Olav Reinton

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Olav S. Reinton»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911.
Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993.
Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.

Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.

Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Olav Reinton var tilsett som heradskasserar frå 1904 til han døyddde i 1916. Han verka også som organist i Holskyrkjene.

Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte.

Fotnoter

  1. Alsvik, 1993.

Sjå også

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Olav Reinthon på Digitalt museum.
  • Olav Reinthon på KulturNav
    • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980.
    • Hallingdølen 11.08.1984, 08.11.1984, 19.07.1990, 21.10.1993, 08.01.1994
    • Fremtiden 12.06.1989
    • Norsk fotografisk tidsskrift 83(1997) :1, s. 39
    • Upublisert materiale i Preus museum (2013)
  • Alsvik, Marit Karin: Bilete frå Hol : kvardag og høgtid i gamle Hol, formidla av fotografen Olav S. Reinton. Hafrsfjord forl., 1993. Digital versjonNettbiblioteket
  • Olav S. Reinthon i folketelling 1910 for Hol herred fra Digitalarkivet.

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Olav Reinton er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.