Rasmus Haugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus Haugen.
Foto: Ukjent

Rasmus Haugen (fødd i Skjåk 11. februar 1854, død same stad 1. mars 1929) var underoffiser, bonde og lokalpolitikar i Skjåk. Han var husmannsgut, men vart gardbrukar og rekna som ein av dei fremste menn i bygda i si tid. Han var ordførar i 1905-1907.

Bakgrunn og oppvekst

Foreldra var husmann og skomakar Ola Rasmussen (f. 1819) og Gunhild Larsdotter (f. 1823). I kyrkjeboka både under dåpsinnførsla for Rasmus og vigselen til foreldra står det at dei da bur «ved Øvre Grimstad». Kanhende hadde dei allereie da plassen Haugom under same garden (gnr. 42.2 Øvre eller i lokal daglegtale Nordistun Grimstad). Familien er iallfall på Haugom i folketeljingane 1865 og 1875. [1]

Faren er framleis buande på Haugom i 1900.[2] Han var da enkjemann og føderådsmann. Plassen hadde i mellomtida vorte sjølveigande småbruk (gnr. 42.5). Mor til Rasmus døydde tidleg, og faren gifta seg i 1875 opp att med Rønnaug Larsdotter Kvernroen (f. 1826). Rasmus var eldst i ein syskenflokk på fem, alle i farens fyrste ekteskap.

Underoffiser

I folketeljinga 1875 finn vi Rasmus Olsen Haugen som «soldat skoleelev» ved Fredriksten festning i Fredrikshald (Halden), dvs. på underoffisersskulen der.[3]. Det framgår elles av folkteljingsinnførsla at Rasmus hadde selskap av tre andre underoffiserselevar frå Skjåk: Lars Olsen Tøfte, Iver Amundsen Hjelter og John Olsen Grimstad. Rasmus vart uteksaminert i 1876, og tilsett som sersjant ved Gudbrandsdals bataljon i 1880. Han avanserte til furer i 1904 og kommandersersjant i 1909. Ved hærreformen i 1911 vart Haugen beordra til teneste ved 8. kompani (Ringsaker og Nes), Østoplandenes regiment. Han fall for den militære aldersgrensa i 1914.

Om Rasmus Haugen hadde noko anna enn folkeskulen før han kom inn på militærutdanninga, er uvisst. Det er godt tenkjeleg at den openbert evnerike husmannsguten har fått nytta seg av kveldsskuleundervisning (framhaldsskule) for konfirmert ungdom som vart sett i gang i Skjåk frå 1868. Han må akkurat ha gått glipp av den amtsskulen for Gudbrandsdalen, som starta opp i Skjåk vinteren 1876-1877.

Familie og gard

Rasmus Haugen gifta seg i 1884 med Guro Iversdotter Kummen (f. 1859) frå ein gard i Reppen. Same året fekk han kjøpt den gode garden Øvre Hjeltar (gnr. 60.1) på Ramstadstronda.[4] Rasmus og Guro fekk tre born saman. Guro døydde i 1889.

Fire år seinare gifta Rasmus seg om att med Anne Amundsdotter Grimstad (f. 1861), også ho gardmannsdotter frå Reppen, frå den same garden som foreldra til Rasmus var plassfolk under. Anne og Rasmus fekk seks born saman i tidsrommet 1894-1906. Rasmus og Anne Haugen dreiv Øvre Hjeltar til dei overlet garden til sonen Olaf overtok i 1918. Sidan var dei føderådsfolk der.[5]

Offentleg verksemd

Rasmus Haugen vart vald inn i kommunestyret i 1890, og sat fyrst ei periode til 1892. Han var inne på nytt 1894-1899. Siste perioden han sat var 1905-1907, da han også var ordførar. Det ser deretter ut til at han gav seg ut av politikken. Vi har ikkje kjennskap til kva politisk linje Haugen stod for. Frå fyrst av er det rimeleg å tru at han var venstremann, aktiv som han var i skyttarlaget saman med grannen på Nedre Hjeltar, venstreleiaren Christian A. Hjelter. Dei to var båe med ved stiftinga av skyttarlaget i 1882.

Haugen sat i styret for Skjåk Almenning med mindre avbrot tiåret 1889-1899, og på nytt 1909-1911. Han hadde også andre tillitsverv i bygda.

Referansar

  1. Haugom i folketeljinga 1865 for Skjåk frå Digitalarkivet Haugom i folketeljinga 1875 for Skjåk frå Digitalarkivet
  2. Nørdre Haugom i folketeljinga 1900 for Skjåk frå Digitalarkivet
  3. Rasmus Haugen i 1875 for Fredrikshald (Halden fra Digitalarkivet
  4. Panteregisteret.
  5. Øvre Hjeltar i folketeljinga 1900 for Skjåk frå Digitalarkivet Øvre Hjeltar i folketeljinga 1910 for Skjåk frå Digitalarkivet


Kjelder og litteratur