Åsebrekkene

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kartskisse som viser kvar gamlevegen i Åsebrekkene gjekk i forhold til tidlegare E-76 (noverande Rv.134).

Åsebrekkene (Åsebrekkun) er ein vegstrekning mellom Flatdalsbrua, forbi Svingen (Nutheim) og vidare oppover mot avkjøringa til Svartdal og Skarsvegen - den gamle vegen til Åmotsdal. Desse bratte kleivane var ferdselsvegen mellom Flatdal og Hjartdal i gamal tid, og det var denne vegen presten Landstad skreiv om i første del av det lange diktet Aneksreisen.

Gamlevegen hadde vore i bruk i uminnelege tider. Ein finn enno restar av den. Vel hundre meter frå brua, i retning nordvest kan ein, fylgje ein gangstig på høgre side som kliv oppover bratte bakken, og ender ved bilvegen ovanfor Åsegardane. På toppen , der ein kan sjå innover Svartdal, er Vadder.

Omkring 1860 og åra frametter var det stor aktivitet i vegbygging mange stader i landet. Vegdirektørembetet blei oppretta, og vi fekk etter kvart eit fagleg senter og ein etat.

I 1861 tok arbeidet med utbetring av vegen til og i 1862 var den nye vegen opp Åsebrekkun ferdig. I Flatdal blei vegen lagt i lia i vestleg retning mot Nutheim og svinger der 180 grader austover mot gamlevegen til Åse.

 
Foto: Siri Iversen

I nyare tid fekk vegen namnet Nutheimbakkane. Den dag i dag ligg vegen i det lendet som den blei lagt 1861–1862. Vegstykket frå Flatdal bru til Vadder blei ofte kalla øvre eller nedre lina, alt ettersom det var ovanfor eller nedanfor Nutheim det var tale om. Denne vegen har, med berre små utbetringar gjort tenesta si i alle år seinare. Ein del av utbetringane blei utførde i kriseåra på 20- 30-talet då det kom i gong naudsarbeid. Dei fleste av dei mange, fine støttemurane ein kan sjå på vegstrekninga, er frå denne tida og frå siste verdskrigen.

Kjelder

  • Statens vegvesen. Åsebrekkene og Nutheimsvingen : Jubileumsskrift til opninga av Nutheim-parsellen på E-76 i juni 1989.