Aasbjørn Slettemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aasbjørn Slettemark (fødd 3. november 1890 i Naustdal, daud 14. mai 1918 same sted) var lærar og norskdomsmann.

Han var son av gardbrukar Jakob Slettemark og Ragnhild f. Myklebust, som kjøpte garden Slettemark i Naustdal. Stortingsmann Jacob Myklebust var onkelen hans. Etter Sunnfjord ungdomsskule og Nordfjordeid millomskule flytta Aasbjørn Slettemark til hovudstaden i 1909. Her tok han eksamen artium ved skulen på Hauges Minde i 1911, tok si militærtjenst og gjekk kort tid på Krigsskulen.

Foreldra som hadde røter i Breim «tok med fraa Breim eit radikalare og norskara syn enn det som raadde i Naustedalen, daa dei kom dit», het det i eit minneord. Allereie som born skreiv Slettemark i Norsk Barneblad og det liknande bladet Næmingen. Som ungdom og ung vaksen skreiv han mest i Unglyden i tillegg til For bygd og by, Den 17de Mai, handskrevne lagsavisar og anna. I hovudstaden markerte han seg i Bondeungdomslaget, mellom anna som bladstyrar, og som ein av «dei mest hugheile norskdomsfolk» var han òg med i Miklagilde og Ole Bull-laget. Eit utval av tekstane hans vart utgjeve i 1931.

Filologistudiar ved Universitetet vart avbrotne grunna sjukdom, men i 1913 tok han tilleggsprøve ved Elverum lærarskule og kunne endeleg byrje karriera som lærar. I 1914–15 var han lærar ved Vefsn folkehøgskule og 1915–17 ved Stauris folkehøgskuleHundorp. Igjen vart han sjuk, av same sjukdom som øydela universitetsstudia, pleuritt, og etter ei tid på Luster sanatorium og Rikshospitalet døydde han heime på Slettemark, berre 27 år gamal.

Kjelder