Sund sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sund sogelag er eit sogalag i gamle Sund kommune (frå 2020: Øygarden kommune) i Midthordland. Laget vart fyrst skipa på slutten av 1980-talet, det vart nystarta i 1997 og endeleg i 2006, etter at arbeidet hadde lege nede i fleire år. Sogelaget «har til føremål å fremja interessa for slektshistorie, lokalhistorie og kulturvern. Laget vil dokumentera og hjelpa til med å ta vare på slikt som har verd for Sund si historie, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene».

I 2019 er det 48 medlemmer. Gjennom åra har medlemstalet variert noko, med ein topp på 64 i 2011.

Hovudaktivitetar/publikasjonar

Frå og med nystarten i 2006 har bygdebok for Sund stått på arbeidsplanen. I 2007 vedtok kommunestyret at det skulle satsast på arbeid med ei fullstendig gards- og slektssoge. Sund sogelag fekk ansvar for å realisera utgjevinga. I bygdeboknemnda har det sete fire medlemer utnemnde av sogelaget og ein frå formannskapet. Frå 2012 til 2016 kom det ut fem band med gards- og slektssoge, som dekkjer alle gardane i kommunen. Arbeidet med kultursoga tok til i 2017, og vart ferdig hausten 2019. Bøkene inneheld mange foto, som det ligg mykje dugnadsinnsats bak å få samla inn. Sverre Sangolt har lagt ned eit omfattande arbeid i samband med denne innsamlinga.

Sund sogelag har også, i samarbeid med Museum Vest, Fjell kulturminnelag og Øygarden sogelag, gjeve ut årboka Havstrilen kvart år frå og med 2001. (Sjå også Bibliografi:Sund kommune).

Laget samarbeider med kommunen og private for å ta vare på det gamle skulehuset på Berge, frå 1890-åra, som no for ein stor del er restaurert. Sogelaget deltek òg i samarbeid om restaurering av kulturminne rundt om i Sund (vassdrag, kvern, kolerakyrkjegard, Nordsjøløypa, kulturminneløypa på Skaganeset). Sund sogelag har heldt kurs i steingardmuring og skipar kvart år til kulturvandringar.

Kulturminnepris

Frå 2020 deler laget ut ein kulturminnepris. Den fyrste prisvinnaren var Malene Golten, som har utført eit omfattande arbeid med å dokumentera alle sider ved livet på Golta i dei bøkene ho har gjeve ut. Prisen var eit spesiallaga diplom og ein symbolsk pris på kr 5000,-

Leiarar

  • Tore Nordvik
  • Arne Olav Nilsen 2006-2017, også sentral i arbeidet med bygdesoga
  • Gerhard Inge Storebø 2017-

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
  • Vestnytt, 15. november 1997: «Søknad om oppstartingstilskot for Sund Sogelag».

Eksterne lenkjer