Olav Riste

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Olav Riste (fødd 6. september 1884, død 6. desember 1967) var skulemann, bladmann og lokalhistorikar i Volda. Han gjekk ut av mellomskulen i Volda i 1902 og vart student ved Hambros skole i Bergen i 1905. I 1910 vart han medeigar av det private Volda millomskule og gymnasium saman med Johan Fredrik Voss. I 1912 tok han embetseksamen.

Riste var frå 1917 skriftstyrar for Aarsskrift for Volda sogelag der han skreiv omfattande artiklar om lokalhistoria til heimbygda. Han skreiv òg lokalhistoriske og andre stykke i Syn og Segn, Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag, Bergens Historiske Forenings Skrifter og andre stader. Han skreiv òg kapitlet om Rotset i Voldasoga bd. 2 (1971).

Olav Riste var son av Per Riste (1846–1930) og Synnøve Riste (1858–1889). Han var nummer to i ein syskenflokk på fire.

Kjelder

  • Nerbøvik, Jostein 1984a: Føreord. I Voldaminne Årsskrift for Volda sogelag 1917-1947 s. 3-4.
  • Nerbøvik, Jostein 1984b: Olav Riste - ein bibliografi. I Voldaminne Årsskrift for Volda sogelag 1917-1947 s. 260-263.