Hans Hagerup Gyldenpalm (1774–1827)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Adelsvåpen tildelt stiftanmtmann Hans Hagerup ved adelspatent 23. februar 1781. Blasonering: sjå biletfila.
Hans Hagerup Gyldenpalm (fødd 21. mai 1774 i Kristiansand, død 31. desember 1827) var teolog og adelsmann. Han var res.kap. i Lom, sokneprest i Holt (nå i Tvedestrand kommune) og prost i Nedenes. Bestefaren Hans Hagerup de Gyldenpalm, stiftamtmann i Kristiansand, hadde vorte adla i 1781, og sonesonen Hans Hagerup Gyldenpalm var ein av dei som søkte og fekk anerkjent sitt adelskap i samband med adelslova 1821.


Familie

Foreldra var Eiler Hagerup Gyldenpalm (1740-1817) og Aasille Andrea Dedekam (1752-1793). Faren var president og borgarmeister i Kristiansand, seinare mellom anna lagmann i Skien og justisråd. Hans var den eldste av åtte sysken.

Hans Hagerup Gyldenpalm vart student 1792 og cand. theol. 19. januar 1802 ved Universitetet i København. Han gifta seg i København 15. august same året med danske Karen Marie Mariager (1779-1851). Ho var dotter til reipslagarmeister Christian Nielsen Mariager og Karen Ammonsdatter. Etter mannens død flytta ho attende til familie sin i København. Ekteparet hadde ikkje born.


Yrkeskarriere

Gyldenpalm hadde 18. juni 1802 fått stilling som residerande kapellan under sokneprest Halvor Arntzen i Lom prestegjeld. Denne stillinga hadde han til 1807. Han markerte seg der som ein uforsonleg motstandar av haugianarane som i desse åra gjorde seg etter måten sterkt gjeldande der i bygda, særleg i annekssoknet Skjåk. «Det nedrige Mennesket» og den «usle, illitteraire Sammensmører» Hans Nielsen Hauge, skriv Gyldenpalm i sin rapport til styresmaktene, hadde ved si fanatiske lære fått folk til å misse «Sindsroe og Tilfredshed med sin Stilling i verden».[1]

Da Gyldenpalm slutta i stillinga i Lom, hadde han og kona planar om å slå seg ned i København, men vart forhindra av krigsutbrotet det året.

I 1812 vart han utnemnd til sokneprest i Holt, som den gongen omfatta også Vegårdshei, ladestaden Tvedestrand og Nes jernverk. I 1826, året før han døydde, vart Gyldenpalm prost i Austre Nedenes prosti.


Respekt og hovmod?

Ein ven av Gyldenpalm frå tida på Agder var diktaren og juristen Conrad Nicolai Schwach. I sine livsminne omtalar Schwach venen slik:

«Han var en temmelig høi, bleg og maver, alvorlig og i sit Væsen noget afmaalt Mand, der ikkje var fri for en smule Adelsstolthed. Forresten var han en oplyst og retskaffen Mand, og en dygtig og nidkjær Præst, som med Flid og Smag udarbeidede sine prækener og holt dem med Værdighed og godt Foredrag. Han var en streng Overholder af Orden og Sædelighed i Menigheden og tog sig med Iver af Skolevæsen m.m. Han var derfor mindre afholdt end agtet af Menigheden.»[2]

Schwach meinte å ha merka eit visst innslag av hovmod og fåfengd hjå den elles respekterte venen. Noko av det same har også vorte notert av andre i Gyldenpalms samtid. I visitasberetninga si frå Lom i 1806 skriv biskopen om preika han hadde høyrt Gyldenpalm halde: «Enkelte Udtryk vilde Taleren have udeladt, om han havde vejet dem med mindre Selvtillid, og mere Hensyn paa Sted og Forhold.»[3] Krasse og nedlatande formuleringar i rapporten om haugianarane i Skjåk verkar til å stadfeste biletet.


Referansar

  1. Hosar, H.P. 1998:59.
  2. Schwach, C.N. side 217
  3. Hosar, H.P. 1998 side 59

Kjelder og litteratur

  • Elvius, Sofus: Familien Hagerup i Danmark og Norge. København, H. Hagerups forlag, 1902.
  • Hosar, Hans P.: Bygdebok for Skjåk, band 3, Skjåk kommune 1998.
  • Schwach, Conrad Nicolai: Erindringer af mit Liv. Ved Arild Stubhaug (red.), Kilden forlag 1992.