Foldsæ

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Foldsæ
Foldsæ 1923.JPG
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging.
Foto: Ukjend
Kommune: Fyresdal
Fylke: Telemark
Gnr.: 93

Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ.

Foldsæ som tradisjonell gard fram til 1897

John Aa. Folsæth

Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»

I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Foldsæ tyder det breie vatnet og det er merkeleg at ein gard høgt oppe i lia har fått dette namnet, gardsnamnet er då og skrive Folsæt i matrikkelen 1838. Det tyder ei brei slette, ei sete oppe i ei li, og nett slik ligg garden. Det var og slik eigaren John Aa. Folsæth skreiv namnet sitt, slik står det på gravsteinen. Garden er rydda relativt seint, hadde mange ulike eigarar og ein vart standande med namnet Folsæ utan -th og utan å tenke over historia og tydinga. Namnet på garden er altså etter dette ikkje det same som namnet på vatnet når ein ser nærare etter, her er det fort å ta raske slutningar. Namnet på vatnet vart tidleg, truleg på 1700talet, endra frå Foldsæ til Skredevatn etter gardane Skrede på vestsida.

Oppigjennom åra var det mykje eigarskifte, av og til fleire eigarar og også leiglendingar. Det var ofte dårlege økonomiske tider på garden, og der var konkurs. Det vart freista i 1787 å få sage 800 vankanta bord av skog som ikkje kunne nyttast på annan måte, men dei mektige handelsfolka i Arendal ville ikkje tillate dette. Brukaren Halvor sa då at: «Disse kjøpmenns ukristelige fremfart med denne under åket sukkende fattige almue. Det kan ikke handles med kjøpmenn i Skien eller Porsgrunn. Blir hindret i å handle med andre enn Arendals kjøpmenn.» Det vart gjeve løyve til sag, men ikkje til å skjere bord.

I 1830 vart Foldsæ kjøpt av Åni Tarjeison Naper, Lønnegrav, (1791-1857) frå Vrådal. Han kom med kona Torbjørg Jonsdotter Fjone (1785-1862) og fleire born og busette seg på garden. Åni (Ådne) hadde både Naper og Foldsæ. Etter han overtok sonen Jon Aadneson Folset (1824-1882) garden. I Ådne og Jon si tid vart det kjøpt større hei - og skogstykke frå N. Gryte gnr. 49/3 og Midtgarden gnr. 92, og husmannsplassane Veamyrane og Rindebakken frå N. Veum gnr. 86 slik at det vart ein stor gard i omfang.

Til sjølve Foldsæ høyrde det ti husmannsplassar og tre vart kjøpt til slik at det på slutten av 1800-talet kunne vere 13 husmenn til bords på kjøkkenet i onnene.

Jon Folsæ var ein allsidig mann og var sterkt engasjert i vekkinga som hadde sitt utspring i Vrådal og Gunhild Veamyrane frå husmannsplassen Veamyrane, dette som etter kvart vart ein del av Vegårsheirørsla.

Etter Jon og kona Lydia f. Arntsen (1824-1879) var der ingen etterkomarar og ei brordotter arva garden. Det var Anne Marie Korsvig (1858-1949), gift med sakførar Kjetil Kjetilson Kleve (1838-1898) frå Nissedal. Dei hadde av mange grunnar i mellomtida etablera seg på garden Triset gnr. 2/2 i Lårdal. Legdsystemet vart avvikla ved Forsorgsloven 19. mai 1900 og då dette var under avvikling vart det eit sterkt ynskje om ein gard som fast tilhald i staden for omgangslegd. Fyresdal kommune fekk tilbod om å kjøpe Foldsæ og no vart det ein ny epoke for garden.

Foldsæ som fattiggard og gamleheim 1897–1922

Foldsæ fattiggard.

Hovudbygningen og stabbur vart flytta til nytt tun litt nedanfor det gamle, det vart bygd eit bustadhus i tillegg og moderne «enhetslåve» samtidig som gardsbruket vart utbetra. Hit kom dei som ikkje kunne greie seg til vanleg, folk som kom til bygda utan å ha noko fast tilhaldsstad, og ulike grupper elles slik at det kunne vere ei mangslungen busetnad. Dei som var i stand til det var med i gardsarbeidet ute og inne. Det var mange originalar der som det lenge gjekk gjetord om. Der var og i periodar mange ungar og dei leika med andre ungar i grenda. Det var nok ikkje alt som var like greitt, men i høve til å gå på legd frå gard til gard var nok dette eit solid framsteg.

