Tuftevegen 6 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tuftevegen 6
Utskilt: 1996
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 689
Type: Bustadseigedom

Tuftevegen 6 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av ein Ellingsen i 1996. I 1999 vart det overteke av Aina Tove og Sigurd Berntsen, som hadde flutt åt Hovden frå Arendal året fyre.

Sigurd Berntsen, f 1938

g m Aina Tove, f 1944. Born:

Sigurd og Aina Tove er båe lærarar, ho i grunnskulen og han i vidaregåande skule. Sigurd er frå Arendal og son åt Edith og Aslak Berntsen. Aina Tove er frå Lillestrøm og dotter åt Åse og Reidar Lurud.

Ekteparet Berntsen bur for tida (våren 2005) i Trysil, men ynskjer seg attende til Hovden, og leiger millombils ut huset sitt her.


0941 Bykle komm.png Tuftevegen 6 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Tuftevegen 4 • Neste bolk: Tuftevegen 8

Koordinater: 59.55304° N 7.36621° Ø