Torgrim Mathiassen Kleppen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torgrim Mathiassen Kleppen (fødd 6. oktober 1849 på Kleppen i Sauland, død 12. juni 1920) var politikar og stortingsmann for venstre, lensmann, bonde, gründer og føregangsmann i bygdesamfunnet i Hjartdal kommune.

Liv og virke

Kleppen blei fødd som femte barn i ein barneflokk på ti i 1849. Med stor interesse arbeidde han for heimbygda og for bondestandens ve og vel. Han var ein dyktig og verksam gardbrukar. Han eigde garden Tveitan i Melum, Natadal og Vindal i Seljord som blei nytta av forpaktarar, dreiv opp Leine som på det meste hadde 250 mål dyrka mark, eigendomen Bellevue i Oslo, i tillegg til farsgarden Kleppen i Sauland.

I ei rekke år var Kleppen lensmann i Hjartdal. Stillinga hadde han arva frå far sin. Han var også mangeårig medlem av heradsstyret, seks år som ordfører, og hadde ei rekke kommunale og andre offentlige tillitsverv. Mellom anna var han formann i forlikskommisjonen i mange år. Han representerte Bratsberg amt på Stortinget i to periodar, frå 1900 til 1906. Han var også formann i Landbruksselskapets styre i 25 år. I si tid var det Kleppen som reiste spørsmålet om opprettinga av Telemark Skogselskap.

Kleppen stifta ei rekke selskap som Sauland Varelag, Hjartdal Sparebank, Sauland Meieri og Ysteri og Øst-Telemarkens Automobilselskab. Han var svært interessert i feavl, og var med på å få i stand dyrsku i Sauland frå 1875–1910.

I 1919 trakk Kleppen seg tilbake som ordførar, men heldt fram som medlem av heradsstyret. Han døydde av slag 12. juni 1920.

Kleppen blei tildelt 7. juni-medalja.

Kjelder