Terjei Olson Austenå

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminner over Terjei Olson og Gunhild Aslaksdotter Austenå på Tovdal kyrkjegard.
Foto: Chris Nyborg (2015).

Terjei Olson Austenå (født 27. oktober 1841 i Tovdal, død 5. mars 1942 same stad) var gardbrukar på Oppigard Austenå i bygda Tovdal i Åmli kommune. Han blei over hundre år gammal.

Han var eldste son av Olav Peterson Vrålstad (1807–1859) og Ragnhild Jonsdotter Austenå f. Årak (1807–1879). Mora hadde to døtrer frå sitt første ekteskap, og i det andre fekk ho fem born, så Terjei var nummer tre av i flokken av sju søsken og halvsøsken. Gjennom mora gjekk slekta langt attende på Austenå, faktisk heilt til Toruf Austenå som vi finn på garden i skattelister frå 1620. Vi kan sjå i folketeljinga 1865 at Terjei tok over garden etter at faren døydde i 1859. Han budde der i lag med mora og to brør. Det var også fire tjenestfolk på garden.

Terjei Austenå var gift to gonger. Den første kona var Anne Danielsdotter Dale (1850–1871). Dei gifta seg i 1868, og fekk ei dotter:

  • Ragnhild Terjeisdotter Austenå (f. 1870), gift 1892 med Svenn Gunnarson Vrålstad.

Anne døydde i 1871. Når ein mann var att med eit born, var det vanleg å gifte seg etter kort tid, men Terjei gifta seg ikkje att før i 1875. Med Gunhild Aslaksdotter Austenå (1858–1905) fekk han ti born:

  • Olav Terjeison (f. 1875), gift med Sigrid Jonsdotter Dølemo.
  • Anne Terjeisdotter (f. 1878), gift 1905 med Svenn Svennson Dale.
  • Tallak Terjeison (f. 1880), gift 1917 med Anne Jørgensdotter Landsås.
  • Anne Terjeisdotter (f. 1883), gift 1909 med Børuf Terjeison Austenå. Til Livoll.
  • Aslak Terjeison (f. 1885), gift med Guro Ådnesdotter Mykland. Til Grimstad.
  • Gunhild Terjeisdotter (f. 1888), gift 1908 med Olav Aslakson Berdalen. Til Amerika.
  • Ragnhild Terjeisdotter (f. 1891), til Amerika, døydde ugift der.
  • Knut Terjeison (f. 1894), gift 1928 med Gunhild Pålsdotter Ottersland. Til Monen.
  • Olav Terjeison d.y. (f. 1897), gift 1915 med Gunhild Knutsdotter Skjeggedal. Til Bujord.
  • John Terjeison (f. 1900), gift med Ingeborg Strandrak. Til Vestre Aker.

I folketeljinga 1900 finn vi Terjei og Gunhild saman med sine to born. Dottera frå hans første ekteskap hadde gifta seg åtte år tidlegare og flytt ut frå garden.

Terjei Austenå blei enkemann for andre gongen i 1905. Gunhild døydde ifølgje kyrkjeboka av astma og tæring. Terjei var då blitt 64 år gammal. Han selde garden til eldstesonen Olav året etter, for 8000 kroner. Sjølv tok han den store stoga rett ved forstoga som kårbolig, og han tok også eit skogstykke kalla Skarstykket verdt 800 kroner. Vi finn han som foddogsmann på Austenå i folketeljinga 1910, med Olav som gardbrukar og sjølveigar.

Terjei Olson Austenå er gravlagd på Tovdal kyrkjegard saman med kona Gunhild. På gravminnet har han tittelen «bonde», slik også mange andre på den vesle kyrkjegarden har.

Kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.