Jacob Aaland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.
Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren.

Familie, oppvekst og utdanning

Jacob Aalands barndomsheim, Sagebakken. Fotograf ukjent.

Han var fødd og oppvaksen i Randabygda i Innvik (nå i Stryn kommune), som den nest yngste i syskenflokken på fem. Foreldra var Anders Person Hamar (1826-1890) og Brita Jensdotter Åland (1827-1866). Dei dreiv husmannsplassen Sagebakken under Åland, som altså var Jakobs barndomsheim. Familien dreiv elles eit utprega mangesysleri. Faren var smed og bygningssnikkar. Dei dreiv sag og stampe i Hoplandselva, og dei fiska i fjorden. Som smågut var Jacob i teneste på gardane som gjetargut.

Etter folkeskulen gjekk Aaland eit år på amtsskulen i Gloppen 1881-1882. Der hadde han den kjende norskdomsmannen Elias Melvær som lærar. Så tok han eksamen på Stord lærarskule i 1884.

I dei fyrste åra etter lærarskulen tok Aaland etterutdanning i form av sommarkurs ved Vonheim folkehøgskule i Gausdal og ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. I 1888-1890 gjekk han ved Den gymnastiske Centralskole i Kristiania. I dei to åra nytta han flittig høvet til å granske historiske kjelder i Riksarkivet. Det fekk han på nytt høve til da han i 1903 gjekk på teiknekurs ved Den kongelige tegne- og kunsthåndverksskole i hovudstaden.

Jacob Aaland var frå 1896 gift med Anna Kristine Andersen (1867-1958) frå Horten, dotter til politibetjent Ingebrigt Andersen og Oline Persdotter. Dei fekk borna Borgny (1897-1937), Oddrun (1899-?), Ingerid (1901-?), Asmund (1903-88) og Rannveig (1908-?).

Yrkeskarriere

Jacob Aaland som aldrande mann. Fotograf ukjent.

Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule.

I samband med opphaldet i Kristiania i 1903 arbeidde han i to månader i eit vikariat som assistent i Riksarkivet.

I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad.

Samfunnsengasjement

Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.

Han ivra for den frilynde ungdomsrørsla. Han var med og skipa ungdomslag i Randabygda i 1884 og det regionale Firda ungdomslag i 1896. Derimot kan ikkje Aaland seiast å ha vore målmann. Sjølv skreiv han helst det riksmålet han hadde lært i skulen. Men han gjekk med på at Nordfjord-bøkene skulle skrivast på landsmålet, farga av dialekten i regionen, slik han gjer greie for det i føreordet til bygdeboka for Eid-Hornindal i 1909:

Firda maallag og mange av ungdoms- og maallagi kringum i bygderne i Nordfjord kravde sterkt at verket skulde verta skrive paa maalet […] Eg fann aa maatte bøygja meg fyre kravet; men det hev baade seinka og meinka arbeidet, daa eg sjølv ikkje hadde den dugleik aa skriva maalet, som var naudturvande.

Bygdebøkene og lokalhistorisk organisasjonsverksemd

Sitt fremste samfunnsvirke såg nok Aaland i sitt lokalhistoriske engasjement. Han såg granskinga si i eit tidstypisk kulturvern- og norskdomsperspektiv. I føreordet til det fyrste bygdebokbandet han gav ut, for Eid og Hornindalen i 1909, uttrykte han det slik:

Segner og sogeminne, som knyter seg til ætter, gardar og grender, døyr meir og meir burt, og det er laakt; for desse sogeminne og segner, som knyter seg til heimen og fedraætti, nører elsken til heimebygdi best, og i den elsken hev kjærleiken til fedralandet dei djupaste røterne sine.

Allereie i ungdomen hadde han byrja å studere gamle gardsdokument i heimbygda. Han nemner sjølv at han kom eit steg vidare i arkivgranskingane av di Andreas Feragens Øvelsesbog i Læsning af Haandskrifter vart nytta i folkeskulen i Kragerø medan han arbeidde der.

I Bergen kom han med i eit aktivt fagmiljø som bestod av mellom andre stiftsarkivar Just Bing, historikaren Christian Koren Wiberg, arkeologen Haakon Shetelig, som var styrar for Bergens Museums arkeologiske avdeling, og Kristofer Visted, som leia den kulturhistoriske avdelinga same stad. Elles nemner Aaland sjølv blant sine inspiratorar Yngvar Nielsen ved Universitetet i Kristiania og Chr. Brinchmann ved Riksarkivet.

