Torjus Staksnæs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torjus Kristensen Staksnæs.
Foto: Ukjent

Torjus Kristensen Staksnæs (fødd 6. januar 1853Tromøya, død 1928) var kapellan i Vågå 1892–1905, og frå 1906 sokneprest til Lærdal prestegjeld.

Han var son av gardbrukar Kristen Torjussen Staksnæs (1811–1882) og Karen Staksnæs (1816–1892). Den 18. august 1892 vart han gift med Gurine Thorsen, dotter av kyrkjesongar Peder Thorsen og Anne Helene Jenssen.

Han vart student i 1881 og teologisk kandidat i 1887/1888. Etter ei kort tid i Christiania indremission vart han hausten 1888 personell kapellan i Gjerstad prestegjeld. Hausten 1889 reiste han til Tyskland. Sumaren 1891 kom han attende til Noreg, og i januar |1892 vart han utnemnd til res.kap i Vågå. I august 1906 vart han så utnemnd til sokneprest til Lærdal.

Litteratur og kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!