Adolf Relling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
A. Rellings lenestolmodell frå 1939.

Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre.

Bakgrunn

Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven. Allereie før han vart konfirmert, vanka Adolf i dei lokale snikkarverkstadene og studerte korleis dei forma trevirket til ulike varer. Han var mellom anna stadig innom snikkarverkstaden til Jakob Hole i Aure sentrum. Læretida si hadde Adolf i trevareverkstaden til Petter Andestad. Etter fire år her gjekk han skuleåret 1933-34 på folkehøgskule i Ulsteinvik. Då fekk han interesse for teoretisk utdanning. For å kvalifsere seg til studiet ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskule gjennomførte han kurs i teikning, fargelære og møbelteikning ved Norsk Korrespondanseskole. I 1936 vart han teken opp som elev ved SHKS i Oslo, i det første kullet i det spesialiserte møbelstudiet. Arne Korsmo var hovudlærar på denne linja.

Før han var ferdig med studiet, i 1939, laga han ein lenestolmodell for Vestlandske Møbelfabrikk i Sykkylven. Den vart stilt ut på avgangsutstillinga ved skulen.

Stockholm

Adolf Relling hadde planlagt å reise heim att til Sykkylven og livnære seg som modellsnikkar i den nyetablerte møbelindustrien etter fullført utdanning, men han vart sterkt oppmoda, mellom anna av lærarkreftene ved SHKS om å halde fram som møbeldesignar. Etter tilråding fra skulen fekk han stipend frå Statens opplæringsfond og reiste til Sverige, der han mellom anna arbeidde som møbelteiknar ved Bodafors Möbelfabrik i Stockholm. Her vart han nærare kjent med den funksjonalistiske stilretninga. Det var nettopp i Stockholm den funksjonalistiske stilretninga vart introdusert i Skandinavia gjennom Stockholmsutstillinga i 1930. Adolf Relling sympatiserte med ein gong med stilen som var prega av nøktern linjeføring og økonomisk materialbruk, noko som låg i tida og mellom anna var eit resultat av varemangelen kring krigsåra.

Rastad & Relling

Adolf Relling tok kurs ved Statens Teknologiske Institutt og handelsskule i Oslo 1939–40 og fekk sveinebrev og meisterbrev som maskinsnikkar i 1942. Då var han tilknytta Hiorth og Østlyngens verkstad og teiknekontor i Oslo. Hiorth og Østlyngen var den møbelbedrifta i Noreg som på denne tida var mest ajour med internasjonale straumdrag. Den var mellom anna salsrepresentant for møbler teikna av den finske designaren, Alvar Aalto.

Saman med ein studiekamerat fra SHKS, Rolf Rastad, grunnla Relling i 1943 firmaet Rastad & Relling, der han sjølv vart leiar for teiknekontoret. Dette vart ein viktig arbeidsplass for unge interiørarkitektar og møbelteiknarar. Rastad og Relling dreiv aktiv talentspeiding blant nyutdanna designarar og kontakta dei som dei meinte ville fylle ut miljøet på den beste måten. Også Ingmar Relling fekk dei første arbeidsåra sine i dette arkitektkontoret, i tillegg designarar som Fredrik Kayser, Sigurd Resell og Arne Halvorsen.

Kontoret hadde mange krevjande og prestisjefylte oppdrag i dei første etterkrigsåra, spesialoppdrag utførte av snikkarverkstader i Oslo-området: Kongeskipet Norge, Stortinget sitt nybygg, Kringkastingshuset på Marienlyst, Norsk Arbeidsgiverforening, Televerket, oppussing av Grand Hotell i Oslo med fleire.

Blinken

Stolen Blinken, som vart lansert i 1956. Dette var ein av Hjellegjerde sine største salsuksessar.

Etter kvart gjekk teiknekontoret meir over til å teikne enkeltstykk møblar. Dei fekk betre inntekter av modellar som gjekk på lisens, enn av innreiingsoppdrag som vart betalte med eit eingangshonorar. Adolf Relling og kollegaene hans arbeidde etter kvart både mot bedrifter med ein handverksmessig profil og mot reine møbelindustribedrifter. Hans modellar er særprega av stram, men organisk linjeføring, noko som mellom anna vert illustrert gjennom modellane for hordalandsbedrifta Bahus, til dømes stolen Bambi. Han, og arkitektkontoret han leia, hadde også samarbeid med fabrikkar i heimkommunen Sykkylven. Eit av dei mest vellukka resultata av dette samarbeidet var den banebrytande supplementstolen Blinken som Hjellegjerde Lenestolfabrikk lanserte i 1956. Dette vart ein av Hjellegjerde sine største salsuksessar.

Adolf Relling sitt mest kjende produkt er møbelserien Futurum som kom til i samband med ein arkitektkonkurranse for å få fram moderne hyttemøblar i 1965. Serien vart produsert ved Mysen Møbelindustri og Sørliemøbler i Sarpsborg. Futurum varsla ein ny epoke for moderne norske furumøblar og serien var godt teken i mot i inn- og utland. Adolf Relling såg også sjølv på Futurum som eit hovudprodukt. I 1995 sa han dette om produktet: «Futurum-serien er veldig straight. Der er det ikke noe modellering. Det er former som er maskinvennlige og fabrikkvennlige.» Her kom hans bakgrunn som maskinsnikkar til sin rett.

Rastad og Relling Tegnekontor vann tidleg i 1970 ein konkurranse om møblar for offentlege miljø med serien Quadratum. Sofa-, stol- og bordsystemet vart mykje nytta på flyplassar, i venterom og i andre offentlege miljø.

Prisar

Adolf Relling teikna også eit sybord som vann førstepremien i ein nasjonal konkurranse om bord. Det var eit rundt sybord, Syklus, som hadde ein svingbar del. Sybordet vart produsert av snikkaren Rasmus Solberg på Ski.

Adolf Relling og teiknekontoret produserte 4300 modellar. Nokre av desse modellane vart presenterte under ei retrospektiv utstilling i 1996 ved Norsk Møbelfaglig Senter. Adolf Relling er representert i Nasjonalmuseet i Oslo og i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim.

I 1960- og 1970-åra mottok Relling og teiknekontoret ei rekkje med prisar og utmerkingar. Frå 1980 mottok Relling Statens stipend for eldre fortjente kunstnarar.

Firmaet Rastad & Relling vart delt i to i 1970: Relling heldt fram med å leie teiknekontoret, medan forretninga i Oslo vart skilt ut. Butikken vart lagt ned i 1986. Etter at Adolf Relling trekte seg ut av teiknekontoret, tok sonen hans, Jens, over.


Kjelder og litteratur

Adolf Relling er gravlagt på Bekkelaget kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)