Ingmar Relling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingmar Relling.
Foto: Ukjent; faksimile fra Mannila (1996):God form i Norge.

Ingmar Relling (fødd 8. april 1920 i Sykkylven, død 9. april 2002) var ein av nestorane blant norske møbelindustridesignerar. Han tok diplomutdanning ved Kunst- og handverksskulen i Oslo i 1947. Fram til 1950 arbeidde han ved arkitektkontoret som broren, Adolf Relling, dreiv i hovudstaden. I 1950 flytte han tilbake til Sykkylven. Dei neste åra veksla han mellom arbeid som interiørarkitekt og møbeldesignar. Frå 1960 kunne han konsentrere seg om det han likte aller best, utvikling av kvalitetsgode møblar for folk flest.

Då møbelbedriftene på Sunnmøre voks fram kring andre verdskrigen var det varemangel og seljars marknad. Det førte til at det var lite trong for formmessig nyskaping. Kring 1960 vart det meir normale marknadstilhøve og dei som ville hevde seg i konkurransen, mellom anna på dei nye eksportmarknadene, måtte orientere seg i dei nye stilretningane og ta i bruk nye materialar og produksjonsmåtar. I dette omleggingsarbeidet vart designerane nødvendige medhjelparar, og Ingmar Relling leia an. Han hadde dei beste føresetnader for å lukkast med dette prosjektet. I unge år hadde han arbeidd i produksjonen ved Vestlandske Møbelfabrikk. Her hadde han fått innsikt i dei praktiske problemstillingane som var knytte til møbelproduksjonen. Meir enn mange andre greidde Relling i si møbelformgjeving å kombinere det estetisk og funksjonelt høgverdige med det rasjonelle, og det særmerkte og kvalitetsgode med det prisgunstige. Han gav folk flest høve til å skaffe seg gode møbelprodukt. Gjennom dette viste han sitt humanistiske sinnelag. Kunsthistorikaren Fredrik Wildhagen skriv i sin biograf om Ingmar Relling at eit hovudmål for designaren var at møblane han teikna skulle vere både gode og billege og at dei skulle vere tilgjengelege for dei mange i samfunnet, ikkje berre dei få. Dette programmet var han trufast mot heilt til det siste. Han var likevel oppteken av at møbelformgjevinga ikkje skulle gje avkall på kvalitetskrava. «Eg set ærlegdom høgst», uttalte han ein gong.

Ingmar Relling har blitt særleg knytta til Vestlandske og Siesta-stolen. Han var langt meir allsidig enn som så. Han teikna for mange av dei møbelfabrikkane på Sunnmøre som utvikla seg til landskjende møbelprodusentar, mellom dei var Ekornes, Tennfjord Møbelfabrikk, Vatne Lenestolfabrikk, Hjellegjerde og Pedro. Møbelindustrien på Sunnmøre, som tidlegare hadde slite med eit frynsete omdøme blant dei som forstod seg på god design, fekk med Ingmar Relling den hjelpa dei trong for å vinne aksept også blant kresne møbelkjøparar i inn- og utland. Hovudproduktet hans, Siesta, vart ein døropnar for norsk møbeleksport.

Ingmar Relling vart heidra med ei rekke prisar for arbeidet sitt som møbeldesignar. I 1978 fekk han den største heideren ein norsk formgjevar kan få; Jacobprisen. I 1999 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder