Tveitå (Bygland)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveitå
Fylke: Agder
Kommune: Bygland
Gnr.: 64
Tveitå «der heime» ca. 1915. Setehuset frå ca. 1890 er påbygd seinare. Bura frå ca. 1700 står uendra i dag. Kort før fotoet vart teke var den gamle løa og fjoset rive (det stod i høgre biletkant) og nytt var sett opp.

Tveitå er gard nr. 64 i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på om lag 8000 da i eit samla, nokolunde firkanta areal. Sør- og austgrensene (dvs grense mot Bø) er tilnærma rette, medan grensa mot nord (Dale) og grensa mot vest (Horverak) er meir styrd av topografiske tilhøve. Namnet er dativ fleirtal av hokjønnsordet tveit – det kan anten tyde ein avskoren eller utskild del, eller det kan vere terrengskildrande om eit jordstykke mellom skogar eller mellom åsar. Den første tydinga kunne høve ettersom garden klårt er utskild frå Bø. Men den terrengskildrande kunne også høve godt, ikkje minst ettersom ordet her er brukt i fleirtal. Namnet blir i dag uttala etter skrivemåten, men eldre uttale var «Tvaitå». Endinga –å er den same som –o i Telemark, same gardsnamn der er Tveito (jfr. Haugå i Bygland mot Haugo i Telemark). Gardstuna ligg på om lag 425 m.o.h. I 1801 budde det 8 menneske på garden. Dette hadde auka til 17 i 1865 og gjekk ned til 14 i 1900. I dag bur ingen fast på garden.

Teikning av beitskiene til døra inn til loftsdelen i buret. Dette er doble valknutar der to liner ser ut til å ha kryssa dørbladet mellom beitskiene (dørbladet er borte nå). Figuren har nok hatt eit dekorativt føremål, men plasseringa antyder sterkt at det også har vore eit magisk, vernande føremål. Valknute, enkel eller dobbel er eit ikkje uvanleg vernande teikn i botnen av tiner o.l., på beitskier har eg ikkje vore borte i det før. På Nordgarden i Åseral finst enkel valknute skoren inn på sjølve dørbladet i eit bur.

Fornminne

Det er ikkje kjend fornminne frå garden, med eit par moglege unntak: Eit spinnehjul funnen i åkeren nedanfor husa på «der heime» og slaggrestar etter jarnvinne i utkanten av dyrka mark.

Eigedomstilhøve

Eit brev av 1590 (brevsamlinga Agderbrev) omtalar garden som «ij øde gaarde». Skattematrikkelen 1610 har ingen brukar på Tveitå. I 1624 (Odelsmanntalet) er der derimot komen ein Eirik Tveitå – han åtte då 4 ksk i Øvre Kjetså. Namnet er såpass lite vanleg at ein må rekne at dette er den same som den Eirik som brukte på Horverak nokre år tidlegare. Fleire tilhøve talar då for at han var son til Tori Olavson Horverak og Gyro Eiriksdtr frå Sordal.

Ved starten av 1600-talet var Tveitå krongods, og det er ingen grunn til å tru anna enn at slik hadde det då vore lenge. Som vanleg er det heller ikkje her mogleg å vite noko om årsaken til at garden kom under krona. Det er lite krongods i området, men i Horverak låg alt unnateke kyrkjegodset under krona. Ein kunne nok tenkje seg ein samanheng her.

I 1646 hadde kongen sett Tveitå saman med andre gardar/gardpartar i pant til slottsskrivaren på Akershus. Dette pantet må skrivaren ha seld vidare: I 1653 hadde Søren Tommes Skåning i Kristiansand pantet (på Tveitå og 2 huder i Nese). I skattematrikkelen 1665/66 blir det opplyst at garden var bondegods, i 1668 at det var Olav (son til Eirik nemnd ovanfor) som åtte garden. Ei rettssak i 1711 gav som resultat at sonen Olav Olavson og sonesonen Ånund Olavson fekk godkjend odelsrett til garden.

Etter denne domen kjøpte Ånund Olavson opp eigedomspartar i Tveitå og busette seg her. I 1714 hadde han bygd (evt. steld opp) loftet og skar inn årstalet og initialane AOSH over døropninga til buret. Siste bokstaven i initialane tyder på at han då kom frå Horverak. Ætta hans (og ætta etter Eirik Torison) har sidan hatt garden.

Garden vart verande udela til 1877 då Ånund Olavson dela han i to like delar mellom sønene Olav og Asbjørn. Det gamle tunet vart heitande «der heime» (bruk 1), medan det nye (bruk 2) vart «der nord». (Husa «der nord» var sett opp og teke i bruk alt i 1875.) Asbjørn på «der nord» kjøpte så i 1887 også «der heime» for eldste sonen sin, men overlot «der nord» til den nest eldste. Sameige mellom dei to gardane var nokså ubetydeleg.

