Vang (Bykle gnr 15/14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vang
Gjerden 39.jpg
Vang 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1926
Utskilt: 1926
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 14
Type: Småbruk

Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.

Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.

  • Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
  • Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
  • Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand

Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum.

Dei fyrste 5-6 åra dei var gifte budde Knut og Margit i Listog, og alle borna deira vart fødde der. I fylgje ei oppgåve i emigrantprotokollen frå Kristiansand reiste Knut utan familien til Kanada 13.5.1929. Fyremålet med reisa var nok å tene pengar til husbyggjing. Me veit ikkje noko visst om kor lenge han var borte, eller korleis det gjekk han, men truleg kom han nokså snøgt heimatt, for etter det folk kan fortelje var han kort etter 1930 attende i Bykle og fekk ferdig ei stoge i Vang, slik at dei kunne flytje hit. Ved sidan av gardsbruket arbeidde Knut i mange år i vegvesenet.

Under krigen hadde tyskerane ein observasjonspost i eit noko høgt tretårn på ein haug like attanfor tunet i Vang. Her var det vakt til ei kvar tid. Haugen der observasjonsposten låg har sidan vore omtala som Tårnhaugen.

Både i den gamle gards- og ættesoga (139) og i Norges Bebyggelse (160) les me at Alv Knutsson overtok bruket frå faren, etter same kjelda skal det ha vore i 1944. Dette stemmer nok i praksis, endå eigedomen i namnet sto med Knut som eigar heilt til han vart selt til andre i 1966. Alv og kona hans budde her i alle høve frå dei gifte seg og til dei flutte ifrå i 1960.

Alv K. Breive. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
  • Alv Knutsson Breive, f 1924, d 1989
g 1944 m Birgit Knutsdtr. Byklum, f 1918. Born:
  • Torbjørg Marie, f 1945, g m Reidar Johansen, busett Sola ved Stavanger.

Birgit Knutsdotter var frå Nystog. Foreldra hennes var Knut Hallvardsson Byklum og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Byklum. Birgit har skreddarutdanning, og dreiv skredderi i Vang. Ho arbeidde også ein del som handarbeidslærar i skulen, og heldt kurs i skreddarsaum både i Valle og Bykle.

Alv Knutsson var snikkar. Han var flink til å gjera møblar, men arbeidde mest som bygningsmann. Stoga på bruket bygde han på og om, slik at den nye og den eldre delen av huset vart sjåande ut som dei var oppsette samstundes. Tilbygget var under tak i 1944. I 1946 sette Alv også opp ein ny uthusbygning, der dei hadde ei kyr eller to og 5-6 sauer.

I 1960 fekk Alv seg arbeid i Kristiansand, og huslyden flutte då dit. Foreldra hans vart med til byen, og døydde båe der, Knut i 1968 og Margit 20 år seinare. Alv døydde året etter mora.

I 1966 selde Alv (formelt Knut) bruket her til dei to ugifte brørne Olav og Torleiv Folkessøner frå Nesland Der heime, som dreiv og fyrebudde seg på å flytje frå Nordbygdi pga. den tilstundande oppdemminga av Bossvatn. Neslandskarane gav 75 000 kr. Dei heldt seg lenge mest i Nesland, men flutte etterkvart hit.

Systera Asgjerd og Åmund, son hennes, budde ilag med dei i Vang, slik dei hadde gjort i Nesland. Me har omtala Torleiv, Olav og Asgjerd nærare i bolken om Nesland Der heime, medan Åmund Nesland er omrødd i bolken om Skoglund, gnr 15, bnr 63. Men på denne staden lyt nemnast at Torleiv budde her til han døydde i 1995, og at Asgjerd og Olav i seinare år har budd på bygdeheimen i Bykle, inntil dei båe døydde der sumaren 2003. Etter at han og Asgjerd flutte åt bygdeheimen har det ikkje budd nokon her. Olav Åmundsson har overteke eigedomen.

Storleiken på bruket vert oppgjeven til kring 10 mål, av dette har 8 mål vore dyrka.


0941 Bykle komm.png Vang (Bykle gnr 15/14) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: (Øvre) Åsen • Neste bolk: Livodd