Lokalsamfunn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Innan lokalhistorisk verksemd er i praksis «lokalsamfunn» einstydande med eit nærare bestemt geografisk område der det har budd folk som har hatt eit minstemål av fellesskap seg i mellom opp gjennom tidene. Svært ofte er det eit politisk-administrativ fellesskap av verdsleg eller kyrkjeleg art som ligg bak, det vil seia ein kommune, eit prestegjeld, eit sokn. Ein by eller ei bygd som ikkje i dag er samanfallande med ein kommune eller prestegjeld, viser seg som oftast å ha ei fortid som bykommune, ladestad, herad eller sokn. «Lokalhistoria» blir såleis «historia om staden» meir enn det blir «historia om lokalsamfunnet». For om ein går ut frå kultur- og samfunnsvitskaplege kriteriar og definerer lokalsamfunn som «lokale kulturelle fellesskap», «lokale samhandlingseiningar» eller liknande, ser ein snøgt at likskapsteiknet mellom til dømes «kommune» og «lokalsamfunn» blir problematisk.

Lokalsamfunn på tvers av lokale grenser?

I våre dagar er det svært mange menneske både i by og bygd som bur ein stad, har sitt daglege arbeid ein annan stad og kanskje sin omgangskrins og sine øvrige sosiale og kulturelle nettverk heilt andre stader. Hyppigare flytting, innvandring frå andre land og nye kommunikasjonsfellesskap (som dei mange wiki-fellesskapa!) har gjort dei sosiale og kulturelle mønstra meir innfløkte. Alt dette stiller lokalhistorikaren overfor nye utfordringar når han eller ho skal framstille den nyaste historia til dømes til ein kommune.

Men det gjeld slett ikkje berre den nyaste tida. Ein allsidig interessert lokalhistorikar må for dei fleste epokars vedkomande sjå langt utover eigne bygde- eller bygrenser for å kaste fullgodt lys over historia til dei menneska som har budd i det bestemte «lokalsamfunnet». Omverda er ein del av lokalsamfunnet. Verdskonjunkturar, krigar, stortingsvedtak, lover vedtekne i den amerikanske kongressen (Homestead Act!) er med på å forme lokale livsvilkår, stundom i drastisk tempo og omfang. Kva var det ved Holland og Skottland på 1500- og 1600-talet som fekk bygdesamfunn på Agder og Nordmøre til å blomstre av handel og sjøfart? Kva skjedde i England på 1700-talet som langt oppe i Gudbrandsdalen skaffa husmenn arbeid og skogeigande bønder eigarinntekter av kommersiell skogsdrift? Kanhende må ein norsk bygdehistorikar skaffe seg kunnskap om svensk sosialhistorie for å skjøne kvifor så mange rallarar eller steinhoggarar i bygda var innvandra svenskar. Og i vår tid: Skal ein som skriv lokal samtidshistorie gjere greie for kvifor grupper av bygdefolket lever på det og det viset, må han eller ho kanskje vinne innsikt i klansystem og religion på Afrikas horn, i dei kristne delane av Eritrea såvel som i det muslimske Somalia. Eller byhistorikaren må granske tilhøva på landsbygda i Punjab. Til dels opptrer grupper av bygdefolket meir i samhandling med samfunnsfellesskap andre stader enn i den bygda dei bur i, kanskje på ein heilt annan del av kloden. Kvar går da grensene for «lokalsamfunnet»?

Seks kjenneteikn

Samfunns- og kulturforskarar har gjort mange freistnader på å formulere kriteriar for kva som utgjer «eigentlege» lokalsamfunn eller «lokale samhandlingseiningar». Eit døme frå ein spesifikt lokalhistorisk samanheng er Ståle Dyrviks formulering av seks kjenneteikn på eit lokalsamfunn: [1]

  1. (Det er ) eit geografisk avgrensa busetnadsområde med hyppigare kontakt mellom menneska innanfor enn på tvers av områdegrensene.
  2. Innbyggjarane kjenner kvarandre og har mangesidig samkvem med kvarandre.
  3. Innbyggjarane har sams normer for sosial åtferd og utøver sosial kontroll over kvarandre.
  4. Området har fellestrekk i ressursgrunnlag, produksjonsliv og materiell kultur.
  5. Området har sams religiøse, rettslege og politiske primærinstitusjonar.
  6. Det finst ein opplevd fellesskap mellom innbyggjarane.

