Johan Henrich Berlin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berlin var organist i Vår Frue kirkje frå 1772 til 1788.
Foto: Olve Utne

Johan Henrich Berlin (17411807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Av dei bevarte verka etter honom kan nemnast to sinfoniaer, ein leilegheitskantate, ein sonate for fiolin, cello og klaver og ein del pianomusikk, inkludert ein sonate og ein sonatine.

Liv

Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son av Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døypt i Nidarosdomen den 1. september same året.[1] Johan Henrich fekk musikkundervisning av far sin og fekk tidleg vikariat som organist. Han fekk stilling som organist ved Hospitalskirkja allereie 17 år gammal, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje. J.H. Berlin var med i Det Trondhjemske Musicalske Selskab frå det vart stifta i 1786, men slutta der etter eit års tid. I 1788 tok han over stillinga som domorganist i Nidarosdomen da far hans dødde, og han beheldt denne stillinga resten av livet. Johan Henrich Berlin dødde i Trondheim i 1807 og vart gravlagt frå Nidarosdomen den 10. september.[2]

Utanom gjerninga som meinigheitsorganist ser det ut til at han først og fremst dreiv med komponering. Av annonsar frå 1788 og 1791 og andre lister ser vi at han må ha skrive minst 59 verk. Dei fleste av desse er dessverre gått tapt, men av dei verka vi kjenner til, ser vi at stilen hans ligg i området førklassisk til tidleg klassisk stil.

Bevarte verk

Vokalverk

Orkesterverk

Kammermusikk

  • Sonate for fiolin, cello og klaver

Pianomusikk

Fotnotar

Kjelder

Eksterne lenkjer