Foldsæ ligg om lag to mil frå sentrum, og etter kvart som tidene endra seg, fann folk flest at det var upraktisk å ha ein gamleheim så langt unna. Garden hadde no nemleg fått mest preg av å vere ein stad for gamle. Samtidig var det eit sterkt ynskje om ein landbruksskule i øvre bygdene i Telemark, det var alt etablera ein mellombels i Vrådal. Valet stod mellom fleire aktuelle gardar, Foldsæ stod sterkt på grunn av at garden hadde jord, skog og stølsdrift samt mykje hei. Fyresdal kommune kom med tilbod om sal av garden, flytta dei gamle mellombels til ein gard nærare sentrum og Foldsæ vart selt i 1922. Det vart halde unna ein del skog. Nær sentrum vart det så bygd ein ny gamleheim.


Foldsæ som landbruksskule 1922–1989

Foldsæ landbruksskule i 1930-åra.

I Vrådal var Ragnvald Graver styrar. Skulen hadde ikkje eigen gard, og Telemark fylke gjekk inn for å skaffe dette. Men dei økonomiske tilhøva var vanskelege, og for å få skulen i gang gav fylkesagronom Søren Øverland og Ragnvald Gravir Telemark fylke eit tilbod om å kjøpe gard og bygge hus. Det vart laga ein kontrakt med fylket for drift av skulen. Telemark fylke skulle mellom anna ha rett til å ta over skulen etter takst når dei ville. Ragnvald Gravir vart styrar og Søren Øverland medstyrar og landbrukslærar.

Ragnvald Graver bygde styrarbustad, Søren Øverland tilsvarande privatbustad og det vart bygd ein skulebygning med skulesalar, lærarrom og elevinternat. Den gamle hovudbygningen vart bygd på mot uthuset og det vart bygd nytt fjøs som tilbygg til driftsbygningen.

Arkitekt Haldor Larsen Børve (1857-1933), som teikna Dalen Hotell i Tokke, var og arkitekt for dei tre nybygga i 1923. Han var ein sers produktiv arkitekt gjennom mange år.

Det vart jamleg bygd ei rekke nye hus, lærarbustader, skulebygningar, internat, verkstadar, skogshusvære og ein ny driftsbygning. Det vart brote mykje ny jord og det vart arbeidd med oppdrett av fisk. Det vart bygd utleigehytter og stølen Fjøddi (Fjellet) vart bygd ut. Den eine av dei to eldste hovudbygningane, den med ark og difor kalla Arken, vart rive. Eit stykke ved Skredevatn, Kastet gnr. 92/20, vart innkjøpt frå Fossum gnr. 92/17 i 1927. Foldsæ har ikkje hatt område ved vatnet før dette.

I 1941 kravde Telemark fylkeskommune å få ta over skulen i samsvar med avtalen. Etter krigen gjekk det ikkje lang tid før det vart spørsmål om nedlegging av landbruksskular. Fyresdal kommune var alltid engasjera i å styrke drifta og i 1949 vart det overførd 2300 dekar nærliggande kommuneskog og i 1966 2600 dekar. Då var mest all skog kome attende til garden.

Foldsæ i 1961.
Foto: J. Kruse / "Widerøe Flyveselskaps flyfoto fra Fyresdal kommune."
Nasjonalbiblioteket

I 1948 kom Fyresdal med i Vest-Telemark Kraftlag slik at kommunen fekk tilgang på den krafta dei trong. Då var det ljosfest på Foldsæ og optimismen stor. Men skulen hadde same problem som andre landbruksskular på denne tida. Talet på elevar gjekk ned frå år til år, kostnadane per elev vart høge og skuledrifta dermed dyr. Gardsdrifta og skogen kunne ikkje på sikt vege opp dette.

I 1951 kom det fyrste rekneskapsførarkurset i gang, fyrst på seks månader men var i 1972 utvida til heilårskurs. Det hadde heile tida god søknad med elevar frå heile landet då det var det einaste av sitt slag. Det var lenge ein viktig berebjelke for kursverksemda ved skulen. Det vart arrangera skogkurs, handverkskurs, kurs i byggjeteknikk og tømrarfag, til dels som vaksenopplæring. Det vart og satt i gang eitt-årig agronomomkurs, siste året skulen var i drift var der eit agronomkurs berekna på kvinner som på ein eller annan måte skulle engasjere seg i gardsdrift.

