Ola J. Rise

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ein litt yngre Ola
Foto: Ukjend.

Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp.

Ola og Marit vart gifte i Minnesota høsten 1903. Foto utlånt av Ola Ø. Hoel.

Oppvekst

Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910).

Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.

Etter folkeskulen gjekk Ola framhaldsskule og eit kort handelsskolekurs.

Alt i ungdomsåra vart samfunnskjensla vakt. Han tinga fleire blad og tidsskrift, som til dømes Den 17. mai, Laurdagskvelden og Hans Tambs Lyches Kringsjaa.

Farmen på prærien. Tegnet etter gammelt foto av Tone Rise Viken.

Ungdomslag

Ved inngangen til 1890-åra fall det seg så at Ola fekk væra med å skipa eit leselag i Drivdalen som har fått namnet sitt etter elva Driva. I 1894 vart laget til Drivdalen ungdomslag, som fortsatt er i godt gjenge. I den handskrivne lagsavisa som fekk namnet Drivdølen fekk Ola utfolda seg som redaktør, og debattant – mellom anna om kvinnas rettigheiter. Han vart nærast sjølvsagt, krumtappen i laget. Ja, tilmed som skodespelar i lagets teaterlag vart han eineren.

I utlegd

Det vart ei tid for utviklingstrang og søk etter levemåte. I 1899 reiste han i hop med fleire frå same herad og grend til Amerika. Han tok land på prærien i Dakota, ikkje langt unna Fargo. Her bygde han «farmen» sin, som var på størrelse med ei rimelig stort kaninbur; om lag 8 kvadratmeter. Men det var slett ikkje berre som gardmann han livnærde seg. Han var bladmann, bokhandlar og folketalar. Mellom anna redigerte han ''Minneapolis Tidende'', skreiv reportasjar frå nordmenns kvardag, og gjorde bruk av både poesi og prosa, samstundes han teikna.

Bokhandlarkarriera vara ikkje rett lenge, men posisjonen som talar og opplesar danna etter kvart grunnlaget for Oppdalslaget, som saman med tolkingane av roller i «Hærmænderne på Helgeland», «Jeppe på Bierget» og andre spel, gjorde han kjend i samtidas folk i USA som helst var frå Oppdal.

Familie

Vel etablert i Amerika skriv han til kjærasten, Marit Olsdatter Stuen, som var frå Stuggu skysstasjon på Fagerhaug i Oppdal. Ho var da Au Pair hos ein tysk familie som budde i Wetherby Gardens i London. Kunne ho tenkje seg å bli gardkjerring på farmen hans? Jau då, ho kom, og dei vart vel gifte 14. november 1903. 18. juni 1904 vart sonen Bjarne fødd. Han som noe seinare skulle bli berømt kunstmalar. Neste gong var på Oppdal i 1910; der kom Ragnfrid til verda. Det var ho som seinare skulle verte så god å ha med vevnad. (Sjå illustrasjonen /akvarellen gjort av Bjarne av systera med veven).

Forfattaren

Med han var i Amerika skreiv han to små diktsamlingar; Lasarus Geistus, som vart skriven på stivt bokmål kom ut i Minnesota i 1908. Snø med undertittelen «forteljingar fraa nybyggjarlive paa dei villaste vidder i Vesterheimen» skal i følgje kjeldene ha vorte prenta i Kristiania etter heimkomsten til Oppdal igjen, og der sei ei av kjeldene våre at han kom heim i like før 1910, men listene til Nasjonalbiblioteket oppgjer at boka kom ut i Trondheim i 1909.

Lasarus Geistus var, som tittelen byggja opp under, sterkt prega av forfattarens eige syn på verda og den urett som der rådde. I Snø gjorde han bruk av eit lødigare språk der han òg fekk synt kor gode ord som finnest i dialektane i Oppdal. Men kan hende kan ein sjå dette som ein bonus; for den raude tråden er kampen for tilværet – mot vær og lagnad.

Ein snåptur heimom

På det leite at Bjarne var fem år vart foreldra einige om å ta ein tur heim, til Oppdal for å sjå om foreldre og sysken. Like før årsskiftet kom dei fram, og dei var einige om eitt år i gamlelandet. Men da dottera Ragnfrid vart fødd sumaren 1910 kom dei fram til ei anna løysing.

Gardkjøp

Den vesle fjellgarden Stubban på Nordskogen i Oppdal vart kjøpt, og her vart dei buande i meir enn 30 år; heilt til sonen Olav Ivar (1912-2002) kjøpte garden Nordmjøa.

Kulturberaren

Tilfellet ville at det var ei ledig stilling som redaktør i bygdebladet Fjellposten da Ola kom heim. Her regjerte han i fleire år. Men noko seinare, i 1918 gjekk bladet inn i Søndre Trondhjems Amtstidende med redaksjon på Orkanger. Det arbeidsstykkje som då vart gjort av Ola har fleire søkt å karakterisera; Tore Fagerhaug seier det slik: «Det var ein luggum jobb åt han - (Ola J. Rise)», mens Olas 16 år yngre sambygding, Inge Krokann meinte at han «lyfte det journalistiske nivået i det vesle bladet opp på ei høgd som få er klar over».

Olav Dalgard – fødd Olaf Hansen, frå Folldal, og med ei svært så rik oppvekst i Oppdal har fortald om det fyste litterære foredraget han opplevde, der han høyrde Ola las or «Peer Gynt», og at han elles såg på Ola J. Rise som en stolpe for alt kulturliv i Oppdal i ungdomsåra: «Han vart en føregangsmann for alle oss unge oppdalingar som seinare har arbeidd med kunst og dikting», uttala Dalgard.

