Sydneshuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sydneshuset står i dag på Nordfjord folkemuseum
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sydneshuset vart bygd som skule i Innvik etter at Det gamle kolde husKlokkarbakken vart ubrukeleg som skulehus.

Skulehuset

Skulehuset vart bygd attmed butikken ved fjorden på prestegarden sin grunn. Byggearbeidet starta i 1845, og huset kunne takast i bruk året etter. Dette var den første skulestova som vart bygd i krinsen.

Sydneshuset vart nytta til fastskule og lærarbustad fram til 1863. Same året var Mons Kristofferson Sydnes tilsett som lærar og kyrkjesongar i Innvik.

Anna bruksområde

Sydneshuset
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Frå 1863 fungerte huset som bustad for lærar Sydnes med kone, to døtrer og tenestejente. Sydnes kjøpte huset i 1870, og det var i familien si eige fram til 1986 då det vart flytta til Nordfjord folkemuseum på Sandane. Bygget fungerte som administrasjonsbygg for Nordfjord folkemuseum fram til 1995, då fekk museet nytt administrasjonsbygg. Frå 1995 og fram til i dag har felemakaren Harald Kvandal verkstad i huset.

Familien Sydnes dreiv postkontor i Innvik, og dette heldt til i rommet til venstre for inngangsdøra på dette bildet.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
  • Dag Vanberg (red) (1993) Skulehistorie for Innvik 1739-1993

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.852456° N 6.614763° Ø