Strandestøyl under Brotteli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandestøyl
Brotteli 11.jpg
På Strandestøyl ca 1960. Han som sit og spikkar er Olav G. Holen jr.
Foto: Folke Nesland
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 7
Type: Husmannsplass / støyl

Strandestøyl er ein støyl på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, austom Brotteli og like aust for Bosbekk, elva som renn or Brottelidalen. Her er steinut og bakkut med dyrka jordstykke ned mot Bossvatn. Staden var i bruk som husmannsplass i lange tider, men nett kor lenge det var folk her, er me usikre på. Dette heng i hop med at me ikkje kan vita heilt sikkert kven som var dei fyrste til å slå seg ned her, jamvel om me kan slå fast at det var den eine av to huslydar.

Likevel vil me halde ein knapp på Olav Åsmundsson frå Berdalen og Ingebjørg Jonsdotter frå Brotteli. Om det er rett at desse var dei fyrste, vart plassen busett på 1750-talet.

Det andre paret det kan vera tale om er Ånund Såvesson frå Vatnedalen og Torbjørg Tarjeisdotter frå Nesland. Om desse var dei fyrste på Strandestøyl, var her ikkje folk fyrr utpå 1770-talet.

Grunnen til at dette spørsmålet ikkje utan vidare kan avgjerast, og dermed treng noko drøfting, er kyrkjebokføringa. For prestane nytta sjeldan bruks- eller plassnamn som etternamn eller «adresse» i kyrkjeboka, men skreiv som regel opp folk med namnet på den matrikkelgarden dei høyrde under. Dertil kjem at det stundom var noko opp og ned med statusmarkeringane, slik at ein ikkje alltid kan sjå om vedkomande var husmann, innerst, bruksmann eller sjølveigar.

Så langt komne vender me attende til Strandestøyl-folka. Grunnane til at me helst vil tru Ingebjørg og Olav var dei fyrste på plassen kjem me til litt lenger nede.

  • Ingebjørg Jonsdtr. Brotteli, f 1734, d fyre 1793
g 1756 Olav Åsmundsson Berdalen, f 1725, d 1795. Born:
  • Folke, f 1758, d 1786, g 1783 m Margit Niklosdtr. Stavenes, ikkje born
  • Jorunn, f 1760, d 1802, ug
  • Åsmund, f 1762, 1793 busett Hjelmeland, 1801 husmann, busett Erøy i Jelsa, g m Marte, born:
  • Olav f 1799
  • Gunhild, f 1766, g 1808 m Mikkel Knutsson Mosdøl, ikkje born, sjå Ytre Moen under Trydal
  • Eli, f 1770, d fyre 1793

Ingebjørg var dotter åt Jon Folkesson Brotteli og kona, Sigrid Tallaksdotter, fødd Bratteland. Olav var son åt Åsmund Tarjeisson i [[Der uppe (Bykle gnr Berdalen Der uppe og kona, Karen Arnesdotter. Åsmund Tarjeisson att var frå Espetveit, og er oppførd med det namnet i bolken om Berdalen (jfr. Valle V, 273).

Ovanfor har me skrive at sume av medlemene i denne huslyden var døde «fyre 1793». Grunnen til dette er at dei det året heldt skifte etter Vrål Jonsson, bror åt Ingebjørg, og at alle ervingar då vart registrerte. Dei som ikkje vart nemnde må ha vore døde då.

Som det går fram i familieoversikta ovanfor, gifte Olav og Ingebjørg seg i 1756. Dei fyrste 4 av borna deira vart oppskrivne som døypte frå Brotteli, men så er det eit spursmål anten dei budde som busetar (innerstar) hjå foreldra hennes, eller om dei flutte åt Strandestøyl, og tok det i bruk til plass så snart det var praktisk mogeleg etter at dei hadde gift seg.

Stoga på Brotteli var nok ikkje stor, og Jon og Sigrid hadde mange born heime. Ingebjørg var fødd 11 år fyre dei gifte seg, og såleis frå 12 til 24 år eldre enn dei yngre syskena sine. I denne situasjonen er det rimeleg at det måtte fortone seg best for alle partar at den eldste dottera og mannen hennes fekk ein plass for seg sjølve heller enn å bu hjå foreldra. På denne bakgrunnen vel me å satse på at det var dette som faktisk skjedde.