Men det vart meir og meir vanskeleg å drive landbruksskular og fleire vart nedlagd. I Telemark var det tre stykke av ulik slag, og det var stadig på tale å legge ned Foldsæ. Ein periode vart det drøfta å ha ein stor landbruksskule på Foldsæ for Telemark og Aust-Agder på grunn av all skog og hei, men på grunn av mange kjensler i denne samanhengen vart dette ikkje noko av. Det vart heile tida gjort ein iherdig innsats på mange plan, ikkje minst på skulen, for å berge landbruksskulen framover, men til slutt var nedlegging eit faktum i 1989. Det var hardt for grenda Hauggrend.

Foldsæ som Sørnorsk Økosenter 1989–2002

Foldsæ, oversiktsbilete ca. 1990.

Det vart arbeidd med organisering og planlegging av aktivitetar etter skulenedlegginga. Det vart serleg satsa på miljøvern, utmark og turisme og ein del kursverksemd. Ei ny verksemd vart organisera med namn Sørnorsk Økosenter Foldsæ A/S. Senter for fleirsidig naturbruk (SØK).

Dei samanhangande bygningane skulle drivast som Foldsæ Gjestegard. Gardsbruket vart forpakta burt og drive økologisk. Setra Fjøddi vart utbygd og delvis drive som 4H-støyl. Den gamle hovudbygningen skulle vere kontor for Økosenteret.

Kursverksemd og anna aktivitet skulle i hovudsak vere sjølvfinansiert. Bygningsmassen var stor med om lag 40 bygningar av ulik slag, desse trong mykje vedlikehald. Utgiftene var store. Fem bustadhus, mellom anna dei to arkitektteikna, og smie og verkstad vart selde frå for å dekke ein del utgifter. Gjestegarden vart mykje påkosta for å tilfredsstille dagens krav, men var for stor til å ha opent i påvente av tilfeldige gjester og for liten til å ta mot folk frå store turistbussar. Senterdelen gjekk sers bra, men inntektene her gjekk til å dekke daglege utgifter med bygningane og dette var ikkje tilfredsstillande. Slik kunne ein ikkje halde fram og Sørnorsk Økosenter vart difor oppløyst. Prosjektet ved SØK er ført vidare ved etablering av Faun Naturforvaltning AS, der personalet har definera verksemda slik: «Faun Naturforvaltning AS driv med sal av kompetansetenester innafor naturforvaltning, utmark, landbruk og friluftsliv.» Faun er i 2011 ikkje lokalisera på Foldsæ.

Foldsæ som vidaregåande steinerskule 2002–2010

Ved etablering av ein vidaregåande steinerskule var vona at naturgrunnlaget og ideane bak økosenteret i stor grad vart ført vidare på det pedagogiske området. Ein skilnad frå SØK var at ein som privatskule fekk statstøtte. Skulen var fyrst eit underbruk av Steinerskulen i Hurum, seinare vart den sjølvstendig.

Garden vart vidareførd som økologisk drive og den gamle styrarbustaden Graverbygningen vart kjøpt attende. Det vart jobba mykje med å få diverse prosjekt til å nytte skulestaden. Men dei 40 bygningane vart meir og meir ei økonomisk belastning samtidig som det ikkje lukkast å få eit elevgrunnlag som kunne føre til økonomisk balanse. Gjelda vart for stor og det vart vedteke å legge ned skuledrifta og selje eigedomen. Denne var gjort om til eit AS. Enno eit pedagogisk kapittel avslutta på Foldsæ.

Foldsæ som privat eigd aksjeselskap 2010–

Eigedomen vart seld til to personar som i 2011 arbeider intenst med å finne vegen vidare. Dette er karar som er solide nok til å bruke litt tid på å finne ut kva ein skal bruke jord, skog, hei og anna utmark til. Samtidig har ein ei utruleg mengde tak som skal haldast ved like på hus som ikkje lenger er til den nytte dei var då dei vart bygd. Uansett er dette ein ny æra for Foldsæ som kanskje minner mest om garden i Jon Folsæ si tid, om enn i eit heilt anna opplegg.

Fotografi frå Foldsæ

Kjelder og litteratur

Ekstern lenke: Stamland, Ingar: Historien om Foldsæ landbruksskule

Koordinater: 59.32055° N 8.14699° Ø