Gullik Rua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Gullik Rua (født 1877, død 1931 i Gransherad) var gardbrukar og fotograf.

Han var son av Gullik Helleksson (1830-1904) og Martha Jonsdotter Buen (1849-84), og blei gift med Tora Eilefsdatter Christensen (1881-). Fotografyrket var ein bigeskjeft. Han hadde atelier heime på garden Rua, men reiste mellom mykje rundt og fotograferte i Telemark og Buskerud. Det finst bilete etter han frå Numedal, Heddal, Hjartdal, Sauland, Tuddal, Jondalen, Kongsberg, Eiker og Sandsvær. Sonen Jon Rua har teke vare på ca. 1000-1500 av faren sine plater.

I folketeljinga 1900 finn vi han som ugift gardbrukar og fotograf på Rua. Faren, som var enkemann, og to sysken budde hos han på garden.

Agnes Buen Garnås, Bø distriktshøgskole, har registrert samlinga i samband med ein særoppgåve. Oppbevart fotografiapparat, glassplater, fotoalbum etc. Buskerud Fylkesfotoarkiv har overteke denne samlinga av 920 glassnegativ (2009)

Kjelder

  • Gullik Rua i Preus museums register over norske fotografer.
  • Gullik Rua på Digitalt museum.
  • Gullik Rua på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. Bergen. 1980. Digital utgaveNettbiblioteket
  • Telemark arbeiderblad 01.04.1978
  • Opplysninger SFFRs arkiv, 03.02.1984
  • Nes, Trygve: Hjartdal i bilder, Skien 1992
  • Upublisert materiale i Preus museum
  • Gullik Rua i folketeljinga 1900 for Gransherad herred frå Digitalarkivet

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Gullik Rua er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.