Voss sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Voss sogelag i Voss herad vart skipa i 1908. Laget gjev ut årboka Gamalt frå Voss, held møte med lokalhistoriske føredrag og skipar til studieturar/omvisingar. Sogelaget samarbeider med Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

I 2019 hadde laget 99 medlemmer.

Hovudaktivitetar

Det er mykje arbeid med årboka og utgjeving av dei lokalhistoriske årshefta Vossabygdene som innbundne bøker. Laget står bak lokalhistoriske vandringar og studieturar med omvisar. Kvar haust er det fast omvising i krigsmuseet på Klyve. Voss sogelag er også representert i styra i lokalhistoriske særlag.

Det var lite aktivitet i 1980-åra og byrjinga av 1990-åra.

Arrangement

  • 1991: Tilskiping av Det vestlandske historikarmøtet.
  • 2008: Voss sogelag sitt 100-årsjubileum.
  • 2011: Medtilskiping av Hordaland sogelag sitt 25 årsjubileum.
  • 2018: Voss sogelag sitt 110-årsjubileum.

Publikasjonar

  • Hefta Vossabygdene frå 1910 til 1955, no som innbundne bøker i fem band.
  • Årboka Gamalt frå Voss saman med Voss bygdeboknemnd og Voss folkemuseum.

Eirik Helleve er redaktør for årboka Gamalt frå Voss og for Vossabygdene.

Leiarar

  • Arnfinn Finne 1908-1916. Samla mykje tradisjonsstoff og skreiv mange lokalhistoriske artiklar.
  • Ludv. Bru 1916-1921. Skreiv skulesoge for Voss.
  • Olaf Olsen 1921-1922. Skreiv bygdebøker og mange lokalhistoriske artiklar.
  • Lars Kindem 1922-1934. Skreiv gards- og ættesoge for Voss, og stod i brodden for å skipa Voss folkemuseum.
  • Nils Grønlien 1934-1940
  • Andreas Leiro 1940-1949
  • Sigurd Eskeland 1949-1972
  • Lars Nesheim Hovda 1972-1980-åra
  • Reidar Ringheim 1996-2004
  • Guro Dagestad 2004-2008
  • Knut Farestveit 2008-

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer