Haraldshaugen (Haugesund)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Haraldshaugen i Haugesund)
Hopp til: navigasjon, søk
Haraldshaugen fotografert på midten av 1900-tallet.

Haraldshaugen ligg på garden Gardå (Gard) i Haugesund kommune. I 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, blei det på Haraldshaugen reist eit monument over Harald Hårfagre og rikssamlinga.

Haraldshaugen i 1973.
Foto: Kristian Hilsen/Nasjonalbiblioteket

Kvar vart Harald Hårfagre gravlagt?

Harald Hårfagre døydde på kongsgarden AvaldsnesKarmøy. Kongesagaen Ågrip frå slutten av 1100-talet fortel at han vart hauglagd på Haugar opp frå Hasseløysund. Snorre går grundigare til verks, noko som har bakgrunn i at han sjølv oppheldt seg ved Karmsundet på reisene sine i 1218-20, og då søkte grava til den første rikskongen. I følgje Snorre blei Harald hauglagd på Haug ved Karmsund. I Haugesund står det ei kyrkje, og ved sjølve kyrkjegarden i nordvest er haugen til Harald Hårfagre. Men vestafor kyrkja ligg gravsteinen til kong Harald, som låg over grava hans i haugen. Skåre kyrkje stod på Haugå (Hauge/Haugar), og vanleg oppfatning var lenge at det var denne kyrkja Snorre sikta til. Ved kyrkja låg tre gravhaugar, og den eine av desse blei kalla Haraldshaugen.

Frå Haugå til Gardå

Mellom dei som seinare søkte grava til den første rikskongen, var Tormod Torfæus, busett på garden Stangaland på Karmøy. Han var kongeleg historieskrivar. Då Torfæus i 1685 leitte etter grava, synte ein bonde på Gardå han ei helle som låg framfor døra til eit hus på garden. Storleiken til hella stemde godt med dei måla Snorre hadde oppgitt på gravhella til kongen. Dessutan kunne bonden fortelja at det hadde stått ei kyrkje på garden. I det store verket sitt, Historia rerum Norvegicarum, lanserte difor Torfæus Gardå som Harald Hårfagre sin gravstad.

Haraldshaugen og ein av dei andre gravhaugane ved Skåre kyrkje blei undersøkte i første del av 1800-talet, utan at det kom for dagen funn som kunne knyttast til Harald Hårfagre. I staden auka interessa for Gardå, der det kunne påvisast spor etter ei steinkyrkje frå 1100-talet. Dei fleste som tok opp dette spørsmålet utover 1800-talet, var einige om at Gardå måtte vera staden. Snorre si stadfesting til Haugå vart forklara med at Gardå på denne tida truleg var del av ein storgard ved namn Haugar. På Gardå fanst ein liten gravhaug, som etterkvart blei utpeikt som Haralds grav. Namnet «Haraldshaugen» gjekk såleis over frå å bli brukt om ein gravhaug på Haugå til å bli namn på ein gravhaug på Gardå.

Ivar Aasen gjer Haraldshaugen kjent

I 1852 besøkte Ivar Aasen det folk antok var den gamle kongegrava på Gardå. Her vart han inspirert til å skriva om Haraldshaugen : Her ser eg Haralds haug fyre augom. Diktet stod på trykk både i Folkevennen, Illustreret Nyhedsblad og det kom med i P.A. Jensen si Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863). Dermed var Haraldshaugen sikra ein plass i den nasjonale mytologien som blomstra i denne nasjonsbyggingsfasen.

Fortidsminneforeininga kjøper ein gravhaug

Steinkross på Krosshaug.
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbiblioteket

Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring, stifta av malaren J.C. Dahl i 1844, fatta også interesse for Haraldshaugen. Foreininga knytta kontakt med magistrat Martin Nielsen i Haugesund. I 1863 fekk han flytta gravhella til det ein antok var kongegrava på Gardå. Nokre år seinare kjøpte han tomta, som vart skilt ut under namnet «Kong Harald Haarfagers Gravhøi». Av kjøpesummen på 70 spesidalar betalte interesserte haugesundarar 42 og Fortidsminneforeininga 28 dalar. Foreininga blei ståande som eigar. Ein steinkross frå den første kristne tida hadde stått i nærleiken av haugen. Krossen, som var knekt i to, vart klinka saman og gjenreist like sør for Haraldshaugen på Gardå i 1869.

Jubileumskomiteen i arbeid

Forretningsmannen Ludolf Eide i Haugesund presenterte i 1863 ideen om å reisa eit minnesmerke over Harald Hårfagre i samband med 1000-års markeringa av slaget i Hafrsfjord. 872 var det offisielle årstalet for slaget (dei fleste historikarar vil vel no tidfesta det meir omtrentleg til ein gong i siste del av 800-talet). Arbeidet til den første jubileumskomiteen stoppa snart opp, men ein ny komite etablert i 1869 fekk fart i prosjektet. Pengar vart samla inn, og arkitekt Christian Christie laga to utkast til monument. Vinnarutkastet viste ein obelisk omgitt av 29 steinar som symboliserte dei fylka ein meinte Harald hadde samla. Det endelege monumentet vart endra noko, mellom anna ved at obelisken stod på ein jordhaug i staden for på eit trappearrangement.

Haugesund-komiteen fekk ein avleggjar i Christiania som skulle bistå med arrangementet. Ein freista å engasjera dei største kulturpersonlegdomane i samtida. Ole Bull, som oppheldt seg i Amerika, blei kontakta. Han starta ein innsamlingsaksjon for jubileet, men det viste seg etter kvart at han ville bruka midlane til eit fyrtårn ved Hafrsfjord i staden for eit monument i Haugesund (det blei ikkje noko av fyrtårnet og Bull tapte pengar på prosjektet). Bjørnstjerne Bjørnson såg på seg sjølv som den naturlege festtalaren ved avdukinga av monumentet i Haugesund, men riksarkivar Michael Birkeland advarte festkomiteen med at det ville høva dårleg at republikanaren Bjørnson skulle bidra til å feira det norske monarkiet. Dermed måtte Bjørnson halda seg heime. Jubileumskomiten ønskte elles å få Henrik Ibsen til å skriva ei kantate. Ibsen likte ille formuleringane i brevet han mottok i Dresden, og sende eit krasst svarbrev til komiteen. Etter at Birkeland gjekk i mellom som «fredsmeklar», aksepterte likevel diktarhøvdingen oppdraget. Ibsen kom ikkje sjølv til Haugesund, men godtok at bergensaren Morten Beyer skulle framføra kantaten. Festkomiteen mottok også sangar og dikt frå mellom andre Jonas Lie, Jørgen Moe og Andreas Munch. Heller ikkje politikarar var så enkle å ha med å gjera. Venstre-leiaren Johan Sverdrup takka nei til å vera med i festkomiteen. Grunnen skal ha vore at han ikkje ville feira ein konge som hadde teke odelen frå folk.

Dei innsamla pengane til monumentet strakk ikkje til, men Stortinget gav ei hjelpande hand og løyvde 1500 spesidalar. Vedtaket var ikkje einstemmig. Blant dei som stemde mot var Søren Jaabæk. Utover våren og forsommaren 1872 pågjekk det ein hektisk aktivitet i Haugesund. Oppå den vesle gravhaugen på Gardå som Fortidsminneforeininga hadde kjøpt, blei det laga ein stor jordhaug og på toppen av denne sette ein den ca. 55 fot høge støtta.

Festdagen 18. juli 1872

18. juli 1872 vart den store festen arrangert. Dagen var tilfeldig vald og blei markert over heile landet. I Haugesund skein sola frå blå himmel, men det blas ein kald nordavind. Kanonsalutt klokka 6 markerte opninga av festen. Deretter gjekk det slag i slag utover dagen med festgudsteneste i Skåre kyrkje, prosesjon gjennom byen og til Haraldsstøtta, avduking med diverse progam og seinare festmiddag med mange talar i ein paviljong reist for dette høvet. Prins Oscar stod for avdukinga, sidan kongen hadde meldt avbod på grunn av sjukdom. Representantar for regjering, høgsterett og universitetet var til stades. Stortinget sende ein delegasjon på 12 av sine fremste representantar. Fylka som steinane kring minnesmerket symboliserte, hadde sine utsendingar. Elles bidrog til dømes Hardangerske bataljon, Bergenske brigades musikkorps og eit sangkor frå Bergen. Eit norsk og eit svensk krigsskip hadde kome til byen. Det norske hadde med seg Marinens musikkorps, samt kanoner og fyrverkeri frå Horten. Frå Christiania var det sendt flagg, servise til festmiddagen og personale til oppvartninga. Haugesund var rydda og reingjort og gatene pynta med flagg og grønt. Handelsstanden nytta høvet til å framby mellom anna «Haraldssigarar» og krus med teikning av minnestøtta. Arrangementet gjekk stort sett etter programmet og bidrog til å setja sildabyen ved Karmsundet på norgeskartet. Då fekk det heller våga seg at Ibsen blei rasande, etter at han fekk høyra at kantaten hans var framført under festmiddagen og ikkje som ein sentral post ved avdukingsseremonien tidlegare på dagen. Haugesund hadde på denne tida rundt 4000 innbyggjarar, men det skal ho vore om lag 20 000 menneske i byen 18. juli 1872. Dermed var ikkje dette ein fest berre for «fiffen». Ein mann hadde til dømes gått den lange vegen frå Setesdal til Haugesund. Då vakta i kyrkjedøra fekk høyra det, slapp den bunadskledde setesdølen inn sjølv utan adgangskort.

Litteratur

  • Krag, Claus: 18. juli 1872. I: Et hus med mange rom. Vennebok til Bjørn Myhre på 60-årsdagen. Red. Ingrid Fuglestvedt, Terje Gansum, Arnfrid Opedal. Arkeologisk museum i Stavanger, 1999. Serien AmS-rapport, 11B
  • Østensjø, Reidar: Haugesund. B. 1: 1835-1895. Haugesund kommune, 1958
  • Faktaark fra Kartverket finnes.

Koordinater: 59.429° N 5.25888° Ø