Men den yngste av borna av Olav og Ingebjørg, Eli, vart døypt frå Steinstøyl, som var ein plass under Vodden Nesland, så i 1770 budde huslyden der.

Ved dette leitet kjem den andre familien me har nemnt ovanfor inn i biletet.

  • Ånund Såvesson Vatnedalen, f 1737, d 1774
g 1763 m Torbjørg Tarjeisdtr. Nesland f 1737, d 1790. Born:
  • Jorunn f 1764, konf. 1778, seinare lagnad ukj.
  • Såve, f 1770, konf. 1790, soldat 1806, seinare lagnad ukj.

Ånund var son åt Såve Såvesson Vatnedalen og kona, Jorunn Torgrimsdotter, fødd Flateland (jfr Valle VI, 195 f). Torbjørg Tarjeisdotter kom frå Vodden, Nesland, far hennes er i denne boka omtala som Tarjei Hallvardsson Hoftuft, mora heitte Birgit Tarjeisdotter og var fødd Nesland (jfr. Valle V, 183 f).

Det var snautt særleg mange år desse folka budde på Strandestøyl. Dei var i Mosdøl så seint som i 1770, Ånund døydde som husmann på Strandestøyl i 1774, og kona og borna er registrerte som busette på Steinstøyl under Nesland 4 år seinare.

Alt dette er greitt nok. Problemet vårt er at Ånund Såvesson og huslyden hans er dei fyrste me kan vera heilt sikre på budde i Strandestøyl, jamvel om me ovanfor har resonnert oss til at Olav Åsmundsson og hans folk truleg var her tidlegare. Men dersom den tankerekkja likevel skulle vera feil, vert dei den andre huslyden på plassen, og ikkje den fyrste. Korleis kan nå det hange i hop?

I den gamle gards- og ættesoga (s. 90) står det at Olav Åsmundsson og Ingebjørg Jonsdotter budde på Strandestøyl frå 1776, og det er vel nokonlunde rett. Men det som ikkje står i den nemnde boka, og som i samanhengen her er meir interessant, er at samstundes som enka etter Ånund Såvesson tok med seg borna sine og flutte frå Strandestøyl til Steinstøyl, flutte Olav Åsmundsson og hans folk frå Steinstøyl til Strandestøyl. Mao. bytte dei to huslydane rett og slett husmannsplassar.

Vidare er det tvillaust gale, slik det står i den gamle boka, at Olav Åsmundsson budde på Strandestøyl til 1802, for Olav døydde i 1795. Den som døydde i 1802 var Jorunn, dotter hans, men så er det eit spursmål kvifor sokneprest Lund skreiv henne opp med etternamnet Strandestøyl då ho døydde. I 1801 viser folketeljinga at ho budde som busete hjå Mikkel Olavsson Bratteland, og me vil helst tru at ho framleis var der, då ho døydde. For at ei ugift jente på 28 år skulle flytje åleine til ein plass, var iallfall svært uvanleg, om ein kanskje ikkje kan seia at det er heilt utenkjeleg.

Folke Olavsson, bror åt Ingebjørg, budde derimot ei tid som vaksen i Strandestøyl. Han gifte seg i 1783 med Margit Niklosdotter Stavenes, men døydde i frå henne alt i 1786, berre 30 år gamal. Dette paret hadde ikkje born.

Etter dei to fyrste husmannsfamiliane på Strandestøyl, vart det såleis lite av synlege spor i bygda. Få av borna herifrå livde opp, og dei som gjorde det fekk ingen etterkomarar. Dei neste me veit om kom ikkje hit fyrr i andre helvta av 1830-åra. Om her i mellomtida hadde stått tomt, veit me ikkje, men dei neste plassfolka me har funne her var iallfall Ingebjørg Andresdotter Brotteli og huslyden hennar.

  • Ingebjørg Andresdotter Brotteli, f 1798, d 1844
g 1827 m Olav Tarjeisson Nesland, f 1787, d 1848. Born:
  • Tarjei, f 1827, d 1829
  • Tarjei, f 1829, d 1830
  • Birgit, f 1830, d 1850, ug
  • Andres, f 1834, g 1872 m Anne Ånundsdtr. Holen, sjå Hagen under Byklum, gnr 14, bnr 24
  • Tarjei, f 1835, d 1837
  • Olav, f 1839, d 1843

Ingebjørg var dotter åt Andres Jonsson Brotteli og kona, Ingjerd Torleivsdotter, fødd Bjørnarå. Olav var son åt Tarjei Olavsson Nesland og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Dysje. Desse budde fleire stader, men i denne boka er dei omtala under Uppistog Byklum, der dei bruka i 1801.

