Straume krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Straume krins 1895-1968
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Straume krins i Hyen i Gloppen kommune. I krinsreguleringa i 1860 låg Straume under Nesjane krins. Det var då ein todelt krins der gardane på Nesje gjekk på skule på Eikenes og gardane Straume, Kleppenes og Osmundnes hadde omgangsskule.

I 1884 fekk Straume krins (på den tida vart krinsen kalla Hope krins) eige skulehus. Då vart det fastskule for gardane Hope, Straume, Aa, Holme, Osmundnes og Kleppenes.

I krinsreguleringa i 1890 står Straume som eigen krins med todelt skule og 33 elevar. Skulestyret anbefalte at Kleppenes og Osmundnes fekk 4 veker skule heime, men heradstyret sa nei til dette forslaget. I 1895 kjem det nokre endringar i krinsreguleringa og Osmundnes blir ein eigen krins saman med Kleppenes.

I samband med bygging av nytt skulehus på Straume blir Straume krins og Gjengedal krins slegne saman. Det nye skulehuset stod ferdig i 1968.

I 2009 vart Solheim skule lagt ned og ungane flytta til Hyen barne- og ungdomsskule. I 2016 soknar alle elevar i Hyen til Straume krins.

Skulehus

Straume skule (1884-1928)
  • Byggeår: 1884
  • Fungerte som skule: 1884-1928
  • Anna bruksområde: Etter at den nye skulen kom bruk, tok Straume ungdomslag over det gamle skulehuset. I 1976 vart begge dei gamle skulehusa rivne for å gi betre plass til idrettsbana. Ungdomshuset vart flytta til Holme, der Jørgen Holme brukte huset til pelshus.
Straume skule (1928-1968)
  • Byggeår: 1928
  • Fungerte som skule: 1928-1968
  • Anna bruksområde: Begge dei gamle skulehusa vart rivne i 1976 for å gi betre plass til idrettsbana. Tømmeret i skulehuset vart brukt til bygningsmateriale i Hope.
Hyen barne- og ungdomsskule
  • Byggeår: 1968
  • Fungerte som skule: 1968-
  • Anna bruksområde: Er i dag einaste skulen i Hyen.

Skuledagen

I 40-åra var det todelt skule på Straume med storskule og småskule. Dei tre første åra gjekk elevane i småskulen og dei fire siste åra gjekk dei i storskulen.

Læraren fremja aktivitet

Peder Holme f. 1937 hugsar at læraren, Martin Rønnekleiv, var opptatt av at elevane skulle vere aktive. Læraren var ein tidlegare idrettsmann og kravde at alle elevane kom seg ut i aktivitet på den store leikeplassen i friminutta. Når isen fraus på Hopsvatnet, gjekk elevane på skeiser. Då leika dei ofte ein form for sisten med ein stor sirkel som var friområde. I matfri var det fristande å ta seg ei langtur innover Hopsvatnet, då var det ikkje alltid at ein høyrde at læraren fløyta inn att til timen, då måtte læraren gjere seg streng og gav beskjed om at neste friminutt vart kortare.

Når snøen la seg, rende dei på ski ned holmen. Det var ulike bratter som dei laut variere mellom alt etter kor mykje snø og is det var i bakkane.

Det var gymnastikk ein gong i veka. Den holdt læraren når det høvde seg i løpet av veka. Om vinteren fekk dei ofte beskjed om å ha med seg skeiser eller ski til gymnastikktimen. Ellers var det gymsal i kjellaren på skulehuset. Om sommaren hoppa dei ofte høgde og lengde.

Skulevegen

Skuleelevane frå Holme rodde til skulen før det kom bilveg. Borna i storskulen rodde sjølve, medan ungane i småskulen vart rodde av vaksne. Små- og storskulen hadde skule annankvar dag. Skuleelevane frå Aa og Hope sykla eller gjekk. Om vinteren hende det dei brukte spark til skulen. Når Hopsvatnet fraus gjekk ungane frå Hope på skeiser til skulen.

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Samson Sande 1866 Hyen, Gjengedal 1895 1936 Stord lærarskule 1891
Ola M. Ommedal 1862 Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal 1890 1923 Var konst. i krinsen 1886-87. Far til lærar Nils Olav Ommedal[1]
Nils Olav Ommedal 1893 Straume 1923 Lærarhøgsk. 1928-1929 Son av lærar Ola M. Ommedal.
Jonas M. Aardal Straume (1922?) (1922?)
Simon Ommedal Straume (seinast 1928)
Martin Rønnekleiv 1906 Straume Skulesjef i Gloppen kommune
Marta Eimhjellen Straume (seinast 1956) (tidl. 1966)
Kåre Vereide Straume, Hyen framhaldsskule (seinast 1962) (tidl 1965)

Foto

Fotnotar

  1. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebøker for skulestyret i Gloppen kommune
  • Ekstrakt-protokoll for Hestenes krins, Strømme krins, Skeistrand krins og Nesjane krins, 1889-1911
  • Oversiktsprotokoll for Strømmen krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1938
  • Oversiktsprotokoll for Strømme krins, Gjengedal krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1892-1915
  • Dagbok for Strømme krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1931
  • Dagbok for Gjengedal krins, Straume krins, Eimhjellen krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1889-1913
  • Dagbok for Straume krins og Osmundnes krins, 1914-1958
  • Dagbok for Straume krins, Hyen framhaldsskule, Hyen krins, 1956-1969
  • Skulestorbok for Straume krins og Framhaldsskulen, 1920-1969

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Samtale med Peder Holme


Koordinater: 61.737098° N 5.916801° Ø