Jørund Telnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Jørund Telnes fra Seljord til venstre, John Lie fra Fyresdal til høyre. Begge utdannet fra Kviteseid seminar og forfattere.
Foto: Fra Ljos over Telemark : eit attersyn. Olav Stranna, 1937
Jørund Telnes (født 10. januar 1845 i Seljord, død 1892) var forfattar. Son av Nils Sigurdsson Forberg (1815-74) og Ingebjørg Jørgensdotter Telnes (1825-1916). Bror av Sigurd Nes.

Telnes var ein populær diktar og lokalpolitikar i Seljord. Han var ferdig med Kviteseid Seminar som 18-åring og arbeidde som lærar i heimbygda nokre år før han tok meir utdanning mellom anna ved folkehøgskolen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Både Bruun og Kristoffer Janson som var lærarar ved skulen, fekk mykje å tyde for diktinga til Jørund Telnes. På slutten av 1800-talet var han kjent over heile landet.

Telnes var av bondeslekt og var ein klar bondevenn. Han hadde eit sterkt samfunnsengasjement og markerte seg sterkt overfor Viggo Ullmann og hans måte å drive skule på.

Då Telnes kom tilbake fra Gudbrandsdalen, var futen ordførar i Seljord. Hans opposisjon overfor embetsmenn viste seg snart. Telnes var uenig med futen i mange saker, og blei snart ordfører sjølv. Han var ordførar i tre perioder 1878-83 og 1886-88. Han var ein av dei første ordførerne som skreiv møtebok på landsmål.

Jørund Telnes skreiv dikt frå han var ung og debuterte i 1877 med boka Sterke-Nils; ein vise-syklus om kjempekaren Sterke-Nils.

Han skreiv folkelivsskildringar og dikt og gjekk etter kvart over til å skrive på normalisert landsmål. Den best kjente boka hans er Guro Heddelid, ein forteljing frå 1300-talet. Boka er basert på sagnstoff frå Grunningsdalen.

Kjelder

Eksterne lenker