Georg Døderlein Greve (1808-1879)

Georg Døderlein Greve, fødd 13. august 1808 i Hamre i Osterøy[1], død 7. juli 1879 i Bergen, var prest.

I 1843, då Greve var sokneprest på Nesna, vart dette våningshuset bygd på prestegarden. Maleri av Johan Anton Olsen frå 1880-åra.

Greve var sønn av Jan Arent Greve (1775-1840) og Magdalena Margrethe, f. Fritzner (1771-1847). Han vart gift med Ulrikke Olava Greve, fødd Olsen. Dei hadde seks barn, mellom dei dattera Ulrikke.

Han vart cand.theol. i 1831, og var frå 1833 personleg kapellan i Tysnes prestegjeld. Frå 1842 til 1850 var han sokneprest i Nesna, frå 1845 også prost i Nord-Helgeland prosti.[2] Lokalhistorikaren Øyvind Jenssen skriv at Greve «skildres som en lærd mann, men noe svakelig, og han led av en brystsjukdom.» Han skildrar han og som ein «typisk opplysningsprest» som i liten grad klarte å engasjera folk kjenslemesssig.

I 1850 vart Greve sokneprest i Os prestegjeld kor han gjorde teneste til 1873. Nils Tveit siterast i jubileumsskriftet for Os kirke på at Greve «var den siste presten i Os av den gamle skulen, av dei som heldt på at presten skulle råda i bygdi og stødt syna at han stod høgt over vanlege bygdefolk».[3]. Greve var og ordførar i Os kommune.


Kjelder


Referanser

  1. Jenssen skriv at Greve var frå Hamarøy, det er feil, jfr Georg Døderlein Greve i Ministerialbok for Hamre prestegjeld 1805-1815 fra Digitalarkivet
  2. Bie 1885, s.8
  3. Os kyrkje 125 år, s.21


Artikkelen Georg Døderlein Greve (1808-1879) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.