Leikarringen Noreg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Leikarringen Noreg vart stifta 11. november 1924 som ein del av Bondeungdomslaget i Drammen. Lagets første formann var Th. Steinseth. Laget har i dag (2014) om lag 60 medlemmer.

Formålsparagraf

Lagets formålsparagraf lyder:

Leikarringen Noreg er et lag i Bondeungdomslaget i Drammen, og har som formål å fremme forståing, interesse for, og utøving av folkedans, folkemusikk, bygdedans og bygdebunader

Organisering

Ringen er eitt av tre lag i Bondeungdomslaget i Drammen som alle er sjølvstendige lag med eige styre og uavhengig økonomi.

Innanfor laget er danna «Bygdedanslaget» som skal ha fokus på bygdedanser og lagets deltakelse på kappleiker. Denne del av laget er medlem av Landslaget for Spelemenn, LFS.

Dansen og sangen

I laget dansast turdansar, runddansar, songdansar, og det leggast vekt på alle folkedansformer, også bygdedans. Ein prøver å helde songdansen i hevd med ekstra undervisning ein gong i månaden. Laget har alltid songer og dansar frå lokalmiljøet på repertoaret.

Lagets tidlegare leikleiar Rolf Iversen har laga dansemåte til «Menuett i mai» og konstruert «Drammensmasurka» og «Rolf's turreinlender», og desse er også alltid på laget sitt repertoar. Nåværande leikleiar er Kristin Solhaug.

Aktiviteter

Laget er aktivt med mange oppvisningar i løpet av året; deltaking på leikfestar, besøk av veneforeningar i Norden, besøk og deltaking på folkedansfestivalar.

Leikarringen Noreg arrangerer «Ball og Leikfester» annakvart år. I de siste årene har laget i samarbeid med Leikarringen i Haug Bondeungdomslag og Eiker Spellemannslag arrangert eit folkedansseminar på Prestfoss i slutten av oktober.

Øving

Laget har danseøvingar ukentleg unnteke sommermånedene, medan den første øvinga i månaden har eit særleg fokus på songøvingar. Den andre månedlege øvinga kjem Drammen Trekkspillorkester til fellesøving delar av kvelden.

Kjelder

Eksterne lenker