Bygningar

Då Asbjørn Ånundson (f. 1851) vart intervjua (truleg av Tilla Valstad) ved sin 80-årsdag, fortalde han at den tid han hadde gardane, hadde han 24 hus der. Med husa i Åsen og med alle høybuer og småbygningar kan dette vel høve med det ein kan telje opp seinare. Setehusa som han sette opp sjølv, står framleis. Av eldre bygningar står eit bur «der nord» og eit bur og eit loft «der heime». Loftet er sannsynlegvis datera til 1714 gjennom innskrift over døra i bursdelen – med det unntaket at loftsdelen utan gavlane er bygd av tømmer frå eit eldre bur.

Dei to bura er tilnærma identiske i form og kan sjå ut til å vere jamngamle med loftet eller litt eldre. Av hus vi veit om, men som ikkje er lenger, kan bli nemnd: Kvernhus (stod attmed bekken rett attmed tunet), badstoge (stod sør for bekken, eit stykke unna tunet) og smie (stod attmed badstoga).

Støylar

Garden ligg så nær heiemarka si at at vanleg heiestøyl var det lite bruk for. Verstean, som ligg nord for garden, men i om lag same høgde over havet, må likevel til ein viss grad ha blitt bruka som støyl. Her var støylsbu og høybu. På heia var det høybuer ved Sandtjønn og i daldraget mellom Sjenustjønn og Geittjønn. Heieslåttane vart brukte til om lag 1930 på bruk 1, til slutten av krigen på bruk 2.

Husmannsplass

Einaste plasset under Tveitå var Åsen. Hustuftane ligg i Åsbakken. Her er nokre små åkerlappar, men plasset kan nok ha disponera meir dyrkamark sønnafor. Husmannsfolka var (med eit kortvarig unntak) folk frå garden – først ein yngre son, seinare ei dotter og familien hennar. Plasset var i bruk frå tidleg på 1800-talet og fram til 1888.

Segner

Opphavet til Tveitå.

I gamal tid var Tveitå støyl under Horverak. Så var der to brør frå Horverak - den eldste fekk Horverak, den yngste fekk Tveitå. (Olav Frøyrak, fortald munnleg.)

Olav Tveitå

I Sirdal var skikken slik, at skulde ei brur takast att, maatte ho løysast anten med sylv, eller ei kjempe kunde taka henne att. So kom der nokre sirdøler til Olav, og fekk han med seg for aa ta att bruri. Olav sytte med det, men fylgde, og ei god øks hadde han med. (Denne øksi var lenge paa Tveitaa, men vart seld til ein mann fraa Stavanger, som kjøpte gamalt. Ho var godt slegi med jarn.) Daa han kom uppetter jordet, ropa kona hans etter han, at han hadde gløymt fesli (den måtte han hava med um han fekk skade). So reiste dei, han til husi der bruri var, og Olav bad karane der ut, so dei fekk prøva styrken. Men daa dei saag, at det var Olav Tveitaa dei skulde haldast med, vaaga dei seg ikkje ut og gav bruri til han. (Asbjørn Å. Tveitå i intervju, truleg til Tilla Valstad. Merknad: Ein Stavangermann som kjøpte gamalt i Setesdal må ha vore Karl Olsson.)

Tori og Sigrid

Det gjekk so lettvint då Tore Tveitå fekk kone. Han vilde på Austlandet byggja seg. Då han tok ut, var han inn hjå ekkja på Dale - ho Sigrid Dale.

Kori vi du av, sa ho.
Eg vi av byggje meg, sa han.
Du sill hell'e gjipte deg, sa ho.
De vi ingjen have meg, sa han.
Då vi eg have deg, sa ho.
Då vi eg inkje byggje meg, sa han.

Tore var Tori Ånundson Tveitå (1727-1785), Sigrid var Sigrid Olavsdtr Risdal, då enke på Bakke. Dei gifte seg i 1779 og kom etterkvart til Dale «der heime». (Etter Skard: Gamalt or Sætesdal.)

Pernille

Om korleis Pernillefura vart til:

Jau det gjekk so til: Ei gjente, eller kjerring, kom heim fraa støylen og kunde ikkje finna grautetvora. So sprang ho hit til fura og tok toppen til tvore. (Merknad: Pernille-fura er ei stor gamal fure som står i utkanten av dyrkamarka og dominerte terrenget før skogen grodde til rundt garden.)

Om då Pernille jaga bjønnen:

Det var ei gamal gjente paa Tveitaa, som het Pernil. Ein dag krøtri var uppum jordet, vart det ropa, at bjørnen var der; dei laut koma hjelpa. So sprang Pernil like mot bjørnen og riste stakkane mot han. Bjørnen vart fælen og rymde. (Begge segnene her etter Asbjørn Å Tveitå i intervju 1931. Intervjuar truleg Tilla Valstad. Merknad: Med ein kvinneleg interjuar kom nok litt av poenget bort: Når kvinna i ei slik soge lyfte stakken og viste det som var under, så skulle bjørnen bli flau og røme. Pernil var Pernille Olavsdtr Tveitå, 1752 – 1828.)

