Randi Solem

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Randi Solem. Etter samtidig maleri.

Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen, var ho kjend som Randi Løvaas.

Bakgrunn og familie

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss, men ho vart boren til dåpen 18. februar 1776. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forsæt (fødd ca. 1744). Randi hadde fleire sysken. Fire av dei budde i likskap med henne sjølv på foreldregarden i 1801, utan at vi kjenner til om dette var heile syskenflokken. Den eine systera, Berthe, vart også ein kjend haugiansk forkynnar.

Randi Andersdotter Løvaas gifta seg den 25. mai 1797 med soldaten Haagen Erichsen Nideng. Dei fekk sonen Haagen, døypt 8. april 1798. Ektemannen døydde litt før guten deira vart fødd. Som enkje vart Randi verande på Lauvåsen i tre-fire år. I folketeljinga 1801 er ho registrert som innerst hjå foreldra, og livnærde seg sjølv og barnet ved spinning og veving. Det same året drog ho til Bergen for å arbeide som bokbindarassistent ved Hans Nielsen Hauges verksemd der.

Den 9. juli 1805 gifta Randi seg i Trondheim med haugianaren og forretningsmannen Arnt Bjørnson Solem frå Klæbu (1777-1857). Som Randi kom også han av bondestand. Han byrja karrieren sin i Trondheim som snikkar. Ekteparet fekk fleire born, men det vart berre sonen Fredrik som voks opp.

Haugianar

Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauges besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.

Mangfaldig verksemd og skiftande bustader

Ektemannen Arnt Solem hadde slått seg opp som næringsdrivande borgar i Trondheim, og familien blir karakterisert som velståande, ja rik. Dei hadde forretningsgård (og bustad?) blant det høgaste handelsborgarskapet i Søgaden (Kjøpmannsgata). Blant fleire store eigedomar åtte dei garden Vestre Moholt i Strinda, der dei innreidde kjøkkenet til forsamlingslokale som kunne romme 100 menneske, og som vart ein sentral møteplass for haugianske oppbyggingar. Dei selde Moholt i 1822 til ein annan framståande haugianar, Iver Iversen.

I 1824 selde Arnt Solem verksemdene sine der og flytta med familien til Christiania. Som i Trondheim dreiv han utstrekt produksjons- og handelsverksemd. Dei budde fyrst i ein gård som dei bygde på ei branntomt i Kongensgate, men flytta seinare til Sandaker, der heimen deira gjennom 1830-åra vart møtestad for haugianarar og andre åndeleg interesserte.

I 1840 flytta familien Solem attende til Trøndelag, der dei budde ulike stader i nærleiken av Trondheim, mest på garden Øvre Stavne i Strinda, som sonen Fredrik kjøpte same året dei kom attende til Trøndelag. Randi og Arnt Solem fekk skilt ut parsellen Breidablikk, der dei båe enda sine dagar.

Herrnhutisme og grundtvigianisme

I 1822 hadde forstandar for Brødremenigheten (herrnhutarane) i Christiania, Nils Johannes Holm, besøkt Trondheim, og både Randi og Arnt Solem vart påverka av han. I Christiania fekk dei Holm som nabo, og deltok ein del i Brødremenighetens møteverksemd. Randi Solem søkte altså vidare enn til haugevenene i si religiøse orientering. Men interessa for herrnhutismen avtok. Dess meir vart Randi Solem oppteken av N.F.S. Grundtvig, og ho vart ein viktig pioner for den læra som seinare i århundret skulle få så stor innverknad i Noreg. Ho vart introdusert for grundtvigianismen i 1827, truleg av fargar P. Sørensen. Frå da av stod særleg ho, men også ektemannen Arnt og sonen Fredrik i brevveksling med Grundtvig. Dei tre drog i 1836 til København for å treffe Grundtvig personleg, og Fredrik Solem besøkte Grundtvig på nytt året etter. Randi Solem verka som kommisjonær for Grundtvigs skrifter i Noreg. Heimen til Randi og Arnt Solem har vore kalla «eit norsk drivhus for Grundtvigs nye kyrkjetankar» (Skrondal, sitert av Aarflot), der dei fremste av dei tidlege grundtvigianarane møttest, så som W.A.Wexels, Olaus Vullum og Ole Vig.

Randi Solem ivra for å få starta ein folkehøgskule i Grundtvigs ånd. I 1838 var StorhamarHedmarken til sals, som ho meinte ville passe godt. Desse planane vart det rett nok ikkje noko av, men det er verd å merke seg at den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun, vart reist vel 25 år seinare i nærleiken av Storhamar.

Kjelder og litteratur