På Nordskoga fekk han stifta mållaget «Folkevår», som etter ei tid vart brigda i 1930-åra.

Marit og Ola på troppa på Nordmjøsetra 1944
Foto: Ivar Hoel.

Ungdomslag

I ungdomslaga vart Ola òg ein ressurs, han las, deklamerte og spela – skodespel så vel som på fela si, eigne så vel som andre sine slåttar og spel. Laga sine turar i skog og mark vart og åstad for Ola sine mange innspel, musikalske og meir av ålmennkulturell verde. Han kunne kåsere om gamle stadnamn, fjell og hei og kunne også forklare tydinga av namna dei gamle hadde lagt på stadane.

Han nøydde seg ikkje med dei heilt lokale ungdomslaga; til liks med andre kulturpersonlegdomar i tida reiste han rundt og auste av si kunne og visdom – til ungdomslag i andre bygdelag, kvar vinter i alle fall fram til ut på 1930-åra. Det gjekk ikkje betre til enn at berre namnet Ola J. Rise sto på plakaten, var det nok til å fylle ungdomshusa, enten dei låg i Sør-Trøndelag, Hedmark, Oppland, Møre hell Hardanger.

Nokre klipp frå samtidige presseoppslag er gode døme på kor trøysam og god han var: «Talentfuld oplæser», «Peer Gynt ... med kunstnerisk fremførelse”, ”Festgleda nådde høgda daa Bladstyrar, bokmann Rise fortalde.», «Deklamatoren var reint ein trollmann, slik som han kunne meistre røysta si», «Ola Rise læste godt, de morsomme ting rigtig fortræffelig».

Måleriutstelling

Det var ikkje rett mange målarutstellingar på bygda rundt førre århundreskifte, men i det gamle ungdomshuset på Nordskoga fekk Ola væra med på å få i stand ei utstilling av nokre av måleria som den finske rallaren John Oscar Johansson hadde fått måla med han var arbeidskar oppi Stubbom, men her var og skilderi laga av Marie Nissen (kona til dr. Nissen) samt oppdalingane Mikal Hoel og Ola J. Rise. Det skal ha vært rallaren som fekk Ola til å måle.

Då han vart eldre kåserte han også i radioen.

Sjølv skreiv han jo dikt, men å få han til å lesa opp dei, var han for smålåten til. I 1958 vart det publisert ei bok med dei beste dikta hans: I solfallsbrann.

Ragnfrid med veven. Akvarell av Bjarne Rise
Foto: Helga Hoel.

Den fredsæle

Ola Rise sitt fredskort frå 1916

Det er vorten sagt om han Ola at alt han gjorde var for den store og omfangsrike målsettinga; toleranse og fred mellom menneska. Verdskrigen 1914-1918 vart difor ei stor vonbrot for han. I 1916 laga han eit fredskort, for eiga rekning og risiko. Det vart publisert på landsmål og bokmål i Norge, men også i Sverige og Danmark gjekk kortet med den manande teksten: «Vor broder myrdet 1914-1916. Større og vislegare er liv for manneætta enn død og draap for fyrster og landegrensor.» Vi ser at han ville utrette noe for fred og avspenning.

Avholdsmannen

Fleire forhold tyder på at han var en av de mange som melde seg inn i den lokale avdelinga av Det Norske Totalavholdsselskap; Nordskogen totalafholdslag som vart stifta i 1901 av lærer og kirkesanger Ole Larsen Solem, som også var avholdsagent for Trondhjems fylke af D. N. T., og som i 1905 endra namnet sitt til Nordre Nordskogen avholdslag da 66 medlemmer gikk ut og skipa Søndre Nordskog avholdslag. Men han såg langt lenger enn inn i eiga stove den karen, så losje Nordskogen av IOGT fekk og nyte godt av arbeidskrafta hans Ola.

Historikaren

Oppdalsboka

Historikaren i Ola J. Rise vart for alvor vekt i 1919. Då var han deltakar på eit folkeminnegranskarkurs på Hamar. Vel heimkomen vart han med på å skipa «Historielaget for Orkdølafylket» den 5. januar 1920. Her vart han både formann og skriftstyrar i lagets årbok Orkdølafylket . Alt i 1921 vart han styrelem i Landslaget for Bygde- og Byhistorie.

Likevel; det er i høgste grad Oppdalsboka som ragar høgast av alt han gjorde. Det vart eit verk på to band på 367 og 398 sider med undertittelen Historie og folkeminne. Da Johan Falkberget skreiv si meining, sa han mellom anna at «Oppdalsboka er folkets og bondens saga – om fjellbondens harde liv fra de eldste tider. (…) Større og mindre hendinger gjør oss stillfarende delaktig i menneskenes sorger og gleder».

Språket i storverket hans er eit godt døme på oppdalsdialekta i skriftleg form.

Politikaren

Det blir feil å seie at Ola J. Rise rakk høgt i politikken. Han var av dei som fylde plassen sin, i tre periodar i heradsstyret, der ein av dei også førde han inn i formannskapet. Kor mykje av ein sosialdemokrat han eigentleg var, skal vi heller ikkje mase om, men han sto på Arbeidarpartiet sine lister, både til Stortingsval og kommuneval.

In memoriam

Hallvard Nerlo skreiv desse linene i eit minneord om Ola, då han døydde i 1954:

  • Det søgje frå høom. Det susar stilt:
  • Her har vi mist noko vart og mildt.
  • Ein såmann er borte. Hans plass står tom.
  • Det er ingen her som kan fylle hans rom.

Kjelder