Dagfinn Morseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Dagfinn Morseth er gravlagt på Vestre Aker kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Dagfinn Morseth (født 13. november 1898 i Stjørdal, død 2. mai 1958 i Oslo) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1931-1958. Han hadde eigen praksis i Oslo fra 1931, frå 1932 saman med Mads Wiel Gedde. Han var konsultativ distriktsarkitekt for Hedmark og Oppland i gjenreisningsarbeidet 1940—45.

I 1940 tegna han «Svenskhusa» saman med Mads Wiel Gedde og Gunnar Øvergaard Jørgen. Svenskhusa (eller «svenskehusa») er elementhus produsert på ulike ferdighusfabrikkar i Sverige. Dei vart innkjøpte med medel frå Nasjonalhjelpen, men også med gåver fra Sverige. «Byggnaden uppfördes med bidrag av Svenska folket 1941», står på ein plakett som framleis finst på nokre av husa. Det fins «Svenskebyar» i samtlege gjenreisingsbyar, men svenskhus fins også utanom gjenreisingsbyane, mellom anna på Vestbysletta i Groruddalen, like ved Groruddalen skole.

Utanom gjenrerisingsbyane er Morseth og Wiel Gedde mest kjend for å ha tegna AS Per Kure fabrikk, Hasle 1945. Lillestrøm kirke (1935), Jar kirke (1938-1961) boligområdet Etterstad for OBOS, Oslo (1947–51), Notodden kirke (1932) Stokmarknes sjukehus, Drammen sjukehus, Harstad rådhus (1953) og Rana sjukehus (1964).

Galleri

Kilder og lenker


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.