Denne lista er eit fruktbart analytisk utgangspunkt. Men ein ser straks at det ikkje er teke høgde for det tilhøvet at grupper innan bygda, byen eller bydelen kan vere meir integrert i samfunnsfellesskap utanfor enn innanfor dei grensene som ein elles gjer gjeldande for vedkomande lokalsamfunn. Men dei seks kriteriane er heller ikkje uproblematiske om ein byrjar sjå dei i høve til relativt stabile, tradisjonelle norske bygdekommunar ein del tiår attende.

Er kommunen eit lokalsamfunn?

Kommunen er i Noreg den vanlegaste eininga å skrive til dømes bygdebøker for, dei lokale historielaga omfattar gjerne kommunen osv. Men det vil i praksis knapt finnast nokon kommune i landet som oppfyller alle dei seks lokalsamfunnskriteriane, og visseleg ikkje i alle dei historiske epokane som ei by- eller bygdehistorie til vanleg omfattar.

Til dømes vil dei fleste landkommunane i Noreg omfatte minst to av følgjande geografiske eller økologiske soner (jf. kriterium 4): kyst, jordbruksland, skog, fjell. Sjølv om ei av primærnæringane jordbruk, skogbruk, fangst eller fiske skulle vere dominerande i ressursgrunnlag, produksjonsliv og materiell kultur, vil alle bygdesamfunn også ha meir eller mindre sterke innslag av andre primærnæringar og av yrkesgrupper og verksemder innan sekundær- og tertiærsektorane. Det gjeld særleg etter at industrialiseringa og urbaniseringa for alvor byrja å gjere seg gjeldande på 1800-talet, og enda meir da dei tenesteytande næringane i privat og offentleg sektor eksploderte i andre halvparten av 1900-talet.

Ein bykommune vil vere enda meir samansett enn ei bygdekommune både når det gjeld økonomi, yrkesstruktur, sosial- og kulturell variasjon.

I mange tilfelle vil det kanskje berre vere den «politiske primærinstitusjonen» kommunestyret som gjer kommunen til eit «lokalsamfunn», (jf. kriterium 5), og det gjeld berre etter at det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.

Prestegjeld og tinglag

Både før og etter 1837 har den «religiøse primærinstitusjonen» soknet eller prestegjeldet hatt ein liknande posisjon som kommunen. Denne eininga har særleg lang kontinuitet, da mange prestegjeld/sokn har opphav i mellomalderen, og mange av kommunane har følgt dei same grensene som den geistlege inndelinga.

Den «rettslege primærinstitusjonen» tinglaget (krinsen for bygdetinget) var særs viktig i mange hundre år, men hadde mista mykje av si betydning som lokal samhandlingseining lenge før bygdetinget vart endeleg avskaffa i 1927.

Tinglaget var gjerne samanfallande med gammalnorske og mellomalderske verdslege inndelingar som skipreide, herad o.a., og mange stader med prestegjeldet. Men særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg har det mange stader vore manglande samsvar mellom dei verdslege og geistlege distriktsgrensene. Det gamle tinglaget har ofte omfatta meir enn ei av dei moderne kommunane.

Lokale einingar under kommunenivået

For å spore nummer 2 og kanskje nummer 3 av Dyrviks lokalsamfunnskriteriar må ein venteleg ned på nivå under kommunen/prestegjeldet, til grender, skulekrinsar, bydelar, gater osv. Der vil da til gjengjeld kriteriet «religiøse, rettslege og politiske primærinstitusjonar» for falle bort, iallfall om ein ikkje reknar grendeskular, velforeiningar o.l. med blant slike primærinstitusjonar.

Referansar

  1. Dyrvik, Ståle: «Lokalsamfunnet i historieforskninga» i Søkelys på lokalhistoria, NLI 1981.