Løyning under Vatnedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Løyning (Bykle))
Hopp til navigering Hopp til søk
Løyning
Vatnedalen 27.jpg
Løyning pr 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1797
Utskilt: 1854
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 6
Bnr: Lnr 13c
Type: Gardsbruk

Løyning i Bykle kommune ligg sør for Dalen, på nordsida av vassføret frå Vatnedalsvatnet og ned mot Otra. «Bruket ligg noko løynleg til, med åsar og haugar ikring», skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78), og meiner at namnet grunnar seg på det løynlege lægjet. Me skal ikkje reise innvendingar mot denne tolkinga.

Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 257) fortel at rudningsmannen her var numedøl og heitte Kjetil Skavleim, og dette stemmer. Kjetil kom frå Rollag, øvst i Numedal, og foreldra hans var Eivind Kjetilsson Vindegg og kona, Ingebjørg Pedersdotter. Eivind døydde ung, og Ingebjørg gifte seg då omatt med Knut H. Kjemshus på Nordre Skavleim. Såleis kom Kjetil til Skavleim.

  • Kjetil Eivindsson Skavleim, f ca 1746, d 1805
g 1774 m Anne Helleiksdotter Kvisle, f ca 1750, d 1830. Born:
  • Eivind, f 1775, truleg d liten
  • Sigrid, f 1777, g 1796 m Knut Sigbjørnsson Vatnedalen, sjå Der hite, bnr 4
  • Hæge, f 1780, g 1805 m Åvold Jonsson Nesland, sjå Dysje, gnr 8
  • Eivind, f 1782, truleg d liten
  • Helleik, f 1785, g 1818 m Torbjørg Auversdtr. Vatnedalen, sjå Glidbjørg
  • Ingebjørg, f 1790, g 1. 1816 m Ånund Pålsson Stavenes, g 2. 1843 m Auver Knutsson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden
  • Eivind, f 1797, d 1797

Anne Helleiksdotter var dotter åt Helleik Persson Glaim og kona, Helga Steinarsdotter Kverndalen.

Kjetil åtte Nordre Skavleim frå 1774 til 1789. I det sistnemnde året selde han garden sin til verbroren, Steinar Helleiksson Kvisle. I bygdeboka frå Rollag (K. Hoff: Rollag bygdebok, II, 215) står det at «både Kjetil og kona må ha døydd straks etterpå» men det er berre avdi dei sidan ikkje er synlege i kjeldene i heimbygda, og det kjem altså av at dei hadde reist til Bykle.

Her i bygda veit me at dei var iallfall frå hausten 1790, for den 3.10. det året hadde dei dottera Ingebjørg til dåpen i Bykle kyrkje. Dei budde då i Ørnefjødd, fortel kyrkjeboka, og på grunnlag av den same kjelda kan me slå fast at dei vart verande der til våren 1797.

Dei må då ha vore busetar hjå Olav Nilsson Husevoll, skjønar me. Men hausten 1796 kom Nils, bror åt Olav, flytjande frå Bjones med huslyden sin, og då vart det nok for trongbudd i Ørnefjøddstoga.

Våren etter flutte då Kjetil, Anne og borna deira til Løyning. I den gamle gards- og ættesoga (184) står det at «Familien har budd i Løyning og i Vatnedalen. Kjetil sat i Løyning. Om han åtte det, veit vi ikkje sikkert». Dette er for så vidt greitt nok, men grunnen til at kyrkjeboka fører opp Vatnedalen som adresse frå hausten 1797, er at Løyning i namnet var plass under Vatnedalen. Kva slags avtale Kjetil hadde med vatnedølane er ukjent, men i og med at han hadde rudt plassen sin frå rå rot, er det vel rimeleg å rekne med at vilkåra har vore omlag som i Ørnefjødd: Formell husmannsstatus, men låg årleg leige.

Etter at Anne Helleiksdotter døydde i 1830, kan me ikkje sjå at det budde nokon i Løyning fyrr den eldste av sønene åt Knut Sigbjørnsson i Der hite flutte hit. Det var i 1917.