Husebrann

Ånond Tveitå vende av ein kaldleg husebrann på Tveitå. Dei på Landi såg fyrebod; der tottest brenne so kaldleg på Tveitå; husi stod som ei eldgrind. Ånund la hityver og spurde om dette var noko. Då lova han bort ei tunne korn til dei fatige. Og husi slapp. (Etter Skard: Gamalt or Sætesdal. Merknad: Det kunne høve om det her vart sikta til Ånund Olavson Tveitå, 1748 – 1819.)

Ånund og Tåronn

Ånund kunde lesa, men kona hans ikkje, og so vilde han lære henne. Ein dag kom der framande medan kona streva og lærde lesa - dei sat koseleg i solveggen og kona ville løyna seg burt, men mannen meinte til det, at ho turvte ikkje skjemmast for aa læra lesa. Dei fylgdest til jordi desse 2 gamle. Dei var velhaldne folk, helst rike, og han hadde jamt liggande 300 dalar paa kistebotnen. (Fortald av Asbjørn Tveitå i intervju 1931. Merknad: Dei to var Ånund Olavson Tveitå, 1748 – 1819, og kona Tåronn Gunnsteinsdtr Longerak.)

Olav Tveitå

Olav Tveitå var gjetords (smed). Knut Haugen kaupte ein ljå av Olav; han slo ei øykteslåtte og aldri brynte ko fyrste venda. Og det var stedeslåtte - det var verre det: det var ikkje ko sand og finn heile slåtta.

Olav slo so lengje på ljåen, kaldslo. Han hita aldri meir enn til det var brunt. Han var so god til å lodda ljær: han lodda kaldt. Det hadde han lært hjå ein smed het Fossum, i Kristiansand. Men Fossum hadde lært det i utlandet (som krigsfange i England). Men so smida Olav hjå Fossum og snitta konsti til seg. «No må du ha takk for meg; no kann eg de,» sa han. Då bad Fossum so vent at han inkje måtte læra det frå seg. So lova han det. Og han heldt det; han vilde inkje læra sin eigen son eingong å lodda - dei var so trugne, dei gamle, når dei lova noko. (Etter Skard: Gamalt or Sætesdal. Merknad: Olav Tveitå var Olav Ånundson Tveitå, 1783 – 1847.)

Frants og Ragnhild

Bolling fortel om Ragnhild Knutsdtr Vassend som gifte seg i 1817 med Frants Vilhelm Andersen:

Ragnhild var fyrst trulova med Jørund Greibrokk, og det hadde kome så langt at Jørund for til byen og skulle kjøpe inn til bryllaupet. Foreldra hadde sendt Ragnhild til Tveitå, så ho skulle kome bort frå Frants Vilhelm, som og gjekk og fridde til henne. Men Frants fann henne på Tveitå, fekk henne med seg til Evje, og dei vart gifte. (Merknad: Når Ragnhild vart sendt til Tveitå, var det vel fordi morsyster hennar var gift der.)

Setehuset «der heime»

Ein gong var der ein sprek kar som rende på ski over taket på setehuset. (Skjølluv Frøyrak, munnleg fortald. Merknad: Slik terrenget er der, er det ingen grunn til å tvile på historia. Det ville nok likevel ikkje vere mogeleg med eit hus i to høgder. Ein må tenkje seg at det huset som vart rive i 1889 var i ei høgd (med lem) slik som i stroka vestaføre, eller todela med ei gamlestog i ei høgd.)

Musikk

Torjei Jensson (Apledokk, Dale) laga eit stev om jentene på Tveitå – rett nok ikkje stor poesi, det er laga etter same mal som ein del andre stev, men det har nok blitt sett pris på av mange jenter av Tveitå-ætt:

Å Eikjåstigen er vond å gange,
men Tveitå-jentunn er vørr å fange.
Å Eikjåstigen er vond å gå,
men Tveitå-jentunn er vørr å få.

(Merknad: Eikjåstigen var den gamle vegen til Tveitå frå . Han tok opp lia rett nord for Eikjå-knodden.)

Tveitåen er ein mykje brukt Frøyraks-slått. Slåtten kan nok vere eldre enn namnet, for namnet er knytt til Lang-Olav Tveitå (Olav Ånundson Tveitå, 1846 – 1922), som i 1876 gifte seg med Kari Ommundsdtr Frøyrak. Olav var ein særmerkt kar både fysisk og sosialt, men lite tilpassa rolla som odelsson og med eit turbulent tilhøve til sine mange kvinner. Til Tveitåen er det knytt to ulike slåttestev, den første ein liten trall:

Sudideidå, sudideidå
Sudideidå, utå Tveitå.

Det andre viser direkte til tilhøvet mellom Kari og Olav:

Samtu-dei-då, samtu-dei-då
Kosi liver de no oppå Tveitå?
Om eg sei det so veit de 'kje mei då
Samtu-dei-då
Sa 'o Kari ass Lang-Olav Tveitå.

Kjelder

Koordinater: 58.710164° N 7.763094° Ø