter vart oppskrive med etternamn Bjones då ho gifte seg, ettersom ho då budde på det bruket med foreldra sine, Tarjei Knutsson Maurlii og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Mosdøl. Desse kom til Bjones i 1808, men då Åse vart fødd, budde dei einkvarstad i Byklum, fortel kyrkjeboka.

Eivind og Åse fekk mykje folk etter seg, og dei fleste av dei er omtala andre stader i bygdeboka.

I 1866 overtok Tarjei Eivindsson farens husmannskontrakt på Stigamidjom, og budde her med kone og born ei tid frametter. Men i 1880 flutte dei nokre hundremeter nordetter til Sanden (Eidsvollsbakken), som Tarjei då kaupte av Olav og Tarjei Tarjeissøner Bjones. Tarjei og Anlaug får nærare omtale i bolken om den sistnemnde verestaden, gnr 16, bnr 9, men her skal det framleis handle om Stigamidjom. Me skjønar at det var trongt for dei som budde her, for då Eivind Ånundsson døydde i 1870, var han legdslem og innlosjert i Stavenes. Åse døydde som fatiglem i Sanden.

Dei neste me veit heldt til her er Knut Ånundsson Skarberg og huslyden hans. Desse er det fortalt om i bolken om Skarberg, gnr 9, bnr 3. Ettersom det ser ut vart Stigamidjom ståande tomt i ei årrekkje etter at Knut Ånundsson flutte til Skarberg i 1887 eller 1888. Iallfall har me ikkje funne nye folk som budde her fyrr Auver Olavsson Trydal noko etter 1900 flutte hit og tok plassen i bruk. Auver var son åt Olav Helleiksson Glidbjørg og kona, Hæge Eivindsdotter, fødd Stavenes. Han var altså dotterson av Eivind Ånundsson og syskenbarn av Knut Skarberg. Han var fødd i Glidbjørg, men nytta Trydalsnamnet avdi foreldra hans budde i Strandehagen frå ein gong på 1880-talet.

I ungdomen var han noko av ein villbasse. Han lika å ture, og tykte moro i å huve og bråke, halde spetakkel med folk, og gjerne denge dei. Difor vart han stendig dregen for retten og bøtelagd, og eit par vender vart han også putta i fengsel for ymse fantestykke. Dei fleste av «brotsverka» kan vel med noko velvilje tolkast som utslag av overskot på energi og godt humør, og ein får også det inntrykket at lensmann Lund hadde eit særskilt godt auga til han, og difor tok han for allslags småtteri som alle andre slapp ustraffa ifrå. Men han var sikkert ikkje god å koma i klørne på, og tok iallfall ved eitt høve imot betaling for å spara folk for juling.

Nå bruka han likevel ikkje kreftene sine berre på bråk og slagsmål. Jamvel sokneprest Gjesdahl, som elles ikkje hadde det minste til overs for han, laut vedgå at «han har vist sig at være en dygtig Arbeidsmand, ligesom hans Forhold ofte har været upåklagelig». At presten ikkje lika Auver kom av at han hadde stuvnekta å møte til konfirmasjonsfyrebuing etter at presten viste han ut fyrste venda han var der, og dessutan gaula og skråla så fælt utanfor kyrkja ein gong han var full, at messa måtte avbrytast. I staden for å stille opp på konfirmantundervisninga strauk han over heia til Skafså, og fekk seg arbeid på Åmdals Verk.

Me skal her skjote inn at eitt av problema med å vera ukonfirmert var at ein då ikkje hadde lov til å gifte seg. Såleis hadde det vore heilt sidan kyrkjeritualet frå 1685, der det heiter at V «Præsterne maa ingen sammenvie, som ikke tilforn har været til Guds Bord». Denne fyresegna sto ved lag til ho vart oppheva ved kongeleg resolusjon 24. mars 1903.

