Vatnedalsplassen (Bykle gnr 6/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatnedalsplassen
Alt. namn: Plassen
Rydda: 1827
Utskilt: 1876
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 6
Bnr: 6
Type: Husmannsplass

Vatnedalsplassen var den verestaden som låg lengst vest av bruka i det gamle Vatnedalen. Plassen, som låg under Der hite, er ikkje svært gamal, og ikkje var her lenge busett, ettersom det berre var to familiar som heldt til her.

Dei fyrste som slo seg ned her var Kjetil K. Vatnedalen og kona hans. Kjetil var son åt Knut Sigbjørnsson i Der hite og kona, Sigrid Kjetildotter frå Ørnefjødd. Noko fyre han kom hit hadde Kjetil vorte far til ein Kristoffer, som kom til verda i Hylestad 28.2.1826. Mora var «en omreisende Pige Birthe Christensdatter» frå Luster i Sogn. Seinare på året reiste Birthe til Kristiansand «for at søge Læge til det syge Barn», men den fyrste dagen i august vart sonen gravlagd. Nokre veker seinare sende fatigstyret i Kristiansand brev til Nedenes amt. Der sto det som fylgjer:

I sidstafvigte Juli Maaned ankom til Byen Quindemennesket Birthe Christensdtr. af Hyllestad Sogn i Valle Præstegield medhavende hendes uægte Barn, der blev sygt og døde her i Byen. Da hun intet havde til Barnets Pleie og ei heller var istand til at bekoste dets Begravelse, blev Omkostningerne, 1 Spd. 86 Skill. udredet af Fattigvæsenet. Man tør udbede at Beløbet dækkes af Amtet.

Nå var altså Birthe i fylgje Valle kyrkjebok frå Luster og ikkje frå Hylestad, så det spørst nok om Nedenes amt kjende seg plikta til å løyve pengane, men dette er ikkje undersøkt. Me veit heller ikkje kvar det sidan vart av Birthe.

Setesdalsmuseet har registrert denne reiskapen, som ligg i Huldreheimen som «Rykkjespade - til reiding av huder og skinn» (reg.nr HU 0143), og me skal ikkje seia for visst at det er gale. Men det liknar nå au mykje på ein skavkniv, som dei nytta til å taka borken av lauvtre med. Den avskava borken var eit viktig attåtfor på omlag alle bruk, særleg i vårknipa.
Foto: Setesdalsmuseeet
Bryneskåpp, gjord av eit uthola trestykke, men sidan vølt med jerngjorder. Slåttekaren gjekk støtt med ein såvoren i beltet, her hadde han bryne og strykestikke, og ein skvett vatn, slik at brynet heldt seg vått. Det var difor viktig at skåppen var vasstett. Denne, som er omlag 6 cm breid og 25 cm høg, finst i Henriksensamlinga med reg.nr MOR 00303. Same slaget, eller liknande, fanst på alle gardar og plassar.
Foto: Setesdalsmuseet

Året etter dei omtala hendingane gifte Kjetil seg med ei anna jente, og slo seg som nemnt ned her.

  • Kjetil Knutsson Vatnedalen (e.), f 1803, d 1865
g 1827 m Targjerd Sigbjørnsdtr. Stavenes, f 1805, d 1870. Born:
  • Knut, f 1828, d 1849
  • Sigrid, f 1830, g 1859 m Olav Hallvardsson Ørnefjødd, sjå Ørnefjødd, jfr. nedanfor

Targjerd Sigbjørnsdotter var frå Systog Stavenes, dotter åt Sigbjørn Åsmundsson på det bruket og kona, Borghild Knutsdotter, fødd Breive.

I bolken om Utistog Stavenes har me teke inn ei soge etter Johannes Skar om korleis Myllarguten og Tarkjell Aslaksson Austad kappspila då Kjetil og Targjerd gifte seg den 15. oktober 1827. Dette var dobbeltbrudlaup, Olav Såvesson Stavenes gifte seg same dagen med Tore Asbjørnsdotter Berdalen. Båe brudgomane ville ha den beste spilemannen, Kjetil skreiv etter Myllaren og Olav etter Tarkjell Austad, og Tarkjell vann avdi han hadde sterkare mål i fela. «Han musa, Myllaren, me Tarkjell våla» vart det fortalt etterpå, og i fylgje Myllarguten sjølv var det einaste venda i livet han tapa i kappspil. For Kjetil var nok hendinga eit prestisjenederlag, men så slapp han å punge ut med spilemannsløna, ettersom «Myllaren baud av». Dermed legg me brudlaupet bak oss, og går over til det meir kvardagslege.

Kjetil og Targjerd budde båe på plassen livet ut. I 1864 vart Sigrid i Ørnefjødd, dottera, enke. Ho tok då med seg borna sine og flutte hit til foreldra. Våren etter døydde Kjetil. Då folketeljinga i 1865 vart oppteke var det såleis dei to enkene som heldt til her. Dei hadde hest, 4 storfe, 7 sauer og 11 geiter står det. Sånaden var 1 tunne bygg og 1 tunne jordeple.

Sigrid flutte truleg attende til Ørnefjødd då mora døydde i 1870, iallfall var ho der i 1875. Me veit at borna hennes sidan reiste til Amerika. Om Sigrid fylgde dit, er uvisst, men ettersom ho ikkje er å finne mellom dei gravlagde i kyrkjeboka, skal me rekne det som mykje mogeleg.

Etter at Sigrid flutte til Ørnefjødd att, vart her lenge ståande tomt, ser det ut til. I 1878 kaupte Kolbein Kolbeinsson på Haugo Vatnedalsplassen hjå Knut Sigbjørnsson i Der hite. Meininga med dette kaupet var truleg berre å skaffe seg noko meir jord til rådvelde, for Kolbein og familien hans vart buande på Haugo, ser me.

Men frå 1892 var her atter folk. Det var Sigbjørn Knutsson frå Der hite, som då gifte seg, og flutte hit. Sigbjørn var son åt Knut Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Breive. Han gifte seg i 1892 med Marta Sjursdotter frå Der sø, eldste dotter åt Sjur Sjursson Natland på det bruket og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden.

Folketeljingane frå 1900 og 1910 tyder på at Sigbjørn åtte bruket sitt, men det er ikkje tinglyst nokon heimelsovergang fyrr han fekk skøyte av Jon Kolbeinsson i Haugo i 1916. Sannsynlegvis er forklaringa at han hadde kaupt bruket hjå Jon og mor hans ved det leitet då han flutte hit, men utan at det vart tinglyst noko fyrr både seljar og kaupar sto på farten til å flytje ifrå.

Sigbjørn og Marta og borna deira budde her til 1917, då oppdemminga av Vatnedalen gjorde det turvande å flytje. Dei tok då ut til Løyning, der dei sidan vart verande. Hovudomtalen av dei og borna deira er plassert i bolken om det bruket.

Etter at Sigbjørn og Marta flutte, har det ikkje budd nokon her.


0941 Bykle komm.png Vatnedalsplassen (Bykle gnr 6/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ørnefjødd • Neste bolk: Systog Dalen (Åsen)