Olav og Ingebjørg var bruksfolk i Systog Nesland i åra 1827 til 1833. I 1834 budde dei eit tak i Tveiti, året etter var dei attende på Nesland, men frå 1837 og frametter tykkjest dei ha vore husmannsfolk i Brotteli. Iallfall vert dei såleis nemnde i kyrkjeboka.

Plassen dei budde på må ha vore Strandestøyl, som er einaste plassen under den garden. Her var dei framleis då Ingebjørg døydde i 1844. Mannen hennes døydde som legdslem einkvarstad på Nesland fire år seinare.

Etter at Ingebjørg var borte flutte Torleiv Andresson, den yngre bror hennes, inn.

  • Torleiv Andresson Brotteli, f 1802, d 1881
g 1832 m Borghild Åvoldsdtr. Dysje, f 1808, d 1883. Born:
  • Ingjerd, f 1832, d 1885, ug, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1840, d 1840
  • Andres, f 1841, d 1842
  • Andres, f 1845, g 1885 m Åse Auversdtr. Bratteland, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1837, d 1837
  • Dødfødd jente, 1844

Foreldra åt Borghild var Åvold Jonsson og kona, Hæge Kjetilsdotter, fødd Løyning. Då Borghild gifte seg, budde ho hjå mora på Neire Dysje, men foreldra hadde tidlegare halde til i Attistog Gjerden.

I 1865 sat Torleiv og Borghild med hest, 5 kyr, 15 sauer og 5 geiter. Dei sådde 1 tunne bygg og sette 4 tunner jordeple.

Ti år seinare tykkjest krøterhaldet ha vore litt mindre: Hest var her framleis, men av kyr var her då berre 3, forutan 1 kalv, av sauer og lam var det 11, av geiter og kje 6. Sånaden i 1875 var 1 1/2 tunne bygg og 4 tunner jordeple.

Dottera Ingjerd døydde i 1885, «kort efter og formodentlig som Følge af en Ildsvaade i hendes Hus», står det i kyrkjeboka. Der står det også at ho vart gravlagt frå Brotteli, men om det tyder at ho budde der, eller på Strandestøyl, er uvisst.

Om det var stoga på Strandestøyl som brann opp, måtte nok broren, Andres, setje opp ei ny, for han hadde overteke plassen etter foreldra, og budde her til utpå 1890-talet.

  • Andres Torleivsson Strandestøyl, f 1845, d 1905
g 1885 m Åse Auversdotter (Hisdal) Bratteland, f 1863, d 1910. Born:
  • Borghild, f 1888, d 1910, ug

Åse var dotter åt Auver Helleiksson Glidbjørg og kona, Borghild Eivindsdotter, fødd Stavenes. På den tid då Åse gifte seg budde ho hjå mora i Nordstog Bratteland, men i denne boka er foreldra plasserte under bnr 2 i Hisdal, der alle borna deira vart fødde.

Nett kor lenge Andres og Åse, og Borghild, dotter deira, budde på Strandestøyl, veit me ikkje. Det me veit er at dei sat her i 1891, og framleis i 1895, men at dei i 1900 budde på Neire Dysje. Den gamle gards- og ættesoga fortel at dei hadde kaupt det bruket, og det er tvillaust rett, jamvel om det kaupet ikkje vart tinglyst. Men Andres hadde odel til Dysje, ettersom mor hans var derifrå, og det var Åse som selde Neire Dysje til Heiberg i 1908. Etter at Andres og Åse flutte ifrå var det ingen som budde på Strandestøyl.

I dag syner berre noko av murane etter husa og øvste delen av jordet. Det går ein grei stig ovanfor jordet og opp på Furustøylmyrane, Furustøyl og Kallheimstøylen. Denne vert nytta av jegerar som skal på jakt i Hovassområdet.


0941 Bykle komm.png Strandestøyl under Brotteli er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Brotteli • Neste bolk: Dysje