Setebo (Bykle gnr 2/113)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Setebo
Utskilt: 1967
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 113
Type: Bustadseigedom

Setebo er eit bustadhus nordom Hovden sentrum, oppført 1966 av Vigdis Brodersen Ruud og dåverande ektemake Herbert Bachmann, sidan overteke av henne åleine.

Elin Vigdis Brodersen (Ruud) Bjørnerud, f 1938

g 1. 1959-1976 m Herbert Bachmann, f 1935. Born:
  • Mikkel Alex f 1960, ing., sb m Jane Kristin Fosse, busett Hafrsfjord (jfr. Belglii 32, bnr 440). Barn:
  • Stine Beate, f 1988
  • Kim André, f 1986
  • Jørn Stian, f 1989
  • Arne Nicolay, f 1993
  • Kine Helene, f 1997
  • Peik Holger Herbert, f 1965, salskonsulent, busett Kristiansand, g m Grethe Årikstad, Kristiansand, born:
  • Benedicte, f 1994
  • Mats Edwin, f 1996
  • Gry Vigdis, f 1969, travtrenar, busett Birkenes, ug
g 2. 1987 m Kåre Bjørnerud, f 1931, ikkje born.

Vigdis er fødd i Oslo som dotter åt Inger Gull og Martin Peder Ruud. Ho kom til Hovden i 1966, saman med den dåverande ektemaken sin. Han var den fyrste direktøren på det nye Hovden høyfjellshotell, og ho arbeidde også på hotellet. I 1970 opna dei serveringsstaden Triangel Sportell, og dreiv denne verksemda saman til 1975.

Herbert Bachmann kom frå Bad Karlshafen i Tyskland. Foreldra heitte Amalia og Friedrich Bachmann. Systera, Brigitte, kom etter til Hovden i 1970, og arbeidde ved Sportellet. Ho bur nå (2006) i Belglii 19, og vert presentert der. Herbert budde på Hovden til kring 1990, då han flutte attende til Tyskland. Sidan har han teke ut til USA.

I 1975 overtok Vigdis drifta av kunsthandverksbutikken åt Morten Henriksen i Fjellgardstun, bnr 20, og heldt fram med denne til 1982. I 1977 kaupte ho og Leif H Svendsen kvar sin halvpart av den eigedomen, i 1982 overtok han hennes halvpart.

Kåre Bjørnerud er fødd i Søndre Land som son åt Andreas og Karen Mathea Bjørnerud. Han flutte til Bykle i 1988, etter at han og Vigdis hadde gift seg i Oslo året fyre. Han er jurist og siviløkonom, og har drive advokatforretning, fyrst i Oslo og sidan frå eit kontor i Edland. Han er politisk interessert, og har representert Venstre i Bykle kommunestyre.


0941 Bykle komm.png Setebo (Bykle gnr 2/113) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Dalheim • Neste bolk: Solheim