Trådvisp

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Handlaga trådvisp.
Foto: Olve Utne

Ein trådvisp er ein visp laga av metalltråd som er bunta saman til handtak i eine enden og spreidde utover i ein full eller broten boge i andre enden. Oftast er trådane haldne saman med nokre rundar av metalltråd ytst i bogen, slik at dei skal halde på forma gjennom mange års bruk. Trådvispar eignar seg generelt godt til lett samanvisping av egg og til røring av tynne rører. Enkelte trådvispar har ein spirallagt tråd kring ytterbogen; desse er dei av trådvispane som eignar seg best til pisking av egg. Trådvispar har tradisjonelt vore handlaga av omreisande handverkarar av romanifolket.

Sjå òg