Rennebu kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Rennebu kirke)
Hopp til: navigasjon, søk
Rennebu kyrkje
Foto: Olve Utne

Rennebu kyrkje er ei såkalla Y-kyrkje bygd i 1669 på same plass som det hadde stått ei eldre stavkyrkje. Byggmeister var Ole Jonsson Hindrum eller Brodal. Alter, altertavle og det gamle korskiljet var laga av Ole Biltsnider i 1672. Fram til 1862 var Rennebu annekssokn i Meldal prestegjeld. I 1870- og 80-åra vart det gjennomført betydeleg vedlikehaldsarbeid m.a. med ny panel både innvendig og utvendig og takskifer.

I 1940-åra synte det seg at det var behov for ny oppgradering. Arkitekt John Tverdahl fekk ansvaret for restaureringsarbeidet, som var ferdig i 1952. Da var m.a. det innvendige panelet fjerna og tømmerveggane kom fram att.

Litteratur

  • Rennebu kyrkje 300 år 1669-1969. Utgjeven av Rennebu sokneråd

Koordinater: 62.87615154° N 9.83348471° Ø