Hans Flaten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hans Flaten (fødd 29. juni 1858, død 28. mai 1930) var gardbrukar, lærar og lokalhistorikar i Hemsedal. Han tok utdanninga på Voss lærarseminar, og arbeida som lærar i Hemsedal i 24 år. I lokalsamfunnet er han i dag mest kjend for å ha skrivi viktige lokalhistoriske verk som Hemsedal 1814-1914 til hundreårsjubileet for grunnlovi, og Hemsedals slektshistorie 1693-1923. Flaten skreiv eit dialektfarga riksmål, men både bøkene har seinare vorti utgjevne på nytt i nynorsk omsetjing.

Liv

Hans Flaten vaks opp på Flaten (gnr. 69, bnr. 8), som ligg i i grendi Lio i Mørkedalen. Han var einebarn av Ola Flaten (1828-1891) og Margit Håkonsdotter Bergo (1826-1906). Som odelsgut kunne han ha fått garden, men han valde istaden å utdanne seg til lærar. Han søkte seg inn på Voss lærarseminar, der han byrja 1. oktober 1876. 15. juli 1878 vart han uteksaminert, med gode karakterar. Då han kom heimatt, fekk han arbeid som lærar i Ålrust og Lykkja skulekrinsar, der han vart tilsett 27. august.

Flaten vart gift den 3. juni 1887 med Birgit Ingvaldsdotter Båste (1865-1940) frå Båste (gnr. 54, bnr. 4). Fyrste sonen deira vart fødd drøyt fem månader seinare. Året etter kjøpte Flaten garden søre Jordé (gnr. 51, bnr. 9) i Eikregrendi nedst i Hemsedal, og flytte dit med kone og barn. Kjøpesummen var 10 000 kroner. Flaten vart seld til handelskaren Ola Olson Huso (1848-1919), og foreldrane åt Flaten kom også med åt søre Jordé.

Siste skuledagen som lærar for Flaten vart 11. oktober 1902. Etter 24 år vart det slitsamt for Flaten å vera lærar samstundes som han dreiv garden sin, og han bad fyrst om eit års permisjon, for så å seia ifrå seg posten. Det var etter han hadde avslutta verksemdi som lærar han for alvor byrja verksemdi som lokalhistorikar, og den fyrste boki hans var Hemsedal og Hemsedøler, som han gav ut saman med Ingvald H. Ulsaker i 1906. Den vart utgjeven i Fargo, North Dakota, og var mest retta mot utflytta hemsedølar i USA. I samband med jubileumsåret for grunnlovi i 1914 gav han så ut boki Hemsedal 1814-1914, som skildra mange ulike sider ved det siste hundreåret i Hemsedal, frå bygdesegn til den nylege utvandringi til Amerika. Boki vart godt imotteken av sambygdingane, og fekk også nokre gode skussmål frå professor Oscar Albert Johnsen, som skildra boka som av «megen interesse, særlig i kulturhistorisk henseende».

Den 28. mai 1930 døydde Hans Flaten på det Militære Sjukehus i Oslo etter ein operasjon. Ei portrettbyste av han, laga av Arne Durban, vart avduka i kommunehuset i Hemsedal den 1. juli 1967. Iallfall to av bøkene hans har vorti attutgjevne etter han døde, millom anna ved innsats frå Ola Rudvin.

Familie

Hans Flaten og Birgit Ingvaldsdatter fekk åtte born:

  1. Olav Flaten, fødd 16. november 1887, døde 1918 av spanskesjuken. Han var tenestmann ved jernbana i Drammen.
  2. Margit Flaten, fødd 1889, gifta seg i 1921 med Johannes Bjella i Ål, stasjonstjenestmann ved jernbana i Ål, Drammen og Oslo.
  3. Ingvar Flaten, fødd 1892, døde ung.
  4. Anne Flaten, fødd 14. oktober 1893, gifta seg i 1917 med Eirik O. Ålrust.
  5. Gunhild, fødd 12. oktober 1896, gifta seg i 1918 med Andres Viljugrein i Gol.
  6. Ingvar Flaten, fødd 11. juni 1899, arva garden.
  7. Torleiv Flaten, fødd 9. juni 1902, gifta seg i 1936 med Hilda Hultmann frå Ski.
  8. Barbo Flaten, fødd 14. juni 1908, gifta seg i 1938 med Ola Øynelien i Gol.

Verk

  • Hemsedal og Hemsedøler, Fargo, 1906, saman med Ingvald H. Ulsaker.
  • Hemsedal 1814-1914.
  • Hemsedals slektshistorie 1693-1923.
  • Hallingdal og Hemsedal, saman med N. F. Leganger.

Kjelder

  • Hans Flaten og Ola Rudvin. Hemsedals slektshistorie 1693-1975. Hemsedal kommune, 1976.

Eksterne lenkjer