Dette fagmiljøet skipa i sameining med aktive byhistorisk amatørar Bergens historiske forening i 1894. Allereie i 1895 heldt Aaland foredrag i foreininga om «Nordfjords lensherrer og fogder i tidsrummet 1520-1620», som vart trykt i foreininga sin skriftserie. Han var sjølv varamann til styret frå 1897, frå 1911-1915 var han styremedlem.

Kanskje allereie frå tidleg i 1890-åra hadde Jacob Aaland sysla med planar om å skrive Nordfjords historie. Arbeidet følgde ein plan som gjekk ut på å skrive eitt band for kvar av bygdene i Nordfjord, og dertil eit generalband for heile futedømmet sett under eitt. Det fyrste bandet, om Eid-Hornindal, kom ut i 1909, så følgde Gloppen-Breim i 1915, Innvik-Stryn 1932 og Selje, Nord- og Sørvågsøy i 1943. Generalbandet, som ikkje vart fullført, skulle med Aalands eigne ord handle «um folket og livevegane, um hus, husbunad og klædebunad, um kultur, sedskap, gamle skikkar og gamal påtru, um sermerkte ætter og einskilde framgangsmenn, og um embettesmenn». Banda for dei einskilde bygdene innheldt i tematisk skilde bolkar emne som topografiske tilhøve, busetnadshistorie frå dei eldste tider, arkeologiske funn, prestebiografiar,utgreiingar om einskilde godssamlingar og «drag av soga» frå mellomalder og tidleg nytid. Men største bolken i bygdebanda gjeld historia til dei einskilde gardane, med noko opplysningar om folk som har budd der.

Både disposisjonen i einskildbanda og den overordna planen for heile verket fell godt saman med den planen som Lorens Berg arbeidde etter for Vestfold, ein plan som var utarbeidd av Komiteen av 13/11 1906. Aaland og Berg dreiv til dels samtidig granskingar i Riksarkivet dei fyrste åra av 1900-talet, og dei hadde nær kontakt med Yngvar Nielsen og Oscar Albert Johnsen. Dei to var dei mest sentrale universitetshistorikarane som engasjerte seg i lokalhistorie i denne startfasen for den norske bygdeboksjangeren.

Bibliografi (hovudverka)

Jacob Aalands familiegravstad, Fredly kyrkjegard i Gloppen.
Foto: Einar Rygg
  • «Nordfjords lensherrer og fogder», i Bergens Historiske Forenings Skrifter 4:4, Bergen 1898.
  • «Frå fylkesthingene i Nordsfjord i det 17de aarhundrede», i Bergens Historiske Forenings Skrifter 10.9, Bergen 1904.
  • Nordfjord fraa gamle dagar til no.
Eid-Hornindal, Bergen 1909.
Gloppen-Breimn, Bergen 1916.
Innvik-Stryn, Sandane 1932.
Davik, Sandane 1939.
Selje, Nord- og Sørvågsøy, Sandane 1943.
  • «Levninger av gammel kultur i Nordfjord», i Norsk folkekultur, 1915 og 1916.
  • Gloppens sparebank i 50 år (1882-1932), Sandane 1932.
  • Nordfjords stortingsrepresentation frå 1814 til nu, Nordfjordeid 1925,
  • Fitjar. Bygdeskipnad og bygdesoga, bd. 1-2, Sandane 1932.
  • Gloppen-Breimn kommunesoga 1838-1937, Sandane 1938.

(Sjå elles fullstendig biografi hjå Reidar Djupedal: «Skrifter av Jacob Aaland», i Årbok for Nordfjord, 1965.)

Kjelder og litteratur

  • Alsvik, Ola: om Aaland i Norsk biografisk leksikon
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland og bygdesogeverket hans om Nordfjord», i Årbok for Nordfjord, Sandane 1965.
  • Djupedal, Reidar: «Jacob Aaland og bygdesoga på hundreårsdagen for hans fødsel», i Heimen 1/1966.
  • Jacob Aaland i folketelling 1900 for Bergen kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Jacob Aaland i folketelling 1910 for Bergen kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Johnsen, Oscar Albert: om Aaland i Norsk biografisk leksikon, 1923.
  • Skrede, P.M. «Jacob Aaland», i Årbok for Nordfjord, Sandane 1965.
  • Tvinnereim, Jon: «Bygdesogepioneren Jacob Aaland», i Sogeskrift for Eid 1999.

Eksterne lenker