Styggevasshytta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein av dunadsgjengane som drog materialar til hytta i 1930-åra, her ved Øy.

Styggevasshytta er ei turisthytte ved Styggevatnet i Jostedalen. Hytta ligg nær det høgste punktet på den gamle ferdslevegen frå Fåberg i Jostedalen over Handspiki til Bråtådalen i Skjåk i Oppland.

Det har alltid vore mykje kontakt mellom Jostedalen og Skjåk, men avstanden var kring 2 mil mellom dei to næraste stølane/setrene på båe sider - Øy og Mysubytta. Sommaren 1931 kom den ideen opp i Jostedalen at ein skulle byggje ei skihytte eller turisthytte på vegen. Etter eit allmannamøte i Jostedalen vart det sett ned ei arbeidsnemnd på 24 personar, og arbeidet med hytta kom i gang alt same sommaren.

Den følgjande vinteren vart materialen frakta opp til Styggevatnet, og sommaren 1932 byrja arbeidet på tomta. Råbygget kom opp same året, og året etter vart hytta innreidd. Ho var resultatet av ein stor dugnadsinnsats frå bygdefolket i Jostedalen, og transporten av materialar og utstyr frå Øy til Styggevatnet gjekk dels med hest og dels med handemakt og valda mykje slit. Den sentrale organisatoren var læraren og klokkaren Ove Wangensten Haug.

Den 7. juli 1933 vart så hytta opna for trafikk. Den Norske Turistforening hadde då gått inn med eit rente- og avdragsfritt lån på 1000 kr som kom attåt alt som var samla inn i Jostedalen, og dette sikra ferdiggjeringa av hytta. Styggevasshytta vart deretter ein del av rutenettet til DNT. Det var ei betjent hytte om somrane fram til 1940. Det låg òg ein breførar på hytta som førde turistar over breen til Nordfjord. Frå 1933 var Anders Hesjevollen førar, og Hallvard Horpen var med i tre sesongar frå 1935. Det var òg båtskyss frå hytta og framover mot Austdalsbreen.

Under og etter krigen forfall hytta, og i 1948 ville Den Norske Turistforening kjøpe ho som ein lekk i rutenettet sitt. Det ville ikkje bygdefolket, men i 1957 fekk DNT ein leigeavtale og gjorde ein del vedlikehaldsarbeid på hytta med midlar frå Lege Fr. Arentz' legat. Dette berga nok hytta frå forfall, og ho var deretter ei ubetjent hytte i DNT-nettet.

Styggevasshytta låg ved munningen av Styggevatnet og låg dermed i vegen for bygginga av Styggevassdammen og Jostedal kraftverk som tok til i 1980-åra. Som kompensasjon bygde Statkraft Sprongdalshytta, og DNT la om rutenettet i området.

Styggevasshytta vart teken ned sommaren 1985 og oppsett sommaren 1987 på ei ny tomt nokre hundre meter oppover mot Handspiki. Den nyoppsette hytta var ferdig og opna for bruk kring 2000. Hytta vert drive av ei nemnd underlagt Jostedal bygdelag. Ho er ikkje ei vanleg turisthytte, men vert nytta av bygdefolket i Jostedalen, mest til dagsturar.

Spelemannen Olav Sperle komponerte slåtten «Sumarkveld ved Styggevasshytta» til opninga i 1933. I 1986 gav Hesjevoll&Myklemyrs orkester ut LP-en «Helsing til Styggevasshytta» der tittelsporet var komponert av Harald Hesjevoll.

Kjelder

  • Haug, Ove Wangensteen. (1936). Korleis Styggevasshytta vart til. Den Norske Turistforenings årbok, s. 74-80.
  • Kjærvik, Peder. (1989). Styggevasshytta. I Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (s. 108-112). Oslo: Grøndahl.
  • Kjærvik, Peder. (1994). Hallvard Horpen - eit liv i fjellet. I Norman Kjærvik (red.), Lustrafjell. Om fjell og fjellfolk i Luster (s. 90-95). Høyheimsvik: Luster Turlag, s. 95 (Digital utgåve, NBdigital)
  • Bilete frå opninga av den nye styggevasshytta (Bakkeblog)
  • «Helsing til Styggevasshytta» (1986) (Rockipedia)