Nå vart Auver likevel konfirmert til slutt, 10.1. 1895 i Botsfengselet i Kristiania, der han då sat og sona for slagsmål og tamreinjakt. Når såleis konfirmasjonen endeleg var unnagjort, var giftemål neste posten på programmet.

  • Auver Olavsson Trydal, f 1869, d 1959
g 1896 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Skolås, f 1872, d 1950. Born, iallfall:
  • Olav, f 1897, d 1897
  • Helga, f 1908, d 1977, ug., busett Nystad, Flateland, gnr 25, bnr 57, born:
  • Ingebjørg, f 1939
  • Tordis, f 1943, jfr Valle VI, 263
  • Olav, f 1909, d 1984, busett Åsen Flateland, gnr 25, bnr 18, g 1943 m Margit Olavsdtr. Byklum, f 1916, born:
  • Inga f 1944, jfr Valle VI, 247
  • Tarjei, f 1911, g 1937 m Oline Helleiksdtr. Heggli, f 1900, busett Skafså
  • Ingebjørg, f 1913, busett Åsen Flateland, gnr 25, bnr 18, g 1941 m Hallvard Hallvardsson Berg, f 1895, d 1971, born:
  • Margit, f 1942, jfr Valle VI, 247
  • Eivind, f 1916, g 1960 m Anny Hansen, Randesund, f 1908, ikkje born, busett Kristiansand, jfr. Valle VI 248
  • Birgit, f 1920, g 1944 m Olav O. Stavenes, f 1905, sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9

Ingebjørg var dotter åt Tarjei Olavsson Skolås og Ingebjørg Eivindsdotter, som er nemnde ovanfor, så Auver og kona hans var altså syskenborn på morssida.

Det lange opphaldet mellom den fyrste og den andre registrerte barnefødselen set oss ut av stand til å avgjera nett kva tid Auver flutte til Stigamidjom. Me veit at han kaupte plassen av Knut H. og Tor K. Trydal i 1908, prisen då var kr 90. Men sannsynlegvis hadde han då alt halde til her nokre år, og sytt for at her kom hus, for det var nok kleint med brukelege bygningar, etter at her hadde stått folketomt i bortimot 20 år.

Ei rimeleg gjeting tykkjest vera at Auver sette i gang i Stigamidjom kort etter at han kom heim frå Amerika - det var seint i 1902 eller tidleg i 1903. For han var ein tur «over there» ved dette leitet. Han reiste åleine, kona var att hjå bror sin på Skolås, men truleg har det vore meininga at ho skulle koma etter, når Auver fekk etablert seg i det nye landet. Men såleis gjekk det ikkje, for etter omlag eitt år i USA kom han heimatt. Heimvende amerikafararar fekk sjølvsagt mange spursmål frå mindre vidræsne sambygdingar. Mellom dei spursmåla Auver, med hans særlege interesser, naturleg nok måtte svara på, var korleis det var å slåst med negrar. «Det lika eg kalleg filli», svara han. «Dai våre so håre, de va plent som å støyre neven i ein trestuvi».

I 1909 ser me at Auver flutte åt Skolås under Bratteland, som han då i praksis åtte, jamvel om vermora Ingebjørg Eivindsdotter formelt sto som eigar til 1911. Me reknar då med at Knut Tarjeisson Bratteland frå Skolås samstundes overtok i Stigamidjom, jamvel om Auver framleis sto som formell eigar inntil Knut kaupte plassen av han for 750 kr i 1911.

Dermed er me i grunnen ferdige med soga om Auver Olavsson på dette bruket, og i Bykle i det heile, men sidan me alt har fortalt så mykje om han, tykkjest det lite meining i å sleppe han utan å fylgje han til endes. I 1911 kaupte han gnr 58 Torstveit i Skafså for kr 3500, flutte dit og budde der eit par år, inntil han selde denne garden vidare til Auver Torleivsson Gjerden, som då kom heim frå Amerika, prisen var nå kr 5500 ( jfr. Mo bygdebok I, 232). Samstundes kaupte han bnr 18 Åsen i Flateland for kr 6000 (jfr. Valle VI, 246). Frå 1912 var han og familien såleis busette i Flateland, og Auver kom til å bu der til han døydde.

