Skeisteinen på Molandsmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skeisteinen. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Skeisteinen på Molandsmoen er ein runestein i Fyresdal. Her i bygda kjenner vi til at det har vore til saman tre runesteinar. Det vil sei steinar med sikker innskrift med runer.

Den steinen som truleg er best kjent, og lett tilgjengeleg der den står på Molandsmoen, er Skeisteinen.

I Molands Præstegjeld skal (ifølge Budstikken 5. årgang 1824, S.1 91) imellem Veum og Molands Kirke findes en Bautasteen med Runeskrift. (Topographisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriket Norge. Av Jens Kraft. Del III Christiania1826. s. 212.)

Den fyrste som fortel om hesteskeiet i Fyresdal er Oslo-bispen Nils Glostrup. Han skriv om dette frå ei visitasreise i 1618: ”En liden fjerdingsweys fraa Fyrrisdall kommer aff omliggende Sogner S. Bartholomæi daag en hell hob bønder med deris heste, och der maa hestene bidis paar och paar, ligesom forordned bliffuer, med mening att huilked Aar hestene bidis vell schall bliffue itt gaatt Aar, et econtra.”

Willes framstilling

Den minste av Skeisteinane (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Det er også hestekampen H. J. Wille (1786) serleg har festa seg ved: ”Paa Molandsmoen, en kort Fjerding fra Præstegaarden, er en slet Plan, hvor der har staaet fire spidse Stene opreiste, der har utgjort en Firkant til Kampplads for Kjæmperne i gamle Dage. Nu omstunder holdes derimot et lidet Marked med Heste den 14. August, da man rider for at probere sine Heste og endelig løslader dem for at figtes om en Hoppe, som en mand holder midt paa Pladsen og med en lang Stang forsvarer, indtil en har vundet Magt over dem alle. Den ene av disse igjenstaaende Stene har en Runeskrift.” Av dei nemnde 4 steinane er det framleis bevara to stykke, dei står på kvar si side av riksvegen. Den som står på vestsida, tett ved vegen, har ei runeinnskrift. Den andre, som står litt lengre frå vegen, har inga innskrift. Runesteinen har tre jamne sider der to er nytta til runeinnskrift.

Tyding

Innskrifta er tyda slik: ”Torolv skreiv. Den skal råde (desse) runer, som låner (til ein annan) stigbøyle.” Innskrifta er forma som ein lovbestemmelse, det er rettsspråket sin stil som skin gjennom. Den som har forma ordlydnaden er truleg ikkje den som har rista runene. Ei tolking er at denne steinen har vore ein straffereiskap, ei ”tremerr”, der ein sat overskrevs utan å nå bakken med føtene. Av og til vart det bunde noko tungt til føtene i tillegg, ein ”stigbøyle”, (humoristisk), men dette var ikkje lov. Den som knela for å binde på ein ”stigbøyle” skulle då som straff verte liggande på kne og lese desse runene, lese lova! Tolkinga er usikker, innskrifta er framleis ei utfordring, den bør lokke til vidare studium.

Illustrasjon hentet fra boken "Fyresdal" av Taraldlien, Bendik og utgitt av Cammermeyer (Kristiania, 1910)
Foto: Ukjend / "Fyresdal" skannet side nr. 78. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Kjelder

  • Kraft, Jens: Topographisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriket Norge. Del III Christiania 1826. s. 212.
  • Lund, Johann Michael (Prokurator): Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Kjøb.1785
  • Olsen, Magnus: Norges innskrifter med de yngre runer. Utgjeve for Kjeldeskriftfondet med hjelp i forarbeider av Sophus Bugge, Oluf Rygh og Ingvald Undset. Oslo 1951.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal 1910 s. 51.
  • Wille, H.J.: Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)

Ekstern lenke