Harøy bogeskytarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Logo
Harøy bogeskytarlag er eit idrettslag på Harøya i Sandøy kommune og er med i Norges Bueskytterforbund. Laget, som vart skipa 6. september 2009, driv med bogeskyting i historisk stil med langboge. Laget har ein bane på Røsok, der ei av løypene er Vikingstien med blinkar som har motiv frå norrøn tradisjon. Dei har også innandørs trening på Steinshamna.

Nokre medlem av klubben har fleire sigrar i NM i bogeskyting, og gode plasseringar i VM og EM. Klubben arrangerer årleg Norwegian Open med opp til 120 deltakarar.

Kjelder