Me har alt fortalt at Knut Tarjeisson kaupte Stigamidjom av Auver Olavsson i 1911, etter at han i praksis hadde overteke plassen noko tidlegare. Knut var fødd på Skolås i 1877 som yngste son åt Tarjei Olavsson Dysje og Ingebjørg Eivindsdotter Stavenes.

Liksom syskenbarnet Auver tykkjest han ha etla seg ein tur til Amerika, iallfall fekk han flytjeattest hjå presten for å reise dit i 1896. Men om han faktisk reiste eller ikkje, i 1906 var han heilt sikkert heime, for då var han i Byklekyrkja og gifte seg.

  • Knut Tarjeisson Bratteland, f 1877, d 1948
g 1906 m Tone Knutsdtr. Bratteland, f 1883, d 1954. Born:
  • Ingebjørg, f 1906, g 1925 Jon Olsson Haugen, sjå Hisdal, gnr 20, bnr 3
  • Birgit, f 1908, d 1983, husmor, busett Lillesand, g m Georg Selaas, d 1941, born:
  • Tordis, f 1931
  • Guro f 1933
  • Tarjei, f 1910, jordbruks- og skogsarb., busett Evje det meste av livet, d Bykle 2004, ug
  • Knut, f 1912, g 1948 m Helga O. Hisdal, sjå nedanfor

Tone var frå Systog Bratteland. Knut Aslaksson Bratteland og Birgit Andresdotter, fødd Brotteli, var foreldra hennes.

I 1933 vart eigedomen endeleg, etter å vore sjølveigarbruk iallfall sidan 1908, matrikulert for seg sjølv, og tildela ei landskyld på 5 øre.

Medan syskena flutte ut vart yngstesonen Knut buande heime hjå foreldra, og overtok bruket etter at faren var død i 1948.

Knut Bratteland, f 1949, her på utsnitt av skulebilete frå 1963. Han er eigar av Stigamidjom sidan 2004.
  • Knut Knutsson Bratteland, f 1912, d 1972
g m Helga Olavsdtr. Hisdal f 1921, d 2004. Born:
  • Knut, f 1949, ind.arb., busett Kristiansand, g m Margunn Elmy Småland, born:
  • Laila
  • Bente
  • Silje
  • Grethe
  • Tordis, f 1951, reinhaldar, busett Kristiansand, g m Arnfinn Stedjan, d 2002, born:
  • Anita, f 1973
  • Arild, f 1977
  • Magnhild, f 1956, reinhaldar, busett Kristiansand, g hv, born:
  • Kenneth f 1975

Våningshuset i Stigamidjom var ei tradisjonell setesdalsstoge i 2 høgder med ei grunnflate på 77 m2. Det vart oppført i 1937. Uthusbygningen, der fjosdelen er støypt i betong, var ferdig i 1951. Knut Knutsson var snikkar av yrke, så me gjet på at han sette opp husa sine sjølv. I fjoset hadde dei fyrst på 1950-talet 2 kyr og 2 ungdyr, gris og 10 sauer.

Stoga brann opp for dei 1967, og dei budde då inntil vidare i Bjones, hjå syster av Knut. Året etter selde Knut damrettar til I/S Øvre Otra i samband med den påtenkte oppdemminga av Bykil, og deretter flutte han og familien hans til Kristiansand.

Sidan har det ikkje budd nokon i Stigamidjom. Frå 2004 står Knut Knutsson (y.) som eigar av bruket. På 1980-talet sette han opp ei hytte på den gamle tufta.


0941 Bykle komm.png Stigamidjom (Bykle gnr 17/20) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Optestøyl • Neste bolk: Åsdokk