Trollstigrennet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stein Eriksen var deltakar i 1952 og fleire år seinare.
Foto: Ukjent.

Trollstigrennet eller Midtsommarrennet på Stigfjellet var eit populært storslalåmrenn som Åndalsnes Idrettsforening arrangerte i siste del av juni i åra 1948-1997.

Alt på 1930-talet arrangerte ÅIF oppvisningsrenn i hopp og slalåm fot turistar frå cruisefarten og treningsrenn på Stigfjellet. Også etter krigen var oppvisningsrenna ein viktig turistattraksjon.

I det første rennet starta ca. 35 løparar frå Molde, Isfjorden, Vestnes, Øverdalen og Åndalsnes. Rennleiar var Jørgen Strandli og løypesjef var Karl Oshaug. Herreløypa var ca. 1600 m og dameløypa ca. 1200 m. Arne Kylling frå Øverdalen idrettslag vann herreklassa.

I 1952 hadde ÅIF fått sjølvaste Stein Eriksen som deltakar, og han leda stort, men skrensa utfor siste port og måtte trakke opp igjen. Ivar Fure frå Stryn TIF vann det rennet. Men Eriksen kom att i 1953 og 1954, og da vann han. I 1955 var han skada, men kom og på same måte som åra før heldt han instruksjonskurs for løparar frå kretsane i Møre og Romsdal. Også i 1956 var han med og køyrde oppvisning.

Rennet var populært med internasjonal deltaking. I 1970 opplyste Aftenposten at det var «Mange fall, men norske seire i Trollstigrennet».

Kjelder