Sigrid Sigbjørnsdotter i brurebunaden sin i 1917. Me noterer oss at ho nytta fjellgardsdrakta. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Sjur Løyning og Kjetil Hovden på møte i reinsdyrlaget ca 1935. Utsnitt av større bilete som står i bolken om Flaten Breive, bnr 6. Frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.
  • Sigbjørn Knutsson Vatnedalen, f 1861, d 1941
g 1892 m Marta Sjursdtr. Vatnedalen, f 1876, d 1962. Born:
  • Sigrid, f 1895, d 1936, gardkone, g 1917 m Torleiv Olavsson Kvålen, Mo, born:
  • Margit, f 1918, busett Oslo
  • Tone, f 1919, g m Erling O. Underdal, Mo, jfr. Mo bygdebok I, 416
  • Olav, f 1897, d 1897
  • Knut, f 1898, g 1936 m Birgit Andresdtr. Bratteland(e.), sjå nedanfor
  • Sjur, f 1901, d 1988, anl.arb., ug, busett her
  • Margit, f 1903, d 1990, gardkone, g 1925 m Ånund Mikkelsson Holen, sjå Nygård Holen, gnr 12, bnr 6
  • Gunvor, f 1907, d 1990, gardkone, g 1939 m Grunde Gunnarsson Gausi, busett Gausi, Åraksbø, gnr 31, bnr 3, born:
  • Knut, f 1940, ing., g m Solfrid Abusland, busett Kristiansand
  • Olav, busseigar, gbr., f 1910, d 1989, g 1944 m Birgit Andresdtr. Bratteland, sjå Steinsland, gnr 3, bnr 17
  • Kjetil, f 1914, d 1990, lastebileigar, g 1946 m Birgit Arnesdtr. Bjørgum, sjå Solheim, gnr 14, bnr 36

Marta var frå Vatnedalen Der sø, eldste dotter åt Sjur Sjursson Natlland og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden.

Jamvel om det ikkje vart tinglyst noko skøyte, reknar me det for truleg at Sigbjørn og Marta åtte Vatnedalsplassen frå det leitet då dei gifte seg i 1892. Heilt sikkert er det at dei seinare åtte det bruket, og at dei budde der frå dei gifte seg og til neddemminga av Vatnedalen i 1917 gjorde det turvande å flytje i frå. Då kom dei hit.

Me har heller ikkje sett at Sigbjørn skaffa seg tinglyst skøyte på Løyning, men går ut ifrå at han må ha vorte tilheimla eigedomen her hjå broren Knut ved det leitet då han flutte hit. I 1927 overtok han også det som var att av Vatnedalen Der hite, bnr 4, frå broren. Etter dette har Løyning og Der hite vore rekna som eitt bruk med bnr 4, jamvel om det ikkje er bokført noko formell samanslåing.

Sigbjørn og sønene husa opp bruket i 1916-17. I desse åra fekk dei opp både nytt uthus og ny stogebygning. Den sistnemnde er på 6 x 10 m i 1 1/2 høgde.

I 1932 skøytte Sigbjørn bnr 4 og bnr 6 over på eldste sonen. Han og syskena nytta etternamnet Løyning.

Birgit A. Løyning fyre ho gifte seg. Biletet kjem frå Åsmund G. Tveiten.
Bilete frå slåtten i Vatnedalen 1946, som kjem frå samlinga ved Setesdalsmuseet. Frå venstre: Knut S. Løyning (1898-1985), Olav S. Hoslemo (1917-1971), Marta A. Holen (f 1928), Sjur S. Løyning (1901-1988) og Gro S. Hoslemo (f 1929).
  • Knut Sigbjørnsson Løyning, f 1898. d 1985
g 1936 m Birgit Andresdtr. Bratteland, f 1915, d 2005. Born:
  • Marta, f 1937, ug
  • Sigbjørn, f 1939, anl.arb, g m Gerd Rønningen, busett Elverum
  • Torbjørg, f 1941, husmor, g m Jon Brastad, busett Søgne
  • Sigrid, f 1947, kontorarb., g m Jan Gunnar Samuelsen, busett Mosby

Birgit Andresdotter kom frå Systog Bratteland, gnr 9, bnr 5. Foreldra hennes var Andres Knutsson Bratteland og kona, Torbjørg Hallvardsdotter Berg. Dei flutte til Arendal i 1954.

Det dyrka arealet i Løyning vart i 1954 oppgjeve til 30 mål. På den tid hadde dei 4 kyr og kring 20 sauer, står det i Norges Bebyggelse. Utmarka er ihopsett av fleire teigar, som samanlagt utgjer kring 10 000 mål.

Utpå 1970-talet flutte Knut og Birgit frå Løyning pga. den tilstundande anleggsverksemda i området. Dei kaupte seg ei tomt ved Berdalsbru i 1974, og fekk seg opp hus der i åra som fylgde.

Det nye huset vart teke i bruk i 1979. Etter dette var det berre den ugifte Sjur Sigbjørnsson att i Løyning. Han budde her til 1986, då han flutte til bygdeheimen i Bykle. Sidan har bruket vore nytta som feriestad.

Birgit var på bygdeheimen i Bykle frå januar 2004 til ho døydde i februar 2005. Inntil ho laut på heimen budde ho i huset frå 1979 saman med dottera Marta. Marta bur framleis der (2006).


0941 Bykle komm.png Løyning under Vatnedalen er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der hite • Neste bolk: Ørnefjødd